Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Medisinstudent Andrea (20) forskar på seg sjølv: Det har sendt ho til EM

Дата публикации: 10-08-2026 17:34:38



Основное содержимое страницы с новостью.

– Eg tenker det er viktig å vise at det ikkje treng å vere eit hinder, men heller vise at det er fullt mogleg å kunne oppnå det ein vil, seier Andrea Nygård Vie til NRK.

Det er berre litt over eitt år sidan 20 år gamle Nygård Vie fekk beskjeden om at ho hadde diabetes type 1.

Det var ein nedslåande beskjed for friidrettskometen, som skjønte at satsinga kom til å bli meir utfordrande.

Likevel slo ho tilbake og tok gull på 3000 meter hinder i U20-EM berre tre månader seinare.

Gulljakta startar for fullt når Jakob Asserson Ingebrigtsen leder et kruttsterkt norsk lag i finalen på 5000 meter. Kvelden rundes av med Karsten Warholm og Amalie Iuel i finalen på 4x400 meter, blanda lag.

– Eg skal ikkje legge skjul på at det er ei tilleggsutfordring, men ein finn det som fungerer for ein.

Der har den unge bergensaren gått djupt til verks. Ho har nemleg brukt sitt første år som medisinstudent til å eksperimentere med seg sjølv.

FEKK BESKJEDEN: Før sommaren i fjor viste testane at Andrea Nygård Vie hadde fått diabetes type 1.

Foto: Privat
– Det har øydelagt

Norna-Salhus-løparen er ferdig med sitt første år på medisinstudiet på Universitetet i Bergen, og aktar å kombinere det med ei heiltidssatsing på friidrett.

– Eg studerer jo medisin, så eg synest det er spennande å kunne lese meg opp og finne ut kva som fungerer for andre, og teste sjølv, seier ho og fortset:

– Så det har jo vore gonger der det har øydelagt for løp og trening, men det gjeld å finne den balansen kor det som regel går greitt.

SUKSESS: Andrea Nygård Vie tok gull i U20-EM i fjor sommar.

Foto: Kristoffer Randall / Norges Friidrettsforbund

Ifølge Nygård Vie er noko av det vanskelegaste med sjukdommen å finne den rette balansen inn mot løp. For nervar og spenning speler også inn på blodsukkernivået.

– Det kan verkeleg tulle seg. Så det gjeld å få kontroll på nervane og ete i god tid før løpet. Men eg har jo hatt løp der blodsukkeret har vore altfor høgt og resultata har blitt øydelagde. Det er sjølvsagt kjipt når det skjer, men når det går bra, betyr det litt ekstra.

I tillegg må kvar einaste økt, og kvar einaste veke, planleggast til den minste detalj.

– Eg må planlegge for når eg set insulin før eg skal ut på løpetur. Og så har eg alltid med meg litt ekstra i tilfelle eg skulle bli låg, så det er nokre ekstra omsyn å ta.

– Gjer ting som er i grenseland

Ho synest det er ekstra artig å kunne teste medisinske teoriar på seg sjølv. For då treng ho ikkje å vere like varsam som ho måtte ha vore med andre.

– Ja. Eg synest jo det er kult. Alt ein les om i bøkene, kan eg teste i praksis. Og eg kan jo gjere ting som er litt i grenseland av og til, seier ho og ler.

– Kva testprosjekt gjer du på deg sjølv?

– Av og til kan eg for eksempel sette litt ekstra insulin framfor løp. Plutseleg reagerer kroppen litt annleis på insulin enn vanleg. Av og til slår det bra ut, og andre gonger kan det slå ut litt som ein ikkje ønsker, men ja. Du må finne det som fungerer for deg.

NRK-ekspert Vebjørn Rodal har tidlegare kalla den unge løparen «eit forbilde», og landslagslege Ove Talsnes er imponert over korleis ho har handtert situasjonen.

Det blir Nygård Vie glad for å høyre. Og karrieren har på ingen måte stoppa opp.

I juli tok ho sitt første NM-gull på 3000 meter hinder, i EM-debuten måndag kveld blei det 13. plass i forsøket. Det heldt ikkje til finaleplass.

Publisert 10.08.2026, kl. 19.34 Oppdatert 11.08.2026, kl. 19.22

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Helga (89) er student03511-08-2026
2I denne alderen opplever unge at ting blir meir vanskeleg01012-06-2026
3Hanne (32) mener hun har «hacket» voksenlivet024.2918-05-2026
4Emelie Anderssons monstermånad: ”En nytändning”0504-07-2026
5Sigbjørn har søkt jobb i fire år – framleis står éin av fem utanfor01011-08-2026
6KRÖNIKA: Studenter – man måste leva för att förstå saker0202-06-2026
7”En mardröm jag inte vaknar från”-2630-06-2026
8Практика за рубежом: студенты АмГУ посетили приграничный Хэйхэ0509-07-2026
9Раскрыта роль возлюбленной российского студента в жестокой расправе над ним-5603-07-2026
10Astrid har ikkje mangel på vener – likevel er ho einsam01009-08-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 17.69. Источник: www.nrk.no.