Femten ungdomar i alderen 12-18 år er med i kampen om Ibelinprisen, som om ein månad skal delast ut for første gong. Dei nominerte er frå fritidsklubbar i heile landet.
Nyhetssaker
Dei nominerte til den første Ibelinprisen (frå oppe til venstre): Arian, August, Benjamin, Kristian, Marcus, Mathias, Oliver, Ragna, Robin, Ronja, Sindre, Sondre, Theo, Thomas og William.
Femten ungdomar i alderen 12-18 år er med i kampen om Ibelinprisen, som om ein månad skal delast ut for første gong. Dei nominerte er frå fritidsklubbar i heile landet.
Ibelinprisen – årets rollemodell innan gaming – er ein ny pris, som blir delt ut av Medietilsynet. Prisen ber namnet etter Mats «Ibelin» Steen, og faren til Mats, Robert Steen, leier juryen som skal kåre ein vinnar.
– Prisen skal løfte fram positive førebilde som bidrar til ein trygg og inkluderande dataspelkultur, og førebygge utfordringar knytte til speling, seier fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.
Det er vaksne personar knytte til fritidsklubbar rundt om i landet som har nominert kandidatar. Dei nominerte er:
Medietilsynets fungerande direktør vil løfte fram alle dei nominerte og klubbane deira.
– Det blir éin pris til personen som vinnar og klubben som vinnaren er tilknytt, men vi må understreke at i dette feltet har vi allereie femten vinnarar og like mange vinnarklubbar. Alle involverte som er med nå, er spelarar som bidrar til ein positiv gamingkultur og klubbar med fokus på dette, seier Sekkelsten.
Ei lita veke før prisutdelinga, den 6. november, vil femten kandidatar bli til tre. Da vil det bli klart kven av dei nominerte som blir med i eit "finaleheat" som blir invitert til prisutdelinga i Fredrikstad den 12. november.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | 19 nominasjoner til Ibelin-prisen | 0 | 5 | 07-07-2025 |
| 2 | Ibelinprisen: Finaleheatet er klart | 0 | 5 | 06-11-2025 |
| 3 | Nå kan alle nominere til Ibelinprisen | 0 | 5 | 16-04-2026 |
| 4 | Robin fra Røros vant Ibelinprisen | 7 | 6 | 12-11-2025 |
| 5 | Medietilsynet ønsker kandidater til menneskerettighetspris for journalister | 0 | 5 | 04-05-2026 |
| 6 | Минобрнауки начинает отбор заявок на стипендии и гранты президента для молодых ученых | 0 | 0 | 08-09-2020 |
| 7 | Представители 55 регионов России будут бороться за звание "Студента года" | 0 | 0 | 06-11-2019 |
| 8 | Ber foreldre være aktive i møte med barnas sosiale medier | 0 | 7 | 22-10-2025 |
| 9 | Стартовал фестиваль Союзного государства "Творчество юных" | 0 | 0 | 09-03-2023 |
| 10 | Agnes, 20, premiärsimmar – får råd av rekordmoster och 92-årig mormor | 2 | 6 | 04-07-2026 |