Han kan tape fleire hundre tusen på den våte sommaren. Å klimatilpasse landbruket er veldig krevjande, ifølge forskar.
Per Jarle Myklebust står på jordet og studerer graset.
– Vi skulle slått graset for minst ei veke sidan. No taper kvaliteten seg for kvar dag, seier han.
Her i Myklebustdalen i Nordfjord bøtter regnet ned.
Blaut mark gjer det umogleg å slå graset, og vêrmeldinga framover er ikkje særleg lystig.
– Protein- og sukkerinnhaldet i fôret går ned. Då må vi kompensere med meir kraftfôr.
Ekstrarekninga kan bli på 200.000 kroner, trur Myklebust.
Situasjonen er lik på store delar av Vestlandet. Bønder i Trøndelag og i Nord-Noreg har same å stri med.
I tillegg var førsteslåtten dårleg for mange.
Statsforvaltaren i Vestland har fått inn 75 meldingar om sviktande avlingar hittil. Det meste gjeld fruktproduksjon. Tala aukar for kvar dag.
– Vi har betydeleg fleire meldingar så langt i år enn tidlegare. Det har vore ein veldig spesiell sommar, seier assisterande landbruksdirektør hos statsforvaltaren, Bjørn-Harald Haugsvær.
Må endre landbruketDei siste åra har variasjonane vore store. For berre to år sidan var det tørke i Myklebustdalen.
Klimaforskarar seier at store variasjonar vil bli vanlegare – både meir tørke og meir vatn.
Bønder er prisgitt vêret, og framtida vil bli meir krevjande. Forskar Synnøve Rivedal har eit knippe råd.
Foto: Bård Siem– Det er eigentleg veldig vanskeleg for bøndene å tilpasse seg klimaendringane, seier forskar Synnøve Rivedal ved Nibio.
Likevel er det noko som blir viktig framover, ifølge Rivedal:
Her frå Guddalen i Fjaler.
Foto: Odin Otnes Austring / NRKRivedal seier det uføreseielege vêret vil drive kostnadane oppover, til dømes å investere i maskinar.
Viss alternativet blir å kjøpe endå meir fôr, har bøndene i realiteten ikkje mykje val.
– Så er jo resten av verda meir utsett for tørke. Vi er nøydde til å produsere vår eigen mat. Det er viktig, seier Rivedal.
Myklebust er velsigna med eit lyst sinnelag, noko som kjem godt med i bondeyrket.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKMyklebust har håp om opplett neste veke. Får han slått graset då, blir det ikkje katastrofalt.
– Viss du skal gå og sjå mørkt på ting, da er ikkje bondeyrket det rette. Da må du sjå litt lyst på livet, seier han.
Publisert 12.08.2026, kl. 20.25 Oppdatert 12.08.2026, kl. 21.00
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Bønder slår tilbake mot «gladtal»: – Altfor tidleg å juble | 0 | 8.1 | 11-08-2026 |
| 2 | Varsler ny hetebølge: – Intens og langvarig | 0 | 8.46 | 24-07-2026 |
| 3 | Vinterbyg gav 9,5 ton og ni halmballer pr. hektar | 5 | 7 | 17-07-2026 |
| 4 | Regnvarsel satte fart på hvidkløverhøsten: Kom i hus efter to et halvt døgn | 0 | 5 | 17-07-2026 |
| 5 | „Wie in Texas“: Rekord-Dürre zwingt Bauern, Tiere von Weide zu holen | 0 | 11.23 | 01-08-2026 |
| 6 | Årets høst af vinterbyg er over middel | 0 | 6.4 | 25-07-2026 |
| 7 | Челябинские фермеры бьют тревогу из-за непредсказуемого климата | -2 | 6 | 14-07-2026 |
| 8 | Rekordvarmt igjen: – Aldri sett lignende | 0 | 8.75 | 06-08-2026 |
| 9 | De med minst rammes hardest av varmen, viser forskning | 0 | 9.11 | 16-07-2026 |
| 10 | Varmt på jobben? Du har ikke rett til å gå hjem | 0 | 9.22 | 15-07-2026 |