Fleire kommunar rundt om i landet krev betalt frå brukarar av tryggleiksalarmar. Dette er ein knapp rundt halsen eller handleddet, som eldre kan trykke på dersom dei treng akutt hjelp.
Men mange kommunar tolkar reglane feil.
No har Kristiansund stoppa eigenbetalinga av alarmane med direkte verknad.
Det melder kommunen i ein pressemelding torsdag.
– Når tryggleiksalarmen er nødvendig for at du skal få nødvendig tilsyn eller helse- og omsorgstenester, skal du ikkje betale for den. Dei aller fleste som har tryggleiksalarm frå Kristiansund kommune, har den på grunn av slike behov. Difor stoppar vi no eigenbetalinga, opplyser kommunen torsdag.
Anne Cathrine Grav Olsen i kommunen seier at lovverket rundt tryggleiksalarmane har vore utfordrande å vurdere og har vore diskutert i kommunen i mange år.
Kristiansund kommune har tatt betalt for tryggleiksalarmar i fleire år.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKBengt Gustav Eriksson, som er fylkesleiar i Eldrerådet i Møre og Romsdal, er glad for at fleire kommunar no kan endre praksisen.
– Eg reknar det som ein siger for alle brukarane, altså alle eldre i heile fylket, seier Eriksson.
Han meiner det er viktig at alle som har behov skal kunne bruke tryggleiksalarm, uavhengig av økonomi og sosial status. Han meiner også at dei som feilaktig har blitt fakturert for tenesta, må få tilbake pengane.
– Frå eit gitt tidspunkt må ein få tilbake det som har blitt betalt, meiner Eriksson.
Bengt Gustav Eriksson, som er fylkesleiar i Eldrerådet i Møre og Romsdal, meiner at folk må få tilbakebetalt.
Foto: Eirik Haukenes / NRKStatsforvalteren opna i sommar tilsyn med Ålesund kommune etter at dei innførte eigenbetaling av tryggleiksalarmar.
Etter dette og fleire mediesaker sende Statsforvaltaren brev til alle kommunar i Møre og Romsdal der dei presiserte reglane.
– Vi ser alvorleg på det visst folk har måtte takke nei til naudsynt tilsyn i heimen sin fordi dei ikkje har hatt råd til å betale for tryggleiksalarm, seier Grete Teigland. Ho er områdedirektør hos Statsforvaltaren.
Så langt veit ho at Ålesund og Kristiansund har stoppa eigenbetalinga for dei som har rett til å få det gratis.
Teigland har sett i media at fleire kommunar seier at dei vil sjå på praksisen sin etter ferien.
Statsforvaltaren har ikkje oversikt over kor mange kommunar som brukar regelverket feil.
Grete Teigland er områdedirektør hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal
Foto: Statsforvalteren i Møre og RomsdalI Kristiansund presiserer Anne Cathrine Grav Olsen at dei som i dag har tryggleiksalarm ikkje treng å gjere noko.
Tryggleiksalarmen held fram med å virke som før, det er berre faktureringa frå kommunen som stoppar opp. Kommunen går no gjennom tidlegare innbetalingar frå innbyggjarane.
– Kva reglar som gjeld for tilbakebetaling har vi ikkje fått avklart endå. Det er advokatar som tar seg av dette slik at alt blir riktig, seier ho.
Publisert 13.08.2026, kl. 18.04
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Franske turister fikk erstatning etter skrekkulykke – men må møte i retten på nytt | 0 | 7.76 | 09-08-2026 |
| 2 | Bergen kommune dømt for ulovlig gjengjeldelse mot varsler | 0 | 10 | 08-07-2026 |
| 3 | Efter svindleriet – miljoner ska betalas tillbaka | 0 | 5 | 04-07-2026 |
| 4 | To Molde-spillere ute i lang tid – henter spiller tilbake | 0 | 21.11 | 13-08-2026 |
| 5 | Brevik-saken: Avhør ga ingen svar | 0 | 0 | 09-07-2026 |
| 6 | Ålesund: Tiltalt etter påkøyrsel der barn blei skadd | 0 | 10 | 14-08-2026 |
| 7 | Städkaos och skulder efter hyresgäst – så blev domen | 0 | 5 | 06-05-2026 |
| 8 | VIK:s jättekontrakt brutet – men inget pengaregn | 0 | 5 | 02-07-2026 |
| 9 | Mitt i krisen: Har betalat av skatteskulden | 0 | 5 | 13-05-2026 |
| 10 | Åtalas: Tidaholmaren tvättade pengar från bedrägerier | 0 | 5 | 11-07-2026 |