Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Miljødirektoratet: Bør seie ja til midlertidig tømming i Førdefjorden

Дата публикации: 19-08-2026 15:19:47



Основное содержимое страницы с новостью.

Gruveselskapet Nordic Mining treng eit mellombels løyve for å deponere gruveavfall i Førdefjorden.

Det gamle løyvet er nemleg ugyldig, ifølge ein dom frå Høgsterett.

No har Miljødirektoratet gitt si vurdering av søknaden om det mellombelse utsleppsløyve.

Dei tilrår at regjeringa seier ja.

– Etter vår vurdering er den aktuelle verksemda akseptabel, skriv direktoratet.

Mykje tyder dermed på at regjeringa kjem til å godkjenne søknaden frå gruveselskapet.

Miljørørsla vann i Høgsterett, men deponeringa held fram.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tre år

Søknaden gjeld inntil 4,5 millionar tonn gruveavfall, noko selskapet meiner ikkje vil øydelegge miljøtilstanden i Ytre Førdefjorden.

Dette er langt mindre gruveavfall enn selskapet opphavleg hadde løyve til å tømme.

Nordic Mining har søkt om å få deponere i tre år.

Dei vil ikkje kommentere tilrådinga som kom frå Miljødirektoratet i dag.

Minerala blir henta ut frå Engebøfjellet i Sunnfjord.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Miljødirektoratet har ingen ytterlegare kommentarar til tilrådinga.

Miljørørsla og fleire politiske parti er sterkt kritiske til regjeringa si handtering av tapet i Høgsterett.

SV-leiar Lars Haltbrekken meiner regjeringa har «lagt opp til å ofre Førdefjorden».

– Statsråden må hugse på at han jobbar for miljøet, ikkje for gruveselskapa. SV kjem til å ta denne saka til kontrollkomiteen. Her må alle steinar snuast, seier Haltbrekken.

Klima- og miljøministeren seier dei no skal følge opp saka raskt.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) skal fatte den endelege avgjerda om utsleppsløyvet til Nordic Mining.

Foto: Krister Sørbø / NRK

– Vi legg alltid vekt på Miljødirektoratet sine vurderingar. No skal vi gå gjennom det sjølv frå departementet si side, og så ta stilling til kva som blir det endelege utfallet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

–⁠ Mi vanskelegaste sak

Gruvedrifta har fleire gonger vore tema i rettsapparatet, og hadde vore i drift i halvtanna år då Høgsterett slo fast at utsleppsløyvet var ugyldig.

Miljørørsla og fleire politiske parti har kravd at gruvetømminga skal stanse etter dommen.

Men gruvedrifta har halde fram, med regjeringa si velsigning.

– Eg meiner det er urimeleg å be selskapet om å stanse deponeringa i den korte perioden medan vi vurderer søknaden om mellombels løyve, sa klima- og miljøministeren i juni.

Nordic Mining har investert 3 milliardar kroner i anlegget, som vinn ut rutil og granat.

Foto: Oddmund Haugen

Nordic Mining får halde fram å tømme gruveavfall i Førdefjorden

Miljørørsla svara med å melde selskapet til Økokrim.

I midten av august omtala statsråden til E24 deponiet som si vanskelegaste sak.

Regjeringa har mål om å finne eit nytt juridisk grunnlag for eit ordinært løyve. Dette arbeidet kan ta fleire år.

Økonomisk trøbbel

Nordic Mining har investert 3 milliardar kroner i anlegget, som vinn ut rutil og granat.

Tilrådinga frå Miljødirektoratet i dag kjem samstundes som Nordic Mining slit med akutt pengenaud. Selskapet gjekk med 223 millionar kroner i minus før skatt andre kvartal i år, og treng over 100 millionar kroner for å sikre drifta ut hausten.

På børsen har aksjeverdien stupt.

Nordic Mining har langt fleire problem enn å vere i klammeri med miljørørsla.

Foto: Nikolai Akse Helgås

Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) har tidlegare åtvara mot følgjene av ein stopp. Gruvedrifta har gjeve store ringverknader i kommunen.

– Bedrifta har investert 3 milliardar, og det er 100 til 130 tilsette som jobbar der. Det er heilt avgjerande å sikre drifta, har Følling understreka.

Kritiserte kort frist

Miljørørsla og Havforskingsinstituttet (HI) har retta hard kritikk mot at høyringa til det mellombelse utsleppsløyvet vart gjennomført på fire veker i fellesferien.

– Eg har aldri vore med på noko liknande, uttala forskar Terje van der Meeren ved HI etter at dei vart nekta utsett frist til eigne analysar.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner prosessen er ein hån mot rettsstaten:

Naturvernforbundet og leiar Truls Gulowsen har engasjert seg tungt i Førdefjorden-saka.

Foto: NTB

– Eg hadde eit visst håp om at Miljødirektoratet skulle vise ryggrad og gje ei klar anbefaling mot mellombels utsleppsløyve, seier han.

SV krev at kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget granskar regjeringa si oppfølging av høgsterettsavgjerda. Partiet fryktar ei ny Fosen-sak.

No er det opp til Bjelland Eriksen sitt departement å avgjere vegen vidare.

Publisert 19.08.2026, kl. 17.19 Oppdatert 19.08.2026, kl. 19.10

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Frivillige utslitne av redningsaksjonar i fjellet01019-08-2026
2Ny mekling: Kan ramme flytrafikken på Vestlandet01017-08-2026
3Laksefisket blir avgrensa på Nordmøre0508-07-2026
4Fylkeskommunen gir etter for press - her blir det nattestenging01018-08-2026
5Skipsvask kan avsløre framande artar på veg til Noreg0509-07-2026
6Hastemøte om togforseinkingar07.7918-08-2026
7Brudd i oljeserviceoppgjøret: Kan bli streik på norsk sokkel03.613-05-2026
8Innfører campingforbud: Varsler flere kjettinger i Lofoten-2305-07-2026
9Regjeringen: Åpner for olje- og gassleting i 70 nye blokker 07.605-05-2026
10Trump-tilknyttet selskap: Forbereder oljeleting på Grønland – uten tillatelse010.3910-08-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.