Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Nye detaljar om dødsfalla – fann hunden død i skapet

Дата публикации: 28-02-2025 08:20:14

Gene Hackman og kona blei onsdag funnen døde i heimen sin. Omstenda rundt dødsfalla blir etterforska, seier amerikansk politi.

Основное содержимое страницы с новостью.

Den 95 år gamle skodespelaren hadde tilsynelatande vore død i lengre tid da han blei funnen, ifølge politiet i New Mexico.

Det same gjaldt kona hans Betsy Arakawa, som berre blei 63 år gammal.

Politiet har tidlegare sagt at det ikkje er mistanke om noko kriminelt. Åstaden var likevel merkeleg nok til at politiet reknar dødsfalla som mistenkelege, skriv The Guardian.

– Det er ingen umiddelbare teikn på noko kriminelt. Men vi har ikkje utelukka det ennå, sa Santa Fe-sheriff Adan Mendoza på eit pressetreff.

Gene Hackman og kona Betsy var gift i over 30 år. Her på Golden Globes i 2003.

Foto: MARK J. TERRILL / AP / NTB

Paret blei funne av to vaktmeistrar, som stundom utførte arbeid på eigedommen, skriv BBC,

I nødsamtalenseier ein av dei at han ser ein eller to døde personar inne i huset gjennom vindauget.

«Nei, dei bevegar seg ikkje. Berre send nokon ut hit med ein gong», insisterer han.

I samtalen seier vaktmeisteren at han ikkje kjem seg inn i huset. Men ifølge politiet fann dei inngangsdøra open.

Mumifiserte

Hackman blei funne i nærleiken av kjøkkenet, med solbriller og ein stokk på golvet. Ifølge politiet ser han ut til å ha falle.

Den 32 år yngre kona blei funne på badet. På golvet ved sida av låg det ein berbar varmeomn. Politiet meiner han kan ha falle ned dersom Arakawa fall brått i bakken.

Samtidig blei ein av hundane deira funne død inni eit skap på badet.

To andre hundar var framleis i live. Ein av dei var inne i huset, den andre utanfor.

Ifølge ein politibetjent på staden viste kroppane til paret teikn på nedbryting og mumifisering på hender og føter.

Ukjent dødsårsak

Dødsårsakene er framleis ikkje kjente. Til TMZ seier familien at dei mistenkar karbonmonoksidforgifting, men det blei ikkje funne noko tegn til verken gasslekkasje eller karbonmonoksid i heimen ifølgje politiet.

Det var heller ingen teikn på ytre skadar.

– Det var ingen indikasjonar på kamp, sa sheriff Adan Mendoza.

Han stadfestar ikkje kor lenge dei kan ha lege døde. Vaktmeistrane skal ha hatt kontakt med paret to veker tidlegare.

– For oss var han berre pappa og bestefar

Hackman og Arakawa var gift i over 30 år. Dei møttest på 80-talet, og gifta seg i 1991.

Hackman spelte i over 100 filmar og TV-seriar, men pensjonerte seg i 2004. Han har i tillegg skrive flerre bøker og vunne to Oscar-prisar, to Bafta-prisar og fire Golden Globes.

Christopher Reeve og Gene Hackman på premieren til Superman i 1978.

Foto: REED SAXON / /Ap / NTB

Tre av Hackmans barn frå eit tidlegare ekteskap har bekrefta dødsfallet til BBC.

– Han var elska og beundra av millionar rundt om i verda for den strålande skodespelarkarrieren sin, men for oss var han alltid berre pappa og bestefar. Vi kjem til å sakne han sårt og er knuste av tapet.

Interessert i utanriks? Høyr Urix-podkasten her:

Publisert 28.02.2025, kl. 09.20 Oppdatert 28.02.2025, kl. 11.56

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Scadenze fiscali dal 10 al 16 agosto 2026 che slittano, quando riprendono i pagamenti dopo la pausa estiva015.7510-08-2026
2Offerte voli low cost in Europa, la classifica delle città più economiche in autunno09.212-08-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новости: 2. Тональность: 0. Информативность: 0. Источник: www.nrk.no.