Norske aviser auka brukarinntektene i 2025, og saman med god kostnadskontroll bidrog inntektsauken til betra lønsemd. Men den underliggjande økonomiske utviklinga er framleis krevjande, viser ein ny rapport frå Medietilsynet.
Nyhetssaker
Illustrasjonsfoto, avisredaksjon.
Norske aviser auka brukarinntektene i 2025, og saman med god kostnadskontroll bidrog inntektsauken til betra lønsemd. Men den underliggjande økonomiske utviklinga er framleis krevjande, viser ein ny rapport frå Medietilsynet.
Dei digitale brukarinntektene auka kraftig i 2025, og samla utgjorde dei digitale inntektene nær 60 prosent av avisenes totale driftsinntekter, mot 41 prosent i 2021.
– Avisene har kome langt i den digitale omstillinga, men papiravisa har framleis mykje å seie for driftsresultatet, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Ho viser til at driftsresultatet for cirka 200 abonnementsaviser som publiserer både på nett og papir, ville vore 1,3 milliardar kroner lågare dersom det bare var nettutgåver.
Annonseinntektene til norske aviser blei reduserte med 48 millionar kroner eller 1,3 prosent i 2025, og var nok ein gong på eit historisk lågt nivå. Dei siste fem åra har fallet vore på 550 millionar kroner, eller nærare 13 prosent.
– Denne utviklinga viser varige strukturelle endringar i mediemarknaden, seier Velsand.
Konkurransen frå dei store globale selskapa er ei viktig årsak til at annonseinntektene til dei norske avisene held fram med å falle. Sjølv om dei globale aktørane ikkje tok ytterlegare delar av den norske annonsemarknaden i 2025, hadde dei ein marknadsdel på 47 prosent i Noreg, mens avisene berre hadde 13 prosent, viser anslag i rapporten frå Medietilsynet.
Samla hadde dei norske avisene eit betre driftsøkonomisk år i 2025 enn dei tre åra før. Driftsmarginen har utvikla seg positivt år for år etter botnpunktet på 2,1 prosent i 2022, og blei i 2025 på 5 prosent før statlege tilskot. Kostnadsauken var lågare enn den generelle prisveksten.
208 av 251 aviser som er omfatta av rapporten frå Medietilsynet gjekk med overskot før skatt i 2025.
– Norske aviser har evna å tilpasse seg ein krevjande marknad, men inntektsgrunnlaget er framleis under press og vidare omstilling blir nødvendig. Dette stiller krav til evna bransjen har til å utvikle seg, samstundes som dei mediepolitiske rammevilkåra må støtte opp under den demokratiske funksjonen som dei redaktørstyrte media har, seier Velsand.
Heile rapporten “Medieøkonomi: Økonomien i norske aviser 2021–2025” finn du her.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Rekord-låge annonseinntekter for norske aviser i fjor | -2 | 6 | 27-06-2025 |
| 2 | Framleis låg lønnsemd for norske aviser og tv – medan nasjonal radio held fram med å auka lønnsemda | 0 | 7 | 30-10-2025 |
| 3 | Stabile eierforhold og bredt tilbud av medier i Norge | 0 | 5 | 21-01-2026 |
| 4 | Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet | 0 | 7 | 12-06-2026 |
| 5 | Samiske aviser får nær 44,4 millionar kroner i støtte | 0 | 5 | 10-10-2025 |
| 6 | Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 2024 | 0 | 7 | 27-03-2026 |
| 7 | Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid | 0 | 5 | 29-04-2026 |
| 8 | Ti nye aviser får produksjonstilskudd | 0 | 5 | 31-10-2025 |
| 9 | Medietilsynet på Arendalsuka 2025 | 0 | 5 | 03-07-2025 |
| 10 | Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media | 0 | 5 | 30-04-2026 |