Store mengder trådalgar – eller lurv – skaper trøbbel langs kysten. Forskarar ser ei urovekkjande utvikling fleire stader på Vestlandet.
Dei slimete og trådete algemassane har vorte eit vanleg syn for dei som ferdast ved sjøen.
Varmare hav og meir næringssalt, som nitrogen og fosfor, driv utviklinga.
Oslofjorden har lenge vore i søkelyset. No viser målingar og observasjonar frå Havforskningsinstituttet og Norsk institutt for vassforsking (Niva) at trådalgane er eit like brennaktuelt problem på Vestlandet.
– Det er ikkje sikkert det monnar så mykje for hele fjorden, men plukk gjerne lurv der du pleier å bade, er rådet frå senioringeniør Kim Aalborg ved Norsk institutt for vassforsking.






Lurv mellom Stord og Bømlo
Hartvig ChristieIfølgje seniorforskar Hartvig Christie ved Niva har lurven ein biologisk fordel under dei rådande forholda i sjøen.
– Dei fintråda algane har berre eitt cellelag ut mot vatnet. Det gjer at dei tek opp næringssalt langt meir effektivt enn den tradisjonelle taren, som har ein tjukkare, lêraktig struktur, seier Christie.
Algane blomstrar opp om våren og fell saman om hausten.
Når dei døyr, dannar dei eit slamlag på botnen som kan gjere det vanskeleg for nye tareskot å etablere seg neste vår.
Dermed endrar livsgrunnlaget seg for arter som brukar tareskogen som oppvekstområde, til dømes torskeyngel.
Dyrøy på Frøya (Trøndelag)
Foto: Hartvig Christie / NIVAÅlfjorden i Sunnhordaland. (Rogland/Vestland)
Foto: Hartvig Christie / NIVAValsøy (Trøndelag/Møre og Romsdal)
Foto: Hartvig Christie / NIVATomrefjorden i Romsdalsfjorden (Møre og Romsdal)
Foto: Hartvig Christie / NIVAStamsund i Lofoten. (Nordland). Tildekka grisetang.
Foto: Hartvig Christie / NIVAHåholmen (Møre og Romsdal).
Foto: Hartvig Christie / NIVAMølnarodden (Nordland).
Foto: Hartvig Christie / NIVAHerandsholmen i Hardanger (Vestland).
Foto: Hartvig Christie / NIVANusfjord (Nordland).
Foto: Hartvig Christie / NIVAMidsund (Møre og Romsdal).
Foto: Hartvig Christie / NIVAMellom Stord og Bømlo (Vestland)
Foto: Hartvig Christie / NIVABrekkestrand i Sognefjorden (Vestland).
Foto: Hartvig Christie / NIVAFrisk storetare i Nesland i Lofoten (Nordland).
Foto: Hartvig Christie / NIVADet er fleire kjelder til dei auka mengdene med næringssalt i vestlandsfjordane.
Medan avrenning frå landbruk og dårlege kommunale avløpsanlegg er hovudutfordringane på Austlandet, blir det på Vestlandet også peika på påverknad frå havbruksnæringa i dei lukka fjordsystema.
I tillegg fører klimaendringane med seg meir intens nedbør, noko som aukar avrenninga frå land.
Meir utbygging og manglande reinsing av gråvatn frå hytter og hus i strandsona bidreg også.
Større strukturelle tiltak og betre reinsing må til for å snu utviklinga i fjordane, men forskarar understrekar at publikum også kan bidra lokalt.
Eit konkret råd er å fjerne algane frå lokale badeplassar. Dersom ein skyl algane i ferskvatn for å få bort sjøvatnet, kan massen nyttast som nitrogenrik gjødsel i hagen.
– Alle monner drar, seier Paul Berg, som er insitiuttleder i Niva.
Lurv i ulike vestlandsfjordar.
Får du spylt bort sjøvatnet, kan det slimete marerittet bli til prima hagegjødsel.
Publisert 05.07.2026, kl. 10.27
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Her leker de ikke «roing» – stiller med vikingskip i Bygstad i Sunnfjord | 0 | 5 | 05-07-2026 |
| 2 | Børsfall for Nordic Mining – miljørørsla ber Støre gripa inn i Førdefjorden | 0 | 5 | 06-07-2026 |
| 3 | Havforskar meiner statsråden lener seg på feilinformasjon om Førdefjorden | -2 | 6 | 04-07-2026 |
| 4 | Våt sommar skapar trøbbel: – Ein kan bli både lei og deprimert | -3 | 6 | 04-07-2026 |
| 5 | Мощный оползень в Норвегии унес в море восемь домов | 0 | 0 | 04-06-2020 |
| 6 | Nye offshore-helikoptre stoppes på grunn støyproblem: – Alvorlig utvikling | -2 | 6 | 07-07-2026 |
| 7 | Военные гидрографы проведут съемку донного рельефа и береговой черты Арктики | 0 | 0 | 01-08-2019 |
| 8 | Her ror Bergen etter Norges seier | 0 | 5 | 06-07-2026 |
| 9 | Ученые начали следить за передвижениями выпущенных косаток с катамаранов | 0 | 0 | 09-08-2019 |
| 10 | DM: в Исландии отменен летний вылов китов из-за падения спроса на их мясо в Японии | 0 | 0 | 17-07-2019 |