Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Her møter seks av ti ikkje opp på campus – professor meiner Noreg har for mange universitet

Дата публикации: 15-08-2026 06:32:21

– Eit teikn på at universitetsreforma har mislykkast, meiner NTNU-professor Aksel Tjora. Nord universitet avviser kritikken og meiner tilbodet gjer befolkninga meir utdanna.

Основное содержимое страницы с новостью.

Det blir stadig meir digitale heimestudiar og samlingsbaserte løysingar. Det har skote fart sidan pandemien.

For mange betyr det etterlengta fleksibilitet.

Kari Hoseth Larssen i Vesterålen er i full jobb, har familie og tar samstundes både ein bachelor i økonomi og ein master i teknologileiing.

STUDIESTART 2015: Det var litt mer folksomt, men like mye regn, under studiestarten ved universitetet i Bodø i 2015.

– For meg har det vore kjempeviktig. Det hadde vore heilt uaktuelt for meg å bryte opp alt dette og flytte til ein annan stad berre for å ta utdanning.

Kari Hoseth Larssen trur det er mange skjulte talent ute i distrikta som ennå ikkje er oppdaga, og

Foto: Privat

Men for studiemiljøa kan prisen vere høg.

Aksel Tjora, professor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU, ser med bekymring på utviklinga.

Han trur rett og slett landet har for mange universitet nå.

Kritisk til samanslåingar

Noreg har i dag elleve universitet med studiestader spreidd over heile landet.

Men sånn har det ikkje alltid vore. Dei siste 10 til 15 åra har mange universitet og høgskolar blitt slått saman.

  • Aksel Hagen Tjora

    Sosiolog og professor ved NTNU 

– Eg trur det kanskje har ført til ei viss forvitring av kva eit universitet og ein høgskole eigentleg er, seier professor Aksel Tjora.

Tjora skulle ønske at Noreg ikkje hadde gått inn i denne fusjonerings- og sentraliseringsprosessen.

– Da ville vi framleis hatt fleire uavhengige distriktshøgskolar og fleire ulike studietilbod på dei litt mindre stadene, forklarer professoren.

Avviser kritikken

Ved Nord universitet er prorektor Levi Gårseth-Nesbakk ueinig i Tjoras verkelegheitsbeskriving.

Han minner om at universiteta i dag har eit todelt oppdrag frå regjeringa.

– Vi må ta vare på campus og dei unge studentane, men vi har også fått tydelege styringssignal om å tilby fleksible studietilbod, seier han.

  • Levi Gårseth-Nesbakk

    Prorektor ved Nord universitet

– Det gjer at folk i alle aldrar, ikkje minst dei litt eldre, kan ta ei høgare utdanning. Det blir trass alt fleire utdanna av det, og vi kan ikkje berre fokusere på den eine gruppa.

Prorektoren stiller seg også uforståande til påstanden om at Noreg har for mange universitet.

Ifølge NTNU-professoren er det ikkje berre vêret som har skuld i dårleg oppmøte ved studiestart i distrikta.

Foto: Nora Hammervik / NRK

– Dei såkalla «nye» universiteta har ein annan profil enn dei eldre, klassiske som UiO og NTNU, seier han og påpeikar at dei også leverer svært bra forskingsmessig og gjennom andre samfunnsoppdrag.

– Om nokon ønsker ein debatt om talet på universitet, bør han rettast mot departementet og Stortinget, som nyleg endra krava for å bli universitet, slår han fast.

Studentane vil ha fellesskap

Sjølv om nettstudia veks, er det framleis mange som sver til det tradisjonelle studielivet.

Blant dei er Eline Hundsnes, som står klar til å ta fatt på ei bachelorgrad i eigedomsmekling og marknadsanalyse i Nord-Noreg.

Valet om å studere fysisk var lett, sjølv om mange i dag vel digitale løysingar.

Eline Hundsnes, til høgre, vil utdanne seg til eigedomsmeklar i Bodø. Ho hadde ikkje vore interessert i nettstudium.

Foto: Nora Hammervik / NRK

– Eg har vore i Forsvaret her oppe, liker landsdelen veldig godt, og ville tilbake for å prøve ut studielivet. Eg er veldig spent og litt nervøs, seier Hundsnes.

På spørsmål om ho nokon gong vurderte å ta grada over nett, er svaret tydeleg:

– Nei, eg trur ikkje ein får det same utbyttet av studiane på den måten. Det er best å vere fysisk til stades på skolen og få vere sosial saman med medstudentane.

Publisert 15.08.2026, kl. 08.32

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Forelesere bekymret over uengasjerte studenter05.7812-08-2026
2Mange i kø for studentboliger010.8515-08-2026
3Skulle være folkefest – nå blir salen tom-3610-07-2026
4Эксперты: система аккредитации вузов может быть изменена за счет перехода "в цифру"0006-12-2019
5Cambridge reaches out to Reform over fears of Trump-style crackdown on 'woke' universities011.7130-11-2025
6 Republican states are censoring universities -5629-01-2026
7Эксперты считают, что новый университет на Чукотке не должен готовить много специалистов0002-03-2020
8Åpnet Nord-Norges første nasjonale turiststi – men ikke alle kom seg fram013.1309-08-2026
9Forfalsket CV og skrøt på seg løpeprestasjoner av en annen verden. Nå står han uten jobb05.0613-08-2026
10Ректоры вузов РФ: необходим аккуратный подход к замене очных лекций онлайн-курсами0018-10-2018

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 9.83. Источник: www.nrk.no.