Klokka 06.45 fekk naudetatane melding om at ein større båt hadde kollidert med kaia i Os i Bjørnafjorden.
Det er fem personar om bord. Ingen av dei er skadde, men det er større materielle skader på trebrygga, melder operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt.
Båten er ein fraktebåt på 58 meter. Ifølge politiet er både båten og kapteinen norsk.
Politiet: - Fekk problem under ryggingPolitiet har snakka med kapteinen om bord. Det er ikkje mistanke om promille.
– Det kan vere tekniske problem som er årsaka til krasjen, skriv Brakstad i ei oppdatering like før 08.30.
Trebryggar har store skader. Det er kommunen som eig brygga.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKKapteinen har forklart at han skulle rygge då det gjekk gale.
– Vi er på staden og dokumenterer, og så tek vi ei vurdering om vi skal etterforske saka vidare, seier Brakstad.
Båten har ei gravemaskin om bord.
Nabo: - Høyrde eit høgt smellDet var ein nabo i området som varsla 110 Vest om hendinga.
– Ho fortalde at ho høyrde eit høgt smell frå Hamnevegen og det viste seg å vere ein stor båt som hadde gått i kaia, seier Frode Eide.
110 Vest var i SAR-varsling med hovudredningssentralen.
Brannvesenet jobbar med å sikre brygga sidan den har fått ein god del skader, seier Eide.
Båten blir no taua vekk frå staden, opplyser NRK sin reporter på staden.
Publisert 10.08.2026, kl. 09.14 Oppdatert 10.08.2026, kl. 09.36
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | KRÖNIKA: Poängen är att det är läge att sitta lugnt i båten | 0 | 5 | 14-06-2026 |
| 2 | Meiner dei har funne løysinga på brunsnigelproblemet | 0 | 6.82 | 11-08-2026 |
| 3 | Российский траулер завалился на бок при спуске на воду в Норвегии | 0 | 0 | 25-03-2021 |
| 4 | Названы проблемы США с блокировкой Ормузского пролива | 0 | 5 | 15-07-2026 |
| 5 | Oslo jaget båteiere – nå søker de nødhavn andre steder | -3 | 6 | 02-07-2026 |
| 6 | Российское судно потеряло ход в Баренцевом море | 0 | 0 | 22-10-2019 |
| 7 | INSÄNDARE: Frågan är större än Kif och ÖSK | 0 | 5 | 03-07-2026 |
| 8 | LEDARE: Östersunds elbussar räcker inte för Sverige | 0 | 7.66 | 28-07-2026 |
| 9 | Ространснадзор назвал причины крушения судна "Онега" | 0 | 0 | 02-03-2021 |