Regjeringa skryter av låge tapstal så langt i år. Sauebønder svarer at det er i vekene framover at jerven slår til.
I fjellsidene og sidedalane i Luster i Sogn har bøndene sleppt dyra sine på sommarbeite i generasjonar. Tradisjonen står sterkt, og utnyttinga av det rike utmarksbeitet er sjølve grunnfjellet i drifta.
Sauebonde og ordførar Andreas Wiese sender kvart år 74 sauer pluss lam, i tillegg til rundt 60 mjølkegeiter, opp i fjellterrenget.
Men idet dyra traskar oppover mot høgfjellet, følgjer uvissa med: Kor mange av dyra kan han hente ned att når hausten kjem?
– Då eg begynte med sau i 2011, hadde eg ingen tap dei første tre sesongane. Dei siste åra har eg tapt rundt 20 prosent av lamma, seier Wiese.
– Dei siste åra har eg tapt kvar femte lammeunge. Det seier alt om korleis situasjonen har endra seg til det verre for oss som driv her, seier Wiese.
Tysdag publiserte Miljødirektoratet tal som viser at det så langt i år er registrert rekordfå sauetap.
Ved månadsskiftet var det berre dokumentert at 489 sauer er drepne av rovvilt. Det er det nest lågaste talet som er registrert sidan den systematiske kartlegginga starta i 2002.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen var raskt ute med å ta tala til inntekt for at den nasjonale forvaltninga ber frukter.
– Dette viser at gjennomføringa av rovviltpolitikken fungerer, kvitterte statsråden.
Soneinndeling og kompromissKjernen i norsk rovviltpolitikk er det tverrpolitiske Rovviltforliket på Stortinget.
Målet er todelt: Noreg skal ha levedyktige bestandar av bjørn, ulv, jerv, gaupe og kongeørn, men bøndene skal også kunne leve av beitenæringa.
For å løyse denne spenninga er landet delt inn i soner der enten beitedyr eller rovvilt blir prioritert.
I dei beiteprioriterte områda skal terskelen vere låg for å felle rovdyr som gjer skade.
– Dette viser at gjennomføringa av rovviltpolitikken fungerer, seier Andreas Bjelland Eriksen.
Andreas Wiese meiner det er altfor tidleg av statsråden å erklære siger basert på tal frå månadsskiftet juli/august.
– Det er altfor tidleg å presentere glade tal. Svolten jerv ventar i fjellet.
– Det som er interessant, er korleis det ser out når bøndene har fått besetningane sine heim. Da snakkar vi på førjulsvinteren ein gong, seier han.
Han viser til at situasjonen endrar seg drastisk i siste tredel av beitesesongen.
– Utover seinsommaren og hausten blir lamma for store for klørne til kongeørnen, men samstundes går dei rett inn i kjeften på jerven, seier han.
Det er viktig å sjå bak totalen. Nedgangen i år skuldast færre bjørneskadar, men meir skade frå ulv, jerv og kongeørn, i tillegg til fleire alvorlege hendingar.
I Varanger blei åtte sauer tekne av bjørn, men bjørnen blei felt etter berre halvanna døgn takka vere rask skadefelling. Saka viser kor mykje snarsynt handling og godt samarbeid mellom næringa, kommunen og forvaltninga har å seie.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Vi veit ikkje kva dei faktiske tapa er før dyra vert henta ned frå utmarka. Rovviltsituasjonen er krevjande, og fleire bønder vi har snakka med står midt i rovdyrangrep. For mange er presset så stort at dei sluttar med utmarksbeite. Når færre dyr vert sleppte i utmarka, går det totale tapstalet ned. Sjølv om færre dyr vert sleppte ut over tid, har tapsprosenten halde seg relativt stabil.
Eg driv ikkje med sau lenger. Eg bur i eit område der sauenæringa er heilt borte på grunn av rovdyr, så eg har gått over til storfe.
Det er altfor tidleg å presentere glade tal. Svolten jerv ventar i fjellet. Det som er interessant, er korleis det ser ut når bøndene har fått besetningane sine heim. Då snakkar vi på førjulsvinteren ein gong,
Det er positivt å sjå at talet på sau som er påvist teke av rovvilt framleis går nedover. Det viser at gjennomføringa av rovviltpolitikken fungerer. Så vil det framleis vere ei belasting for einskilde beitebrukarar som blir hardt råka. Særleg derfor er det viktig at vi har gode ordningar for støtte, erstatning og tilpassing.
Årets tal for påviste rovviltskadar er blant dei lågaste sidan kartlegginga starta for over 20 år sidan. Sjølv om einskilde har opplevd store tap, held trenden med færre skadar fram. Talet på skadar varierer frå år til år, og dette er førebelse tal per 1. august. Bilete kan endre seg, då det ofte blir meldt inn meir skade frå særleg bjørn og jerv i august og september.
Noregs Bondelag avviser bestemt at august-tala er eit bilete på at rovdyrpolitikken fungerer.
– At alt er i sin skjønnaste orden, det er for enkelt å seie. Men det fungerer innimellom, og så er det potensial for å ha ein betre beredskap i andre enkeltsituasjonar, seier Erlend Fiskum, styremedlem i Noregs Bondelag med ansvar for rovvilt.
Han kjem med ei tydeleg oppfordring til statsråden før hausten set inn for alvor:
– Ha ein beredskap for at når skadegjerar kjem inn i eit beiteområde, så må det setjast inn tiltak som verkar. Her blir vi for seine. Skaden blir for stor før det blir handling.
Publisert 11.08.2026, kl. 13.01
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Spår prishopp i haust: – Mykje å spare på å teikne noregspris no | 0 | 7.26 | 10-08-2026 |
| 2 | Bonden får stor rekning etter våt sommar | 0 | 10 | 12-08-2026 |
| 3 | «Tror du att du och jag har en chans mot alla andra?» | 5 | 7 | 01-06-2026 |
| 4 | Der folkeskikken svikter, kommer kameraene | -2 | 6 | 15-06-2026 |
| 5 | «Det handler om tillit» | 0 | 5 | 11-06-2026 |
| 6 | Sigbjørn har søkt jobb i fire år – framleis står éin av fem utanfor | 0 | 10 | 11-08-2026 |
| 7 | ”Det var som att vara i en skräckfilm – fast på riktigt” | 0 | 8.98 | 26-07-2026 |
| 8 | Meiner dei har funne løysinga på brunsnigelproblemet | 0 | 6.82 | 11-08-2026 |
| 9 | Глава Минобороны Норвегии заявил, что не видит прямой угрозы стране со стороны России | 0 | 0 | 27-11-2022 |
| 10 | Nær 400 born ventar på trygg heim | 0 | 24.29 | 11-08-2026 |