Har du opplevd ei forseinking av varene dine grunna handelsblokade eller naturkatastrofe? I så hende kan det vere seljar gjer *force majeure* gjeldande. Som forbrukar, er dette det du må vite om unntakstilstanden.
Artikkel ⏲ 13. oktober 2026 ⥀ 15. oktober 2026 10:42 👤 Dina Kristin Korneliussen Bovim, Lovdata
Kva er force majeure?
Force majeure er ei hindring leverandøren ikkje kunne føresjå på avtaletidspunktet, ikkje kan forhindre og som er utanfor leverandøren si kontroll. Ein krig, naturkatastrofar, streik eller ei handelsblokade er døme på dette. Personleg sjukdom eller driftsfeil hos leverandør er ikkje å rekne som force majeure.
Kva rettar har du som forbrukar?
Skulle for eksempel ein handelsblokade oppstå, og du ikkje får varen din i tide, har du framleis rettar som forbrukar, sjølv om leverandøren ikkje er å klandre.
Forbrukarkjøpslova § 19 samlar alle rettar du har ved forseinking. I utgangspunktet kan ein halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heving eller erstatning.
Force majeure vert først og fremst gjeldande om du ønsker å oppretthalde kjøpet, og omstenda gjer det umogleg. I så fall blir leverandøren friteken frå kravet. Som forbrukar kan ein fortsatt atterhalde betaling (§ 20), men under force majeure kan ein ikkje krevje erstatning for tapet ein lid som følgje av forseinkinga (§ 24).
Nyare rettspraksis seier at seljar sitt ansvar strekk seg langt, og at seljar pliktar å innføre preventive tiltak. I HR-2022-192-A velta eit tre over ei kraftlinje, som konsekvens av ein storm. Fordi el-selskapet kunne ha treft preventive tiltak, som å hogge treet, sto dei framleis erstatningsansvarlege, jf. forbrukarkjøpslova § 33.
Kor lenge gjeld force majeure?
Så snart situasjonen er over, kan ikkje seljaren lenger gjere force majeure gjeldande, og er ansvarleg for å levere.
Force majeure fritek ikkje leverandøren for alle plikter, for eksempel informasjonsplikta. Dersom leverandør ikkje sender melding om forseinking innan rimeleg tid, kan ein likevel ha krav på erstatning for forseinkinga. I Rt. 1970 s. 1059 tilkjende Høgsterett erstatning på grunnlag av manglande varsel om forseinking, sjølv om det var på det reine at årsaka var utanfor seljars kontroll.
Force majeure under andre forhold
I andre forhold enn forbrukarkjøp er force majeure i større grad avtaleregulert i eigne force majeure-klausular. Dette går vi ikkje i djupna på her.
Om du vil lese rettspraksis frå Høgsterett om force majeure, kan du sjå på
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Høyesterett strammer inn bruken av særlig uavhengig stilling | 0 | 10.41 | 15-10-2026 |
| 2 | Когда поставщик не отвечает за скрытые недостатки товара: пределы ответственности | -1 | 7.66 | 07-08-2026 |
| 3 | INSÄNDARE: Insändare: Körförbud trots förbesiktning | 0 | 8.62 | 11-01-2020 |
| 4 | Flera lastbilar och bil i olycka | 0 | 10 | 01-09-2026 |
| 5 | Перевозчик сорвал срок доставки: можно ли взыскать штраф, убытки и упущенную выгоду | -1 | 6.3 | 25-08-2026 |
| 6 | Новые правила продажи товаров по договору розничной купли продажи | 0 | 17.57 | 13-10-2026 |
| 7 | Kan tvingas avstå värvningar | 0 | 10 | 06-08-2026 |
| 8 | Посилка згоріла під час атаки РФ. Хто має повернути гроші за товар | 0 | 8.16 | 14-07-2026 |
| 9 | VIK-forward förlänger – efter skadan | 0 | 26.67 | 13-05-2026 |