Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Desse vegane har størst klimarisiko fram mot 2050

Дата публикации: 22-09-2026 13:19:43



Основное содержимое страницы с новостью.

Trollstigen er truleg vegen med høgast klimarisiko. Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Publisert 21. sep. kl. 15:24

Oppdatert 22. sep. kl. 15:11

– Vegane i landet ligg langt etter.

Det seier professor Carlo Aall i Vestlandsforsking

Han meiner norske vegar ikkje er godt nok rusta for meir ekstremvêr, meir nedbør og større belastningar i åra som kjem.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, er samd.

– Det er vanskeleg å vere ueinig i det, seier han.

Samtidig meiner han det avgjerande spørsmålet er kor godt rusta vegnettet skal vere.

– Viss du skal vere førebudd på alt, heile tida, vil det ha ein veldig stor kostnad.

Bergen har blant dei mest utsette vegane i landet, blant anna grunna flom. Biletet er tatt i 2020. Foto: Ingvild Ulset / Ingvild Ulset

Trollstigen på topp

Ei ny kartlegging frå Noradapt og Vestlandsforsking viser kva delar av vegnettet som kan vere mest utsett fram mot 2050.

Trollstigen i Møre og Romsdal kjem høgast.

På tredje- og sjuandeplass kjem kanskje meir overraskande område: Oslo sentrum og Bergen sentrum.

Her dei ti mest utsette vegane i landet:

Forskarane har sett på fylkesvegar, riksvegar og europavegar i heile landet.

Dei har vurdert risiko for mellom anna kraftig nedbør, vind, skred, stormflo og overvatn.

Men vêr er berre ein del av reknestykket.

Difor kjem byane høgt

Forskarane har også teke med kor mykje trafikk som går på vegane, kor sårbare dei er, og kva sikringstiltak som allereie finst.

– Vi kombinerer data om klimaendringar med samfunnsendringar, seier Aall.

Difor kan ein veg i ein stor by kome høgt på lista, sjølv om han ikkje ligg i området med det mest ekstreme vêret.

Seniorforsker Carlo Aall seier vegane i landet må bli mykje betre rusta for klimaendringar. Aall er leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking og leiar av Norsk senter for bærekraftig klimatilpasning. Foto: Oddgeir Øystese

I Oslo og Bergen er store mengder trafikk og infrastruktur samla på små område.

– I Oslo er det mengda trafikk som slår ut. Det er ikkje berre klima, men også korleis trafikkmengda er, at det korkar seg, seier Aall.

På Trollstigen er forklaringa annleis. Der trekkjer bratt terreng, skredfare, vind og nedbør risikoen opp.

Både vegvesenet og forskarane seier seg samde om at det er fleire vegar i landet med klimarisiko. Eit av dei er vegen over Strynefjellet.

– Har ikkje gjort jobben med dagens klima

Aall meiner kartlegginga bør brukast til å prioritere kvar pengane til sikring og vedlikehald skal gå.

Han meiner Noreg allereie har eit etterslep.

– Vi har ikkje gjort jobben med dagens klima. Dersom vi gjer den, er halve jobben med framtidas klima gjort.

Han meiner det ikkje er mogleg å byggje seg ut av alle problema.

– Det blir for dyrt å berre fortsette å byggje seg ut av problemet. Vi klarer ikkje det.

Svenn Evil Finden, avdelingsdirektør drift og vedlikehold i Statens vegvesen, seier det er umogleg å skulle gjere kvar veg i landet fritt for klimarisiko. Foto: Tale Hauso

Finden i Statens vegvesen er eining i at vegnettet har eit stort behov for klimatilpassing.

Men legg til at klimatilpassing også handlar om å vere førebudd når skaden først skjer.

– Det er ein balanse i kva som er godt nok rusta. Mykje blir også gjort gjennom beredskap og ved å ha klare planar dersom noko skulle skje.

Vegen gjennom Bjørvika i Oslo er nummer tre av dei mest utsatte vegane i landet. Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Publisert 21. sep. kl. 15:24

Oppdatert 22. sep. kl. 15:11

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Израиль намерен достичь к 2050 году нулевых выбросов углерода0029-10-2021
2Мэй заявила, что Великобритания к 2050 году сведет выбросы парниковых газов к нулю0012-06-2019
3Байден: цена бездействия в вопросе борьбы с изменением климата растет с каждым днем0001-11-2021
4Varmerekordar kan bli slått neste veke - ventar uvanleg høge temperaturar05.7623-09-2026
5Projekt WeinWald: Nachhaltig den Klimawandel überleben06.7821-07-2026
6Гутерриш предостерег, что потепление климата более чем на 1,5 градуса будет катастрофой0020-09-2021
7Решетников: углеродоемкость экономики РФ может снизиться в шесть раз к концу 2050 года0027-10-2021
8В ООН предупредили о возможном исчезновении 1 млн видов животных и растений через 50 лет0016-07-2020
9Цифровизация промышленности 20250530-12-2025

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 22.5. Источник: www.nrk.no.