I 2023 fekk kommunane vetorett mot vindkraft, og sidan har alle utbyggingsplanar stoppa opp. I dag kom likevel det første grøne lyset på ni år.
Måndag sa kommunepolitikarane i Sokndal ja til å etablere mellom 7 og 8 nye vindmøller på Moldalsknuten i Sokndal i Dalane.
Onsdag gav også Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) grønt lys til planane.
Vindkraftverket blir dermed det første som får godkjenning i Noreg sidan 2017.
– Moldalsknuten er eit lite anlegg, men dette vedtaket er likevel ein viktig milepæl. Det er 9 år sidan NVE sist gav konsesjon til eit nytt vindkraftverk, seier Kjetil Lund, vassdrags- og energidirektør i NVE.
– Det kan kanskje også markere inngangen til ei tid der ein byggjer ut meir kraft i Noreg.
Kjetil Lund er vassdrags- og energidirektør i NVE.
Foto: Magnus Stokka / NRKEvinys vindkraftprosjekt i Rogaland er det første i landet som har fått ja frå kommunepolitikarar etter vetoretten blei innført i 2023.
Lovendringa gav i praksis kommunane vetorett mot vindkraft, og har ført til at NVE knapt har tatt imot nye søknader om vindkraft på land dei siste åra.
– Det har betydd at mange prosjekt har blitt stoppa og forsinka i kommunane. Dette er den første konsesjon som har blitt gitt etter at dette regelverket tredde i kraft i 2023, seier Lund i NVE.
– Men det er også fleire prosjekt no som står for tur, så då får ein sjå kva som skjer. Det kjem an på kommunane sine behandling rundt om i landet, også så skal vi gjere vår vurdering i tillegg, legg han til.
Illustrasjon av det kommande kraftverket i Sokndal.
Illustrasjon: NVE / NRKVindkraftprodusentane betaler produksjonsavgift og eigedomsskatt til kommunane.
Sokndal har også blitt lova ei direkte utbetaling på 2,5 millionar kroner, og årlege utbetalingar på rundt 5,2 millionar, skriv Dalane Tidende.
NVE fekk søknaden om utbygginga i august i fjor, og saman med kommunen blei det gjennomført høyring og folkemøte i september same år.
Begge instansane har jobba i parallell med å behandle saka. To dagar etter kommunestyret gav grønt lys, kunne NVE gjere det same.
Sokndal-ordførar Bjørn Inge Mydland (Sp) er glad for at behandlinga har gått såpass raskt.
– Vi har alltid måtte ofre litt natur for å kunne få ting til å gå rundt, seier ordføraren.
Foto: Håkon Kummermo / NRK– Men så tenke eg samtidig at det berre skulle mangle. Det er eit press frå alle om at vi ønsker meir kraftproduksjon, seier han til NRK i dag.
– Vi er jo på jakt etter inntekter til kommunen, som alle andre. Då er dette ein god sjanse til å få inn nokre kroner til å bruke på fellesskapet, og på vårt lokalsamfunn.
Ofrar de nå naturen for å gi betre kommunale tenester?
– Vi ofrar litt. Samstundes er det vår historie i Sokndal. Vi har alltid måtte ofre litt natur for å kunne få ting til å gå rundt.
Skuffa: – Det er alarmerandeNRK møter ein skuffa Liv Ingrid Torkelsen i Sokndal Venstre. Ho stemte mot vindkraft i kommunen.
– Det er synd. Vi har brukt nok natur i denne flotte bygda, seier ho.
Gruppeleder, Sokndal Venstre
Foto: Arild Eskeland / NRK
Torkelsen viser til ein rapport frå miljøorganisasjonen Sabima, som viser at Sokndal er den tredje dårlegaste kommunen i landet på å bevare naturen (ekstern lenke).
– Det er alarmerande. Vi trudde for nokre år sidan at det var miljøvennleg med vindkraft, men det er jo ikkje det. Dette er ein dårleg idé, seier politikaren.
Bør vere varsam med å generalisereUniversitetslektor i rettsvitskap ved UiS, Aaron Martin Cooper, trur ikkje saka vil skape presedens for andre kommunar.
Han forskar mellom anna på klima- og miljøpolitikk og grøn omstilling.
– Den kan likevel tene som eit praktisk døme på korleis kommunal planlegging og statleg konsesjonsbehandling kan samordnast, seier han.
Cooper seier avgjerda gir mindre innsikt i moglegheitene for å få godkjent prosjekt i område med andre naturverdiar eller større interessekonfliktar.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Samtidig bør ein vere varsam med å generalisere. Moldalsknuten-prosjektet omfattar åtte turbinar og ligg mellom ein eksisterande vindpark og gruveområdet Titania.
Cooper peiker på at avgjerda gir mindre innsikt i moglegheitene for å få godkjent prosjekt i område med andre naturverdiar, eller større interessekonfliktar.
Publisert 21.10.2026, kl. 16.05 Oppdatert 22.10.2026, kl. 12.03
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | 330 millioner kroner til vindkraftkommuner: Vefsn får nest mest | 0 | 9.08 | 18-09-2026 |
| 2 | Fast-track for kraftutvikling, men håndbrekket står på i kommunene | 0 | 12.71 | 14-08-2026 |
| 3 | Regjeringen med ny kraft-pakke: Vil halvere tidsbruken | 0 | 10.39 | 07-08-2026 |
| 4 | Госдума приняла в I чтении законопроект, отменяющий поддержку электроэнергетики на торфе | 0 | 0 | 22-01-2020 |
| 5 | Bloomberg: Европа не может выполнить план по выработке ветровой энергии к 2030 году | 0 | 0 | 26-04-2023 |
| 6 | Selger kraftaksjer for 100 millioner | 0 | 16.67 | 23-10-2026 |
| 7 | Germany sticks to its offshore wind target, receiving a warm welcome from industry | 0 | 10.28 | 12-08-2026 |
| 8 | Noregs einaste solskifer-fabrikk må permittere: – Eit paradoks | 0 | 11.13 | 23-09-2026 |
| 9 | [Ekstra] Vindkraft: Kan bli vanskelig å si «nei» tidlig | 0 | 4.44 | 17-08-2026 |
| 10 | DN Debatt. ”Partierna dubbelspelar om vindkraft – säger ja men röstar nej” | 0 | 8.09 | 28-07-2026 |