Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Noah Holm blei Brann-helten i ellevilt Europa-drama

Дата публикации: 11-08-2026 19:55:12

Brann såg ut til å vere på veg ut av Europa. Så kom Noah Holm inn frå benken og scora to gonger.

Основное содержимое страницы с новостью.

Brann måtte snu 0–1 frå den første kampen mot Apollon Limassol på Brann Stadion for å halde liv i Europa-draumen.

Etter ekstraomgangar på Kypros stod det 4–2 til Brann og 4–3 samanlagt.

Dermed er bergensarane vidare til den siste kvalifiseringsrunden før seriespelet i Europaligaen.

Draumemål gav håp

Etter 16 minutt slo Kristall Máni Ingason til. Han finta seg forbi to motspelarar, skar inn i sekstenmeteren og sette ballen i mål til 1–0. Dermed var dobbeltoppgjeret heilt ope igjen.

Apollon hadde likevel mykje av initiativet, og i det 86. minutt utlikna Ivan Ljubic til 1–1.

Med det resultatet var Brann på veg ut av Europa.

Trenar Eirik Horneland etter tapet på heimebane. I dag slo Brann tilbake.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Holm redda Brann på overtid

Noah Holm starta kampen på benken og blei sett inn etter 73 minutt.

Så, seks minutt på overtid, kom scoringa som endra alt.

Holm steig til vêrs og stanga inn 2–1. Målet gjorde at det stod 2–2 samanlagt og sende kampen til ekstraomgangar.

– Den scoringa der kan vere verdt så vanvitig mykje, sa VGs ekspertkommentator Vegard Leikvoll Moberg.

Slo til igjen

Berre to minutt ut i ekstraomgangane fekk Brann eit nytt tilbakeslag.

Gaëtan Weissbeck sette inn 2–2 og sende Apollon tilbake i føringa samanlagt.

Men Brann svarte nesten med ein gong.

I det 94. minutt fekk Holm til ei avslutning som gjekk via ein Apollon-spelar og i mål.

Dermed stod det 3–2 til Brann og 3–3 samanlagt.

– Med desse to måla her frå Noah Holm, så er det håp for avansement, sa Leikvoll Moberg.

Eriksen avgjorde

Like før pause i den første ekstraomgangen kom målet som til slutt avgjorde kampen.

Kristian Eriksen sette inn 4–2 etter 105 minutt. Dermed var Brann for første gong i føringa samanlagt.

Brann måtte likevel gjennom ein nervepirrande slutt.

To minutt før slutt fekk Ingason sitt andre gule kort og blei utvist. Dermed måtte bergensarane avslutte kampen med ti mann.

Brann heldt unna og vann 4–2, 4–3 samanlagt.

No ventar siste kvalifiseringsrunde i Europaligaen. Vinnaren der går vidare til seriespelet.

Fredrik Pallesen Knudsen og Kristian Eriksen snudde 0-1-tapet på heimebane etter ein svært spanande fotballkamp på Kypros.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Publisert 11.08.2026, kl. 21.55 Oppdatert 11.08.2026, kl. 22.10

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Hele brann-Norge stilte opp: – Utrolig takknemlig013.4525-07-2026
2Försvunna mannen i Nora återfunnen0501-07-2026
3Gustav Nordh det stora utropstecknet för Brage2321-06-2026
4В Норвегии предрекли неизбежный исход для Европы01026-07-2026
5Brand i sjöstuga – en misstänkt för brott0012-07-2026
6Bortvist etter ufin oppførsel0511-07-2026
7«Da skulle spillet vært stoppet»01012-07-2026
8Mannefall etter stygg Wærenskjold-velt-2616-07-2026
9Pelimyynti sakkaa Norjassa – ravipäivät leikkuriin -2325-06-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 14.22. Источник: www.nrk.no.