Sommarferien er i gang for mange og fleire nyt soldagane på stranda – både i Noreg og i utlandet. Kva kan du ha krav på om eigedelane dine blir stolne på stranda?
Artikkel ⏲ 6. juli 2026 ⥀ 6. juli 2026 16:10 👤 Karoline Bjerkreim, Lovdata
Eigedelane til en mann blei stolne då han og familien var ein tur på stranda på ferie. Kvifor fekk han ikkje dekka tapet?
Reglane
Reiseforsikringar skal vera ei sikkerheit mot uventa hendingar på ferie og kan gi rett til erstatning dersom det oppstår tap eller skadar, til dømes dersom eigedelar blir stolne. Det er likevel ikkje slik at alle tap automatisk blir dekka. Forsikringsavtalelova inneheld generelle reglar som gjeld for alle avtalar om forsikring, sjå § 1-1. Etter kapittel fire i lova kan forsikringsføretaka avgrensa ansvaret sitt etter nærare fastsette vilkår, mellom anna ved å stilla krav til aktsemd hjå den som teiknar forsikringa. Dersom ein forsikringstakar er ueinig i ei avgjerd frå forsikringsselskapet, kan saken leggjast fram for finansklagenemnda, eit tvisteløysingsorgan for konfliktar mellom finansføretak og kundane deira.
Krav til tilsyn – òg på stranda
Finansklagenemnda Skade behandla i avgjerda FinKN-2026-36 ein sak der strandveska til ein norsk feriegjest blei stolen på ei strand i Hellas under ein familieferie. I veska låg det mobiltelefon, smykke, solbriller, kontantar og klede. Mannen forklarte at veska hadde blitt lagd att ved solsenga på stranda og at tjuveriet skjedde medan familien var i vatnet og veska stod utan tilsyn. Han anslo at det gjekk om lag 15 minutt frå han sist såg eigedelane til han oppdaga at dei var borte.
Mannen kravde full dekning for tjuveriet, medan forsikringsføretaket viste til at erstatninga måtte avkortast med 100 prosent og 50 prosent som følge av brot på tryggingsforskrifta i reiseforsikringa. Ei tryggingsforskrift er ei samling konkrete reglar som forsikringstakarane må følgje for å førebygga og avgrensa skadar, sjå § 2-2 bokstav d. Forsikringsføretaket kan ta atterhald om at det skal vera heilt eller delvis utan ansvar dersom føresegnene i ei tryggingsforskrift ikkje blir overhaldne, sjå § 4-8.
I forsikringsbeviset til mannen som var på familieferie i Hellas stod det følgande:
Pass godt på gjenstandene dine, og ikke la de ligge uten tilsyn. Sørg for at ingen gjenstander ligger igjen når du drar fra et sted.
Finansklagenemnda viste til at uttrykket «tilsyn» inneber at ein ikkje treng å retta merksemda kontinuerleg mot gjenstanden, men at ein må ha så godt oppsyn at ein rekk å reagera dersom nokon forsøkjer å ta den. Videre uttalte nemnda at risikoen for tjuveri på offentlege område generelt er høg, særleg når det er mange menneske til stades. Dette tilseier at ein må passa godt på eigedelane sine. Sjølv om det kan vera vanskeleg å halda kontinuerleg tilsyn med ei strandveske mens ein badar, kunne mannen ha plassert veska nærmare for betre tilsyn, eller ha bytt på å bada med ektefellen.
Nemnda konkluderte med at mannen var «meir enn lite å lasta», slik at erstatninga kunne setjast ned i medhald av forsikringsavtalelova § 4-8. Forsikringsføretaket hadde avkorta erstatninga med 100 prosent for tapte verdigjenstandar og 50 prosent for andre eigedelar. Nemnda viste til at praksisen ved tjuveri av verdigjenstandar og kontantar er svært streng og kom til at ei slik avkorting var korrekt. Det blei dermed ein dyr lærepenge for mannen som måtte bera mesteparten av kostnadane i samband med dei tapte gjenstandane sjølv.
Ulike forsikringar
Det finst mange ulike reiseforsikringar og tryggingsforskriftene vil variere avhengig av kva forsikring ein har. Alle forsikringsavtalar skal innehalde eit skriftleg forsikringsbevis med oversikt over kva vilkår som gjeld for forsikringa, sjå forsikringsavtalelova § 3-1. Har du ikkje reiseforsikring, eller ei anna forsikring som dekkjer tap som kan oppstå på ferien, må du som hovudregel rekna med å bera eventuelle utgifter sjølv. Det er uansett lurt å passa godt på eigedelane sine, både på stranda og andre stader.
Lovdata ønskjer alle ein god sommar! Og hald auge med verdisakene medan du badar!
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Rettigheter og plikter i sommerjobb. Hva har du krav på? | 0 | 5 | 13-07-2026 |
| 2 | Pakkereiser | 0 | 5 | 15-07-2026 |
| 3 | Fellesferien er høgsesong for innbrotstjuvar | 0 | 5 | 30-06-2026 |
| 4 | Ferie, ferieavvikling og feriepenger | 0 | 5 | 25-06-2026 |
| 5 | DEBATT: Rädda Östersjön och bönderna: ta efter Flandern i sommar | 5 | 7 | 30-06-2026 |
| 6 | Lov & Data – ny utgave er ute nå | 0 | 7 | 26-06-2026 |
| 7 | Våt sommar skapar trøbbel: – Ein kan bli både lei og deprimert | -3 | 6 | 04-07-2026 |
| 8 | Brevik-saken: Avhør ga ingen svar | 0 | 0 | 09-07-2026 |
| 9 | Det mullrar på stan i helgen – Veteranbilens dag tillbaka | 5 | 7 | 26-06-2026 |
| 10 | Det här får du inte missa i sommar | 5 | 7 | 25-06-2026 |