Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Hard kamp om innovasjonsstøtte til media

Дата публикации: 20-10-2025 13:48:10

Medietilsynet skal fordele nær 24 millionar kroner i innovasjonsstøtte i år. Da søknadsfristen gjekk ut før helga, hadde 87 søknadar kome inn, med ønske om til saman meir enn det dobbelte – nær 60 millionar kroner.

Основное содержимое страницы с новостью.

  1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Tre personar står ved ein pult i eit redaksjonslokale og ser mot ein pc-skjerm. Den ene peiker mot skjermen. Illustrasjonsfoto frå redaksjon

Medietilsynet skal fordele nær 24 millionar kroner i innovasjonsstøtte i år. Da søknadsfristen gjekk ut før helga, hadde 87 søknadar kome inn, med ønske om til saman meir enn det dobbelte – nær 60 millionar kroner.

Tidlegare i år vedtok Kultur- og likestillingsdepartementet endringar i forskrifta for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Endringane opna for at fleire typer medium kunne søke støtte frå i år.

– Det er mange som har prosjekt dei ønsker støtte til, og det er søkt om støtte til fleire prosjekt enn i fjor. Vi veit ikkje ennå om det er endringa i forskrifta som har ført til auken, men vi har fått 16 fleire søknadar i år enn i 2024, seier fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.

Prioriterte prosjekt

Ved utlysinga gjorde Medietilsynet det klart at prosjekt med digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar vil bli prioritert i tildelinga.

Medietilsynet skal behandle ferdig søknadene før jul. 

Fakta om innovasjonsstøtta 

  • Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
  • Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
  • Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
  • I ei ny revidering i 2025 er det færre krav til innhald, slik at fleire kan kome inn i ordninga.
  • Prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioritert.

  Abonner på nyheter (RSS)

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Nær 24 millionar til innovasjonsprosjekter0501-09-2025
2Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media0530-04-2026
3Medietilsynet fordeler 23,5 millionar til innovasjon5722-12-2025
4Medietilsynet fordeler nær 25 millioner til lokalkringkasting0523-06-2026
5Fem millionar kroner til forsking på medier og dataspill0528-08-2025
6Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur0519-03-2026
7Deler ut drøyt fem millioner kroner til medieforskning0509-02-2026
8Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium0518-12-2025
9Avisene kan søke om 456 millionar kroner i produksjonstilskott0530-01-2026
10Kampen mot desinformasjon blir styrkt i statsbudsjettet5715-10-2025

Классификация: МСП. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5. Источник: www.medietilsynet.no.