Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Astrid har ikkje mangel på vener – likevel er ho einsam

Дата публикации: 09-08-2026 20:22:10



Основное содержимое страницы с новостью.

Astrid Elvebakke kan stå midt blant folk, men likevel kjenne seg på utsida.

– Det blir snakka veldig lite om det å vere omgitt av folk, men likevel ikkje kjenne seg vald. Ein kjenner på ei ekkel tomheitskjensle, seier ho til NRK.

Ho har mange vener rundt seg. Vener ho går tur med. Vener ho drikk kaffi med.

Likevel er ho einsam.

– Eg er ikkje ein beskjeden person. Men likevel saknar eg på ein måte noko. Ein får mange overflatiske kjenningar, men ikkje nødvendigvis nokon nære.

Etter fleire år i utlandet flytta ho til Bergen like før pandemien.

Foto: Privat

Ho meiner einsemd blant vaksne ofte blir oversett.

– Det ville kanskje vore lettare om ein var i 20-åra eller i byrjinga av 30-åra. Men når ein har passert 40, kjem ein inn i ein annan fase. Mange er etablerte, og møteplassane blir færre.

Nær halvparten av Noreg er einsame

Ho er ikkje aleine.

Under pandemien kjende ekstra mange seg åleine. Og einsemd er framleis eit utbreidd problem:

15 prosent av nordmenn er plaga av einsemd, viser funn frå SSB.

Ein av fem seier dei har få eller ingen å vende seg til, ifølge tal frå Helsedirektoratet.

På chattetenesta sidetmedord.no deler folk anonymt om tankar og følelsar.

Vi skrollar og skrollar på nettsida.

Lista om innlegg om einsemd er nærmast uendeleg.

Faksimile: Sidetmedord.no

Ifølgje Mental Helse, som leverer chattetenesta, er sommaren spesielt krevjande for mange.

I årets varmaste månadar har dei døgnopen chat.

– Vil ikkje innrømme at vi treng andre

– Nordmenn vil ikkje innrømme at vi treng andre. Vi tek ikkje inn over oss at einsemd kan vere eit problem.

Det seier Kirsten Flaten, forskar ved Høgskulen på Vestlandet, til NRK.

  • Kirsten Flaten

    Forskar på Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet

Då ho nyleg skreiv bok om einsemd blant barn og unge, skjønte ho at problemet ikkje blir tatt skikkeleg på alvor.

– Eg lurer på om den norske folkesjela ikkje klarar ta inn over seg at einsemd er eit problem, for vi har like mykje som andre.

Mange bieffektar: – Ein veg inn mot radikalisering

Kjenner du deg einsam, så forsterkar det også ei heil rekkje andre problem, ifølge forskaren.

Lista over plager og problem som bir forsterka av einsemd er lang:

Angst, depresjon, uro og ADHD. Hjarteproblem, høgt blodtrykk og auka magefeitt.

Til og med sår på kroppen gror saktare, forklarer ho og ramsar vidare opp:

Immunforsvaret og søvnen blir påverka, og levetida går generelt ned.

I tillegg står ein i fare for å utvikle diabetes type to.

På sidetmedord.no deler fleire av kjenslene sine.

Faksimile: SiDetMedOrd

Forskaren peikar også på at einsemd kan lede ein inn i lukka miljø.

– Er du einsam så står du litt på sida, og er utanfor fotballaget og strikkegruppa.

Opplevd utanforskap kan også vere utgangspunkt for rasistiske haldningar, radikalisering og hatkriminalitet.

– Du må finne nokon å vere med, og då er det ein veg inn mot radikalisering, seier Flaten.

Ventar framleis på handlingsplan

I 2022 føreslo stortingsrepresentant Erlend Svardal Bøe (H) at det skal lagast ein handlingsplan for å motverke einsemd.

Det sa stortingsfleirtalet ja til.

Men i dag, tre år seinare, ventar han framleis på planen.

– Regjeringa må ta seg saman og følgje opp det Stortinget har bedt om. Det kan ikkje ta fem år å gjere det, seier Svardal Bøe.

Erlend Svardal Bøe (H) etterlyser ein klar plan for å motverke einsemd.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Sjølv svarer Regjeringa at sjølv om planen let vente på seg, har dei mellom anna gitt pengar til hjelpetenester.

– Livskvalitet og einsemd heng saman, og i livskvalitetsstrategien har vi ein handlingsplan, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Usman Mushtaq.

I tillegg har dei gjort det enklare for kommunane å prioritere tiltak som også handlar om einsemd.

Statssekretær Usman Mushtaq fortel at andre område innan livskvalitet har vore prioritert.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

– Einsemd er ikkje eit politisk område ein kan ønske seg vekk ifrå, men noko ein må sjå i samanheng med mange andre, seier han.

– Det finst håp

Einsemda kjem av så mange ulike grunnar at ingen medisin eller oppskrift vil kunne fungere på alle.

Det er politikarane og forskaren samde om.

Alle må ta ansvar, seier dei.

Forskar Flaten trekkjer mellom anna fram sosial resept, ein ordning der ein kan få «vennskap på resept» av fastlege.

Tilbodet har blitt innført i over 30 land, og i desember vart det testa ut i Bergen.

Flaten presiserer at det aldri er for seint å søke hjelp:

– At du er einsam no, betyr ikkje at du vil vere det for alltid. Studiar som går 80 år tilbake i tid viser at einsame barn kom seg ut av det og fekk sosiale nettverk.

Sjølv meiner Astrid Elvebakke at det må politisk vilje til for å førebyggje einsemd:

– Det finst jo pengar i Noreg. Det handlar om å førebyggje ting. Det er mykje billegare å førebyggje enn å ta kostnadene i etterkant.

Hei!

Takk for at du leste saken min. Er det noe du lurer på eller annet du mener jeg burde skrive om?

Send meg gjerne en melding!

Publisert 09.08.2026, kl. 21.48 Oppdatert 10.08.2026, kl. 11.15

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Isabel vågar ibland inte gå upp ensam på övervåningen01026-07-2026
2Sigbjørn har søkt jobb i fire år – framleis står éin av fem utanfor01011-08-2026
3Helga (89) er student03511-08-2026
4Medisinstudent Andrea (20) forskar på seg sjølv: Det har sendt ho til EM017.6910-08-2026
5Försvunnen kvinna hittad0530-06-2026
6Nye lydopptak: Skal ha sagt at hun aldri var utsatt for vold011.1906-08-2026
7Slik vil Miss Norway-finalisten redde liv5701-07-2026
8Angela Scanlon reveals she suffered a 'breakdown' during charity trek as she opens up about battling loneliness-2603-05-2025
9Verdighet i møte med døden0512-06-2026
10Därför har ensamhet blivit en trend på sociala medier07.3528-07-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.