Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media

Дата публикации: 30-04-2026 10:00:20

Medietilsynet skal fordele 24 540 000 kroner i innovasjonsstøtte i 2026, og opnar nå for søknader.

Основное содержимое страницы с новостью.

  1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Ei kvinneleg journalist holder høyre arm i veret for å filme med telefonen sin. I venstre hand har ho ein mikrofon, og det heng eit kamera rundt halsen. I bakgrunnen løper mange mennesker forbi med startnummer på brystet. Illustrasjonsbillete, journalist i arbeid.

Medietilsynet skal fordele 24 540 000 kroner i innovasjonsstøtte i 2026, og opnar nå for søknader.

Prosjekt som kan få støtte, kan for eksempel vere redaksjonell, innhaldsretta innovasjon eller prosjekt som stimulerer til deling og samarbeid. 

– Innovasjonsstøtta skal gjere det lettare å digitalisere og drive innovasjon, særleg for små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

I fordelinga av midlar vil Medietilsynet prioritere lokale samarbeidstiltak som gjer at midlane kjem flest mogleg til nytte, tiltak som gjer at avisene blir mindre avhengige av papir, og prosjekt frå aviser som har ein stor del av økonomien knytt til papirutgiving, og som har ein stor del av papiropplaget distribuert utanfor tett busette område.

Vidare prioriterer Medietilsynet prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar.

Ny forskrift i fjor – fleire kan få

I 2025 vedtok Kultur- og likestillingsdepartementet endringar i forskrifta for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Endringane opnar for at fleire typar medium kan søke støtte.

Tidlegare måtte media oppfylle ei rekke innhaldsvilkår. Dei generelle vilkåra i forskrifta blir nå knytte opp mot verkeområdet til medieansvarslova, noko som gjer at ein breiare krets av medium enn tidlegare kvalifiserer til å få tilskott.

– Dette betyr for eksempel at fleire medium med fag- og djupnejournalistikk kan få innovasjons- og utviklingstilskott, seier Sekkelsten. 

Søknadsfristen er 11. juni. Medietilsynet tar sikte på å behandle ferdig søknadene hausten 2026.

Det er viktig at alle søkarane lastar opp dokumentasjonen dei blir bedde om innan fristen. 

Har du spørsmål om innovasjonsstøtta, kan ta du ta kontakt med Lina Dahle på eposten mediestotte@medietilsynet.no.

Fakta om innovasjonsstøtta:

  • Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
  • Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
  • Prosjekter i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium skal prioriterast.
  • Etter ei revidering i 2025 er det færre krav til innhald, slik at fleire kan kome inn i ordninga.
  • Prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioriterte.
  • Det gjer óg lokale samarbeidstiltak som gjer at midlane kjem flest mogleg til nytte, tiltak som gjer at avisene blir mindre avhengige av papir og prosjekt frå aviser som har ein stor del av økonomien knytt til papirutgiving, og som har ein stor del av papiropplaget distribuert utanfor tett busette område.

  Abonner på nyheter (RSS)

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Nær 24 millionar til innovasjonsprosjekter0501-09-2025
2Medietilsynet fordeler 23,5 millionar til innovasjon5722-12-2025
3Hard kamp om innovasjonsstøtte til media0520-10-2025
4Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium0518-12-2025
5Medietilsynet fordeler nær 25 millioner til lokalkringkasting0523-06-2026
6Fem millionar kroner til forsking på medier og dataspill0528-08-2025
7Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur0519-03-2026
8Deler ut drøyt fem millioner kroner til medieforskning0509-02-2026
9Fiskeri og havbruk: planlagde utlysingar til nye prosjekt i 20260516-02-2026
10Samiske aviser får nær 44,4 millionar kroner i støtte0510-10-2025

Классификация: Национальные проекты. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5. Источник: www.medietilsynet.no.