Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Stryn: Humlene døyr som floger

Дата публикации: 17-08-2026 19:06:41



Основное содержимое страницы с новостью.

Humla susar ikkje meir

Humlene døyr i tusental under treet vi har planta over heile landet.

Humlene svirrar oppe i lindetrea i Stryn, som står i full bløming.

Her står trea overalt. Lind er trass alt motivet i kommunevåpenet til Stryn.

Men på bakken ligg humler strødde.

Dei er stein daude. Ikkje eit vengeslag å sjå.

Er kommunevåpenet til Stryn eit våpen mot humlene?

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK
Døyr som fluger

Fenomenet er velkjent, at humla ender sine dagar i skuggen av ei lind.

Kvart år knasar det under skoa til folk som trakkar i daude humler under treet.

Treet har vore skulda for humledød i lange tider. Likevel er det planta i kvar krik og krok av kongeriket vårt.

Meir presist er det arten parklind som er den mistenkte i denne historia.

Lenge lurte fagfolk på om treet var giftig.

Teorien var at nektaren i blomen inneheldt ein sukkerart som skulle ta kverken av dei trufaste pollinatorane.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

På 2010-talet var det snakk om å svarteliste treet og hogge det i stort monn.

Men det var noko som skurra med gift-teorien.

– Forgifting er vanskeleg å forklare biologisk, for det er dumt av ein plante å drepe sin pollinator, sa forskar Frode Ødegaard til Aftenposten i 2016.

Fasiten kom året etter: Det finst ikkje «giftstoffet» mannose i parklind.

– Vi fann ingen argument for at det skulle vere problemet, seier humle-ekspert Anders Nielsen ved Nibio.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Sanninga kom for ein dag. Gift-teorien var det berre å gløyme.

Diverre er det ikkje til hjelp for humlene som ligg med trynet ned i asfalten i Stryn.

For viss det ikkje er gift, kvifor døyr dei då som fluger?

Går på ein humlesnurr

Ein annan aktuell teori er at det siste humlene gjer i livet, er å gå på ein snurr.

Dei første dagane i bløminga fråtsar nemleg humla i søt og energirik nektar.

Nektar utan gift – men kanskje med koffein og andre alkaloid. Ikkje farleg i seg sjølv, men likevel skjebnesvangert.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Noko kan skje i den vesle humlehjernen når dei slurpar i seg nektar med koffein.

Hjernen byrjar å sende ekstremt sterke signal om at lukta av lind = overlegen matkjelde.

Dermed fyk humla rundt i linda og lev livets glade dagar. Her er det berre å forsyne seg!

Problemet kjem ein stund seinare. Treet duftar framleis deilig, men blir langt fattigare på næring.

Dermed jaktar humla etter næring – som ikkje finst.

Så går dei tomme for energi, fell lydlaust til bakken og svelt i hel.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK
Døyr med skoa på

Vel, dette er berre ein teori.

Om det så stemmer, er det òg ei heil rekke andre ting som føregår.

Til dømes er humla uansett i ferd med å døy når lind blømer. Det er ikkje så mange andre stader å skaffe mat på seinsommaren.

At dei er nær matfatet når døden kjem snikande, er naturleg.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Ekspert Anders Nielsen ved Nibio er ikkje heilt i hundre over «humlesnurr»-teorien.

– Eg vil tru at viss humler kjenner lukta, men ikkje finn nektar, så vil dei sjå etter noko anna. Men så er det ikkje noko særleg anna nektar å finne, seier Nielsen.

For nokre år sidan samla forskarar i Trondheim inn masse døde humler under lind for å undersøke dei nærare.

Mange av dei var magre og hadde svolte i hel. Men ikkje nødvendigvis fordi humlene hadde blitt «avhengig» av lind. Det kan godt vere fordi det er tomt for mat overalt.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Ikkje alle hadde svolte i hel. Nokre såg ut til å ha døydd av alderdom, mette av dage, etter eit strevsamt humleliv på tre-fire veker.

Mange hadde òg blitt etne av fuglar. Ifølge Nielsen er det truleg snakk om at fuglane forsyner seg når humlene er i ferd med å døy, eller har døydd. Ei humles død er ein kjøttmeis' brød.

Ingen grunn til panikk

Uansett er det ikkje grunn til å fyre opp motorsaga heilt enno.

– Altså, vi legg ikkje ned alle sjukehus i Noreg berre fordi det er på sjukehus at dei fleste døyr.

Det kan òg hende at parklind har fått eit ufortent dårleg rykte fordi humledøden er synleg akkurat her. Treet står ofte på asfalterte plassar eller i ein velfrisert park, der det er lett å få auge på dei små gule og svarte.

– Humlene drar dit maten er. Dei er på veg til å døy likevel, og så er dei veldig synlege. Det er ingen som kikkar under rododendronbusken ved sidan av, kanskje det ligg haugar der òg?

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Ei humle lever eit travelt liv på nokre få veker. Kanskje går dei på ein snurr på sine eldre dagar, i så fall vel unnt.

Så døyr dei, slik alle skal ein dag.

Å fare hen i skuggen av ei lind i Stryn, det kan umogleg vere det verste.

Publisert 17.08.2026, kl. 21.06 Oppdatert 18.08.2026, kl. 08.25

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Frivillige utslitne av redningsaksjonar i fjellet01019-08-2026
2Bergen: Voldsoffer hoppet fra sjette etasje for å slippe unna01017-08-2026
3Veckans konkurser: Gnestagrävare i sank01011-08-2026
4RECENSION: Bakom fabriksgrindarnas mytiska värld01017-04-2026
5RECENSION: Den svarta ensamheten i sitt DNA01019-02-2026
6RECENSION: Vad håller han på med?08.416-05-2026
7Ryker från nedervåning0008-07-2026
8Ny mekling: Kan ramme flytrafikken på Vestlandet01017-08-2026
9Jakten på Sten Stures krigsskepp: Häringevrak undersöks igen0518-04-2026
10Giganterna till Ö-vik01007-07-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.