NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastaroppdraget sitt i 2025. Men kravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer blei verken oppfylt for radio eller nett, viser Medietilsynets årlege tilsyn med NRK.
Nyhetssaker
NRK leverte godt på allmennkringkastaroppdraget, men klarte ikkje nå 25 prosent nynorsk verken på radio eller nett i 2025.
NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastaroppdraget sitt i 2025. Men kravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer blei verken oppfylt for radio eller nett, viser Medietilsynets årlege tilsyn med NRK.
Av dei mange krava som blir stilte til NRK i vedtektene, fann Medietilsynet at det berre var kravet om minst 25 prosent nynorsk på radio og på nett som ikkje blei oppfylt i 2025.
Med 23,4 prosent nynorsk på NRK.no var NRK nærmare minstekravet på nett enn nokon gong tidlegare. På radio gjekk nynorskandelen ned til 23,3 prosent, etter at NRK i 2024 oppfylte kravet på radio for første gong sidan 2019. På tv var nynorskandelen 28 prosent i 2025, og NRK oppfylte dermed kravet på denne plattforma på same måte som tidlegare år.
— Språkoppdraget til NRK er viktig, og Medietilsynet har i fleire tilsyn peika på at NRK må auke nynorskbruken for å oppfylle kravet på alle plattformer. Det er positivt at NRK nå har etablert systematiske tiltak for å styrke språkarbeidet. Vi forventar at dette resulterer i at kravet til 25 prosent nynorsk blir oppfylt, også på dei plattformene som ikkje har tilstrekkeleg bruk av nynorsk i dag , seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Medietilsynet vurderer at det samla tilbodet til NRK hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tema og sjangrar i 2025. Det blir også slått fast at NRK hadde eit solid innhaldstilbod som kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap. Vidare oppfylte NRK kravet om å ha eit tilbod til både breie og smale grupper i befolkninga og eit tilbod som appellerer til alle aldersgrupper.
— Tilsynsresultatet for 2025 viser at NRK i det store og heile oppfylte samfunnsoppdraget sitt i samsvar med krava, seier Velsand.
Medietilsynet peikar på at NRK bidrar til auka innhalds- og bruksmangfald ved å oppfylle det breie allmennkringkastingsoppdraget sitt. NRK har eit breitt og fordjupande nyheits- og aktualitetstilbod, både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vidare speglar NRK Noregs identitets- og kulturmangfald. NRK har ein innhaldsprofil som differensierer seg frå kommersielle aktørar og når breitt ut i befolkninga, også med innhald dei elles i mindre grad oppsøker.
NRK har dessutan strengare krav til universell utforming og bidrar til auka bruksmangfald ved å leggje til rette for at personar med funksjonsvariasjonar skal kunne nytte seg av NRKs tilbod.
— Resultatet frå tilsynet med NRKs verksemd i 2025 viser at NRK kombinerer samlande folkelege tilbod med brei appell og tilbod som anten ut frå tema eller målgruppe har ein smalare publikumsappell. Dette er i tråd med konklusjonane i Medietilsynets rapport om korleis NRK bidrar til det norske mediemangfaldet, som blei lagt fram tidlegare i år, seier Mari Velsand.
Heile allmennkringkastingsrapporten for NRK i programåret 2025 finn du her.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Medietilsynet vil ha innspel om NRK | 0 | 5 | 09-10-2025 |
| 2 | Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid | 0 | 5 | 29-04-2026 |
| 3 | Betre lønnsemd for norske aviser i 2025 | 0 | 5 | 29-06-2026 |
| 4 | Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 2024 | 0 | 7 | 27-03-2026 |
| 5 | Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium | 0 | 5 | 18-12-2025 |
| 6 | Stabile eierforhold og bredt tilbud av medier i Norge | 0 | 5 | 21-01-2026 |
| 7 | Framleis låg lønnsemd for norske aviser og tv – medan nasjonal radio held fram med å auka lønnsemda | 0 | 7 | 30-10-2025 |
| 8 | Medietilsynet gjennomfører tilsyn med NRK og TV 2 under VM i fotball | 0 | 5 | 11-06-2026 |
| 9 | TV 2 oppfylte alle krava som kommersiell allmennkringkastar i 2025 | 0 | 5 | 26-06-2026 |
| 10 | Medietilsynet må behandle søknad om tilskott på nytt | 0 | 5 | 06-02-2026 |