Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Varmerekordar kan bli slått neste veke - ventar uvanleg høge temperaturar

Дата публикации: 23-09-2026 12:58:10

Varm luft frå Middelhavet gjer at det kan bli uvanleg høge temperaturar fleire stader i landet neste veke.

Основное содержимое страницы с новостью.

Medan fineveret har prega store deler av Austlandet i sommar og haust, har det vore uvanleg mykje nedbør andre stader i landet.

No varslar meteorologane at det kan bli ei uvanleg varmebølgje fleire stader i Noreg.

Småbarnsfedrene Simen Husøy og Jonas Janbu Høgseth frå Elnesvågen i Molde var på trilletur i Ålesund onsdag ettermiddag. Dei lengtar etter sol og varme.

– Vi ventar framleis på sommaren, vi treng litt godver, ler Husøy.

– Eit par-tre veker hadde vore heilt konge, men det er vel optimistisk her, legg Janbu Høgseth til.

Simen Husøy (til venstre) og Jonas Janbu Høgseth trillar vogn og ventar på fineveret.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Har du lyst på sol og sommar no?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Uvanleg

Det er ikkje berre i Møre og Romsdal det kan bli varmt.

Eit høgtrykk aust for landet og eit lågtrykk rundt Island skaper håp om uvanleg varme neste veke over store deler av landet.

– Når vi er midt mellom dei to, får vi ganske kraftige luftstraumar frå sør og inn i Noreg. Det blir varm luft som kjem frå Middelhavet og områda der, seier statsmeteorolog Marek Ratajczak ved Meteorologisk institutt til NTB.

Han seier situasjonen er uvanleg.

– Det er ei uvanleg situasjon med så høge temperaturar så seint på året og vi går inn i oktober, seier han.

Statsmeteorolog Marek Ratajcsak.

Foto: Erik Waagbø / NRK
Varmast i Sør- og Midt-Noreg

Meteorologen seier det er størst sjans for å bli over 20 grader i Sør- og Midt-Noreg, men han utelukkar heller ikkje at det kan bli over 20 grader i Nord-Noreg.

Varmerekorden for oktober blei sett i Molde by i 2004. Denne kan no stå for fall.

– Om vi får rekordar vil bli styrt av kva som kjem av regn framover - og vindstyrken. Men at det blir over 20 grader fleire stader, er ganske sikkert, seier meteorologen.

Har bestilt tur til Granca

Dei to småbarnsfedrene i Ålesund karakteriserer sommarveret som forferdeleg. Ein av dei har sikra seg. I oktober reiser familien til Gran Canaria for å sole seg.

Men først skal dei nyte varmen heime.

– Vi må prøve å få utnytta godveret, både å trille og få lufte hunden skikkeleg, og gjere mest mogleg ute, seier Jonas Janbu Høgseth.

Kompisane Ove Borgund og Øivind Frøland trur ikkje fineveret varer særleg lenge.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kompisane Ove Borgund og Øivind Frøland trur ikkje fineveret varer særleg lenge.

– Vi har ikkje hatt sommar, ingenting. Det sto i Sunnmørsposten at sommaren var over. Då tenkte eg: kva for sommar? spør Øyvind Frøland.

– Kor lenge trur du fineveret varer no då?

– Vi tek ein dag av gangen i Ålesund, det har vi lært.

Publisert 23.09.2026, kl. 14.58 Oppdatert 23.09.2026, kl. 15.45

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Varsler ny hetebølge: – Intens og langvarig08.4624-07-2026
2Rekordvarmt igjen: – Aldri sett lignende08.7506-08-2026
3Frankrike og Storbritannia rammes av nye hetebølger011.110-08-2026
4Vers un nouveau pic de chaleur: voici quand il aura lieu et quelles régions du pays seront les plus touchées013.725-07-2026
5Kan bli opp mot 30 grader i dag0509-07-2026
6A new heatwave is set to hit Spain from this weekend0702-07-2026
7Högsommarvärmen gör comeback: ”Kan bli uppåt 30 grader”07.6711-08-2026
8¿Nueva ola de calor? Las temperaturas diurnas y nocturnas subirán a partir de este fin de semana05.4617-07-2026
9Hitzewelle in Europa: Temperaturen um die 40 Grad in Frankreich erwartet0520-06-2026
10Desse vegane har størst klimarisiko fram mot 2050022.522-09-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5.76. Источник: www.nrk.no.