Låg lønnsemd pregar store delar av mediebransjen. Unntaket er kommersiell riksdekkjande radio, som har rekordgode resultat. Det viser rapporten til Medietilsynet «Norsk medieøkonomi 2020-2024».
Nyhetssaker
Låg lønnsemd pregar store delar av mediebransjen. Unntaket er kommersiell riksdekkjande radio, som har rekordgode resultat. Det viser rapporten til Medietilsynet «Norsk medieøkonomi 2020-2024».
– Store delar av den norske mediebransjen har krevjande økonomiske år. Driftsinntektene er stabiliserte, men reduserte driftskostnader bidreg til at bransjen samla hadde svak auke i lønnsemd i 2024, fortel fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.
Lokalradioane har framleis krevjande økonomiske utfordringar, driftsinntektene fell, og 71 av 118 verksemder gjekk med driftsunderskot i 2024.
For norske aviser og tv-verksemder vart også fjoråret eitt av åra med svakast lønnsemd gjennom det siste tiåret. Me ser ein vedvarande nedgang i annonseinntektene både for aviser og tv, og i 2024 var inntekter frå reklame på eit historisk lågt nivå. Globale aktørar hadde i 2024 ein marknadsdel på heile 47 prosent i den norske reklamemarknaden – medan aviser og tv hadde høvesvis 14 og 12 prosent.
– Reduksjonen i annonseinntekter bidreg til ein meir sårbar driftsøkonomi for aviser og tv-verksemder, og aukar betydninga av den andre hovudinntektsstraumen, som er brukarinntekter, seier Sekkelsten.
Les rapporten «Norsk medieøkonomi 2020-2024» her.
Brukarinntektene auka med 431 millionar kroner i 2024, 3,3 prosent for avisene og tv-verksemdene. Veksten i brukarinntektene til avisene kjem frå sal av digitale abonnement, som for første gong er større enn abonnementsinntektene frå papirrelaterte produkt.
– Det er grunn til å framheva det positive ved at norske aviser ligg i front internasjonalt når det gjeld løysingar for brukarbetaling, og det same gjeld betalingsviljen til nordmenn for digitale nyheiter, seier Sekkelsten.
2024 vart nok eit svakt driftsøkonomisk år for bransjen, sjølv om lønnsemda var noko betre enn året før med ein driftsmargin på 4,2 prosent.
– Reduksjonen i annonseinntekter er ei årsak til at driftsøkonomien til redaktørstyrte medium blir meir sårbar, seier Sekkelsten.
Kommersiell, nasjonal radio har levert svært sterke økonomiske resultat over fleire år. Dei to nasjonale radioverksemdene, P4 og Radio Norge med tilleggskanalar, er nær fullfinansierte av reklameinntekter, og lyd ser ut å vera ein av vinnarane i det norske reklamemarknaden. Med ein driftsmargin på 24 prosent leverte dei to kommersielle riksdekkjande radio-selskapa endå betre i 2024 enn i 2023.
– Medium med ein ansvarleg redaktør som skal sikra at innhaldet blir kvalitetssikra før det blir publisert, er sjølve ryggrada i arbeidet med å byggja motstandskraft mot desinformasjon i den norske befolkninga. Derfor er det avgjerande at desse media har ein berekraftig driftsøkonomi, avsluttar Sekkelsten.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Rekord-låge annonseinntekter for norske aviser i fjor | -2 | 6 | 27-06-2025 |
| 2 | Betre lønnsemd for norske aviser i 2025 | 0 | 5 | 29-06-2026 |
| 3 | Stabile eierforhold og bredt tilbud av medier i Norge | 0 | 5 | 21-01-2026 |
| 4 | Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid | 0 | 5 | 29-04-2026 |
| 5 | Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet | 0 | 7 | 12-06-2026 |
| 6 | Medietilsynet undersøker hvorfor noen unngår nyheter | 0 | 7 | 17-06-2026 |
| 7 | Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium | 0 | 5 | 18-12-2025 |
| 8 | Norge på topp i digital avislesing | 5 | 7 | 13-01-2026 |
| 9 | Ti nye aviser får produksjonstilskudd | 0 | 5 | 31-10-2025 |
| 10 | Medietilsynet fordeler nær 25 millioner til lokalkringkasting | 0 | 5 | 23-06-2026 |