Det blir nattestengingar ut september når arbeidet på fylkesveg 60 over Utvikfjellet startar opp att.
– Det vil koste oss noko meir, men vi gjer dette etter dialog med Stryn kommune og reiselivet, seier Eivind Yttri, avdelingsleiar i Vestland fylkeskommune.
Både kommunar og næringslivet reagerte kraftig då byte av kring 60 stikkrenner ville stenge vegen i timevis på dagtid. Arbeidet vart då utsett.
Fylkeskommunen har seinare erkjent at dialogen med kommune og næringsliv har vore dårleg.
Arbeidet startar opp att så snart Statens vegvesen har godkjent skiltplan. Frå då blir det stengd mellom klokka 22 og 06 frå måndag til fredag til og med 25. september.
Frå og med 28. september blir det arbeid på dagtid, med stenging 08-0930 og 11-1530 måndag til torsdag. Fredag stoppar arbeidet klokka 14. Meirkostnaden usikker, men er førebels rekna til kring ein halv million kroner.
Dagleg leiar i Visit Nordfjord, Lars Endre Gimmestad, rosar fylkeskommunen for å snu i saka og tek omsyn til reiselivsnæringa.
– Vi må være budde på at vegarbeid gir nokre ulemper, men poenget er at ein må vere i dialog, planlegge i god tid og gi alle som blir påverka god tid til å områ seg, seier han.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Miljødirektoratet: Bør seie ja til midlertidig tømming i Førdefjorden | 0 | 10 | 19-08-2026 |
| 2 | Frivillige utslitne av redningsaksjonar i fjellet | 0 | 10 | 19-08-2026 |
| 3 | Må fortsatt koke drikkevannet | 0 | 8.9 | 03-08-2026 |
| 4 | Behandler ankesak etter Kamelens «stagediving» | 0 | 10 | 20-08-2026 |
| 5 | Sommarens frågor till journalistkåren | 0 | 8.75 | 16-08-2026 |
| 6 | Drøyde med å innføre nye ordning på LO-eid hotell | 0 | 8.99 | 12-08-2026 |
| 7 | Посольство РФ: Россия сделает выводы из ситуации с задержанием дипломата в Норвегии | 0 | 0 | 19-08-2020 |
| 8 | В Москве продлили запрет на работу общепита в ночное время | 0 | 0 | 25-06-2021 |
| 9 | В Москве приостановят работу ресторанов и клубов в ночное время | 0 | 0 | 10-11-2020 |