Voss fallskjermklubb har einstemmig vedteke å vidareføre drifta på Bømoen. Det skjer på sjølve datoen der dei sjølve meiner festeavtalen går ut, og trass i at dei nyleg tapte i tingretten. Det melder avisa Hordaland.
I ei pressemelding laurdag kveld slår klubben fast at fallskjermhoppinga og drifta av anlegget held fram som normalt. Grunnen er at klubben har anka tingrettsdommen – som påla dei å fråvike området – til Gulating lagmannsrett. Sidan dommen ikkje er rettskraftig, og det samstundes føregår ein offentleg prosess der Voss herad har vedteke oreigning av eigedomen, meiner styret det er rett å halde fram.
Grunneigar Bømoen AS fekk medhald i tingretten om at avtalen gjekk ut for to år sidan. Styreleiar Olav Lægreid i Bømoen AS ynskjer førebels ikkje å kommentere pressemeldinga frå fallskjermklubben.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Her leker de ikke «roing» – stiller med vikingskip i Bygstad i Sunnfjord | 0 | 5 | 05-07-2026 |
| 2 | MC-fører til Haukeland etter utforkjøring i Bergen | 0 | 5 | 05-07-2026 |
| 3 | Dommen er klar: Det blir VM-fest i Bergen | 5 | 7 | 07-07-2026 |
| 4 | il bosco | 0 | 0 | 18-01-2009 |
| 5 | Пятанов назначен главным тренером фарм-клуба московского "Динамо" в ВХЛ | 0 | 0 | 18-06-2020 |
| 6 | Børsfall for Nordic Mining – miljørørsla ber Støre gripa inn i Førdefjorden | 0 | 5 | 06-07-2026 |
| 7 | Чемпионат Европы по стрельбе перенесли из Эстонии после недопуска россиян | -5 | 5 | 06-07-2026 |
| 8 | 0 | 0 | 29-04-2026 | |
| 9 | Шведский защитник Юсе перешел в клуб КХЛ "Спартак" | 0 | 0 | 18-06-2020 |