Lokalradio, lokal-tv, podkast og ikkje-direktesende bildeprogram med sendingar for eit lokalt publikum, kan nå søke Medietilsynet om støtte for 2026. Til saman 24,7 millionar kroner skal fordelast gjennom tilskottsordninga for lokale lyd- og bildemedium i 2026.
Nyhetssaker
Illustrasjonsfoto: podkaststudio.
Lokalradio, lokal-tv, podkast og ikkje-direktesende bildeprogram med sendingar for eit lokalt publikum, kan nå søke Medietilsynet om støtte for 2026. Til saman 24,7 millionar kroner skal fordelast gjennom tilskottsordninga for lokale lyd- og bildemedium i 2026.
Fristen for å søke tilskott er 28. januar 2026.
– Tilskottsordninga er eit viktig verkemiddel for å sikre eit breitt og mangfaldig lokalt medietilbod over heile landet, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet.
Digitaliseringsstøtta skal bidra til å lette overgangen frå FM-sendingar til sendingar på DAB og andre digitale flater for lokalradio. Overgangen til digitale sendingar er krevjande for lokalradio, og medfører utgifter som særleg dei minste radioane vanskeleg kan dekke aleine.
Det blir gitt både driftsstøtte til digitalisering og støtte til utbyggarar av digitale lokalradionett.
Tilskottsordninga omfattar også programstøtte til podkast og bildeprogram for eit lokalt publikum, som ikkje blir sendt direkte. Stadig meir konsum av levande lyd og bilde skjer ikkje-lineært.
– Slike tilbydarar har ein spesiell appell til unge målgrupper, og vi håpar at fleire lokale podkast og bildeprogram som ikkje blir sendt direkte kan kvalifisere for støtte i 2026, seier Sekkelsten.
I tillegg til å søke om støtte til digitalisering og programproduksjon, kan det søkast støtte til kompetanse- og utviklingsprosjekt. Lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper og nasjonale bransjeorganisasjonar kan vidare givast driftstilskott.
Du kan lese meir om støtteordninga i vår reviderte rettleiar på Medietilsynets nettsider her.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Medietilsynet fordeler nær 25 millioner til lokalkringkasting | 0 | 5 | 23-06-2026 |
| 2 | Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media | 0 | 5 | 30-04-2026 |
| 3 | Nær 24 millionar til innovasjonsprosjekter | 0 | 5 | 01-09-2025 |
| 4 | Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur | 0 | 5 | 19-03-2026 |
| 5 | Medietilsynet fordeler 23,5 millionar til innovasjon | 5 | 7 | 22-12-2025 |
| 6 | Samiske aviser får nær 44,4 millionar kroner i støtte | 0 | 5 | 10-10-2025 |
| 7 | Hard kamp om innovasjonsstøtte til media | 0 | 5 | 20-10-2025 |
| 8 | Avisene kan søke om 456 millionar kroner i produksjonstilskott | 0 | 5 | 30-01-2026 |
| 9 | Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet | 0 | 7 | 12-06-2026 |
| 10 | Deler ut drøyt fem millioner kroner til medieforskning | 0 | 5 | 09-02-2026 |