Statsforvaltaren reagerer mot at kommunar vedtar reguleringsplanar utan å vurdera følgene for naturmangfaldet. No får lokalpolitikarane beskjed om å følga lova.
Treng kommunane i Vestland å bli påminna at dei ikkje skal gjera noko ulovleg?
No har dei i alle fall fått eit brev på fjorten tettpakka sider frå Statsforvaltaren i Vestland som forklarer korleis dei skal følga lovar og reglar.
Kvifor?
Først og fremst handlar brevet om naturmangfaldlova.
Denne lova seier at i alle saker som kan påverka naturmangfaldet skal kommunane sørga for å ha godt kunnskapsgrunnlag og vurdera konsekvensane.
– Me opplever at det er eit behov for å vera tydeleg på dette. Det er ikkje alt som alle kommunar er like merksame på.
Det seier assisterande statsforvaltar i Vestland, Gunnar O. Hæreid.
Assisterande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid håpar miljøvernarar likar at han har sendt brevet han først ikkje ville skriva.
Foto: Kaia Viki / NRK– I fleire plansaker har vurderingane som naturmangfaldlova krev anten mangla eller ikkje vore tilstrekkelege.
I brevet skriv Hæreid:
«Dersom Statsforvaltaren kjem til at kunnskapsgrunnlaget ikkje er tilstrekkeleg for å vurdere naturmangfaldet, vert saka mest sannsynleg oppheva.»
Statsforvaltaren i Vestland oppheva i vinter reguleringsplanen Bømlo kommune hadde laga for utbygging her.
Foto: Gunvar Mikkelsen / FNF HordalandI det siste har det skjedd for eksempel med Bømlo kommune sin reguleringsplan for området Busthorn-Hollund. Den oppheva Statsforvaltaren i februar:
«Kommunestyret vedtok planforslaget utan god nok kunnskap om naturmangfaldet slik det er no. (..) I tillegg mangla kommunen oversikt over klimagassutsleppet frå den planlagde nedbygginga av myrane.»
Fleire andre planar har også blitt oppheva av liknande grunnar:
Gunvar Mikkelsen / FNF Hordaland
I desember 2025 oppheva Statsforvaltaren reguleringsplanen for Smalhushaugen næringsområde i Ytrebygda bydel. At det ikkje er registrert sårbare artar i dette området, meiner Statsforvaltaren «fremstår som feilaktig i grunnlaget for vedtaket».
Gunvar Mikkelsen / FNF Hordaland
Reguleringsplanen for Posten si planlagde utbygging i Kokstaddalen i Ytrebygda bydel vart oppheva i 2023. Statsforvaltaren meinte bystyret sitt vedtak var «mangelfullt fordi det ikkje sa noko om kva for særlege naturverdiar som er registrerte i områda, og vektinga av desse opp mot aktuelle kritiske samfunnsfunksjonar.»
Alle desse opphevingsvedtaka kom etter at miljøvernarar i FNF Hordaland klaga på at kommunane ikkje hadde gjort vurderingane som naturmangfaldlova krev.
FNF Hordaland hadde – og har – gåande ei rekke klagesaker mot reguleringsplanar. Dei fleste klagene får dei ikkje medhald i. Til dømes denne på Stord:
Men FNF helsar no brevet frå Statsforvaltaren velkommen. Eller: velkommen etter.
– Veldig kjekt at dei strammar inn, seier fylkessekretær Pål Fidjestøl i Naturvernforbundet Hordaland.
Han etterlyste nemleg nettopp slike signal frå Statsforvaltaren i Vestland i fjor.
Svartstrupe – ein sterkt truga art – fotografert sør for Ågotnes i Øygarden. Det var nettopp der den første gong vart observerte hekkande i Noreg, i 1974.
Foto: Gunvar Mikkelsen / FNF HordalandFor i mars 2025 hadde ein annan statsforvaltar – den i Vestfold og Telemark – sendt eit strengt brev til alle kommunane i det fylket:
«Fremover vil Statsforvalteren som hovedregel oppheve vedtak som har mangelfulle vurderinger knyttet til naturmangfold-prinsippene».
Bakgrunnen var at Sivilombodet hadde kritisert både Larvik kommune og Statsforvaltaren for handteringa av ein omstridd plan om hyttefelt nær det verna kystområdet Mølen:
– Me har skjerpa rutinane våre, sa assisterande direktør Mette Biering ved Statsforvaltaren til NRK.
På motsett side av landet sat miljøvernarar som var misnøgde med reguleringsplanar og naturinngrep i sitt område.
Koordinator Gunvar Mikkelsen i FNF Hordaland meinte at skjerpa rutinar i Vestfold og Telemark måtte få følger for alle norske kommunar og statsforvaltarar.
– Det må jo vera likheit for lova, sa han.
– Det må jo vera likheit for lova, meinte Gunvar Mikkelsen då Statsforvaltaren i Vestland ikkje ville skjerpa sine rutinar slik Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark hadde gjort.
Foto: Leif Rune Løland / NRKTil NRK svarte Hæreid i fjor at han ikkje planla å senda eit tilsvarande brev til Vestland-kommunane som kollegaen ved Oslofjorden hadde gjort.
– At kommunane skal følga lova, er sjølvsagt. Me treng ikkje å skriva det til dei, sa han den gongen.
Men no har han gjort det likevel.
– Ja, det er rett at i utgangspunktet bør ikkje eit slikt brev vera nødvendig. Men siste halvanna eller to år har me etter kvart oppheva nokre saker.
– Så det blei ein større grunn til å senda dette brevet no, om ulike spørsmål som kommunane må ha med seg i vurderingar av plansaker, seier han.
Purpurlyng lyser opp i landskapet sør for Ågotnes i Øygarden. Denne arten er «nær truga», ifølge den norske raudlista.
Foto: Leif Rune Løland / NRKI brevet reknar Hæreid også opp andre reglar og lover kommunane må ta omsyn til (sjå faktaboks):
– Er alt dette ting kommunane er for slappe på?
– Det varierer jo litt.
– Miljøvernorganisasjonar etterlyste eit slikt brev frå dykk til kommunane i fjor...?
– Eg håpar dei er nøgde no, då, seier Hæreid.
Og det er dei.
– Det er veldig gledeleg at kommunane får eit varsel om å endra åtferda si og ta naturmangfaldlova meir på alvor, seier Pål Fidjestøl i Naturvernforbundet Hordaland.
Foto: Bård Siem / NRK– Dette er gledeleg, seier Fidjestøl.
– Korleis tolkar du brevet?
– Det er ei orientering om kursendring, nye rutinar hos statsforvaltaren og strengare handtering og vektlegging av naturmangfaldlova.
– Dette har jo ikkje blitt særleg praktisert rundt omkring i kommunane, så her trengst det verkeleg ein korreks.
Men den assisterande statsforvaltaren vil ikkje karakterisera dette som korreks eller innskjerping frå hans side.
– Det er ei klargjering av den praksisen som me har følgt i det siste, ikkje ei innskjerping, seier Hæreid.
– Men det verkar som ei streng formaning til kommunane?
– Det er ei påminning om at lovverket gjeld, for å peika på at det kan føra til at reguleringsplanar blir oppheva. Det er jo ingen som ønsker å måtta gå desse ekstra rundane med oppheving av planar som ikkje er godt nok greidde ut.
To ordførarar i Vestland som NRK kontaktar forklarar mangelfulle utgreiingar med at kommunane har alt for mange krav på seg.
– Me prøver å følga alle lover og reglar, men frå tid til anna vil det skje manglar. Det er heilt umogleg å klara å oppfylla alle forskrifter og lover kommunane blir pålagde, meiner ordførar Tom Georg Indrevik (H) i Øygarden.
– Kommunar bryt lova på ulike område kvar einaste dag, sjølv om me ikkje ønsker det, vedgår han.
– Me driv med samfunnsutvikling, ikkje naturnedbygging, seier Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik. Her i diskusjon med Gunvar Mikkelsen i FNF Hordaland ved eit anna høve.
Foto: Leif Rune Løland / NRKOrdførar Jenny Følling (Sp) i Sunnfjord er på same linje.
– Eg forstår jo at Statsforvaltaren må fortelja kommunane at dei skal følga lova. Men ein møter ein vegg av krav. Alt skal kartleggast.
– Vil du ha vekk nokon krav?
– Ja, ein må forenkla og sjå på kva som er godt nok.
– Alle utgreiingane kostar enormt når ein berre skal få utarbeidd reguleringsplan. Og mange gir opp på vegen.
– Utgreiingsregimet som ein nå har etablert, har blitt altfor massivt. Eg vil kjempa mot dette, for det er næringsfiendtleg og skadeleg for utbyggarar, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling.
Foto: NRKFølling meiner dessutan at naturtap på Austlandet blir forsøkt «erstatta» med naturvern på Vestlandet.
– Eg opplever at distriktskommunar som Sunnfjord og alle andre vestlandskommunar nå må betala prisen for den massive nedbygginga som skjer på Austlandet. Når ein skal ta vare på naturen, kjem ein hit, hevdar ho.
Publisert 05.07.2026, kl. 09.01
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Stoltenberg-signatur vekker reaksjonar: – Bruker heltestatusen for å svekke miljøkrav | -2 | 6 | 04-07-2026 |
| 2 | Власти США ускорят проверку проектов инфраструктуры на соответствие природоохранным нормам | 0 | 0 | 16-07-2020 |
| 3 | Børsfall for Nordic Mining – miljørørsla ber Støre gripa inn i Førdefjorden | 0 | 5 | 06-07-2026 |
| 4 | Länsstyrelsen upphäver bygglov efter grannprotester | 0 | 5 | 24-06-2026 |
| 5 | Kulturministeren: – Bergen bør vurdera gratis VM-visning | 0 | 5 | 07-07-2026 |
| 6 | Havforskar meiner statsråden lener seg på feilinformasjon om Førdefjorden | -2 | 6 | 04-07-2026 |
| 7 | Torghandlare sågar förslagen: ”Det blir ingen plats för oss” | -2 | 6 | 02-07-2026 |
| 8 | Kommunen pressas: ”Bygg snarast nytt i Forserum” | 0 | 5 | 24-06-2026 |
| 9 | Минприроды: создана комиссия по недопущению деградации экосистемы в Норильске | 0 | 0 | 10-06-2020 |
| 10 | Полтора десятка китайских чиновников наказали за гибель 36 осетров | 0 | 0 | 30-07-2019 |