– Eg er litt mållaus og tom for ord. Eg trur det kjem til å ta veldig lang tid å fordøye heile opplevinga.
Det seier Nora Kojen Stubbe. 23-åringen frå Trondheim sprang 70 rundar på løpet Backyard ultra.
Det er eit løpekonsept der det kvar time startar eit nytt løp på 6,706 kilometer. Tida mellom du fullfører runden, og neste hele klokketime, kan du slappe av litt. Så er det ut og løpe igjen.
Og slik held du på, til ingen andre er med og spring.
Løpet starta på laurdag og etter nesten tre døgn og over 469 kilometer seinare, var løpet over for 23-åringen.



Midt på natta, mellom to rundar, fekk Nora Kojen Stubbe tid til å danse swing.
Kirsti Kojen– Det er heilt sinnssjukt. Eg hadde aldri trudd eg skulle springe 70 rundar på eit backyard. Det er uverkeleg, seier Stubbe som sikra seg ein 3. plass.
Men med det slo ho noregsrekorden for kvinner på 47 rundar, som ho sjølv sette under løpet i fjor:
Dobbel noregsrekordVinnaren av årets Muruvik Backyard Ultra blei Anders Johnsen frå Sandefjord.
Han fullførte 73 rundar, som vil seie at han heldt på i over tre døgn og sprang til saman 489,5 kilometer.
Anders Johnsen har sett noregsrekord i ultraløp for menn. Den tidlegare noregsrekorden for menn var på 66 rundar.
Foto: Per Kristian Brevik Setten / NRKMed det sette han ny noregsrekord for menn.
– Det kjem jo periodar der ein tenker at ein vil gi seg, men så må ein finne grunnane sine til å fortsette og stå i det, seier den ferske noregsmeisteren.
Med 1. plass og noregsrekord for menn, skal Johnsen delta i VM i løpekonseptet i USA til neste år.
Like bak han, på 2. plass, kom Jon Asphjell frå Trondheim. Han fullførte 72 rundar og la 482,8 kilometer bak seg.






Anders Johnsen løper inn til norgesrekord på Backyard ultra
Tage RøstenEtter tre døgn med løping skulle ein tru at det var to nedbrotne og slitne noregsmeistrar.
– Kroppen er faktisk overraskande fin, med tanke på at eg har sprunge i 70 timar. Det er sånn godt vondt, seier trønderen dagen etter bragda.
NRK møter begge dei ferske noregsmeistrane dagen derpå.
– Eg trudde det kom til å bli mykje verre. For etter Murvika i fjor med 47 rundar, var det vanskelegare å kome seg heim.
No kan ho feire nok ein noregsrekord.
Foto: Per Kristian Brevik Setten / NRKOgså Johnsen ser ut til på vere i god form, sjølv om han kjenner dei siste døgna på kroppen.
– Eg har fått nokre gode timar med søvn no, men merker sjølvsagt framleis at eg er sliten mentalt. Beina er framleis stive og vonde.



Å løpe i tre døgn har sett sine spor på føtene til Anders Johnsen
Johnsen fortel at han sov frå klokka 16 i går til klokka 09 i dag, det har også vore kuren for Stubbe.
– Eg har eigentleg berre lege i senga. Ikkje bevegd meg så mykje, berre slappa av, seier Stubbe.
«Kvifor gjer eg dette?»Trass i at han sprang to rundar lengre, let Johnsen seg imponere over Stubbe som slo sin eigen noregsrekord for kvinner.
– Det er heilt, heilt spinnvilt. Viss du ser på verdsbasis, er vel det ein av dei beste prestasjonane i Backyard-historie. Det er heilt ellevilt.
Stubbe ligg no på ein 9. plass i verdsrankinga i løpekonseptet.
– Dette er langt frå det siste vi kjem til å sjå frå ho, legg han til.
– Kva føregår oppi hovudet når ein held på?
– Den første natta hugsar eg at eg tenkte «dette er så tullete. Kvifor gjer eg det? Kvifor er folk så engasjert?», seier Stubbe.
Motiverande ord frå støtteapparatet mellom rundane til Nora Kojen Stubbe.
Foto: Nora Kojen Stubbe– Men så tar ein seg litt saman.
Stubbe har hatt med seg far, onkel og eit søskenbarn som støtteapparat.
– Ein blir rørt av å tenke på alle som har jobba i kulissane og bak for at vi berre kan halde på å springe.
I støtteapparatet har Stubb hatt med seg søskenbarnet sitt Mari Kojen Rognmo.
Foto: Katrin ØienOg medan Johnsen skal springe VM i løpekonsept i USA til neste år, har Stubbe sett seg eit anna mål:
– Det er jo ikkje rekordane som driv meg framover. Det er å hele tida kunne pushe grensa. No er neste mål Oslo-Bergen til sommaren. Det er godt over 500 kilometer.
– Blir det ny noregsrekord til neste år?
– Det veit eg ikkje. Det får tida vise, smiler ho.
Publisert 21.10.2026, kl. 17.03
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Ranheim med historisk rekord | 0 | 8.98 | 24-10-2026 |
| 2 | Вратарь сборной Кабо-Верде стал рекордсменом по одному показателю | 0 | 5 | 04-07-2026 |
| 3 | Житель Ингушетии установил новый рекорд по силе хвата | 0 | 6.94 | 23-08-2026 |
| 4 | Российский тяжелоатлет установил юниорские рекорды Европы | 0 | 10 | 25-08-2026 |
| 5 | Knuste norgesrekorden | 0 | 7.66 | 18-10-2026 |
| 6 | Махачев установил рекорд UFC по продолжительности победной серии | 0 | 10 | 16-08-2026 |
| 7 | Американец Дрессел установил мировой рекорд на Олимпиаде в плавании на 100 м баттерфляем | 0 | 0 | 31-07-2021 |
| 8 | Легкоатлет из Адыгеи готовится побить рекорд американца в трехсуточном забеге без сна | 0 | 0 | 22-01-2019 |
| 9 | Красноярец установил новый мировой рекорд по подтягиванию на перекладине | 0 | 0 | 22-03-2021 |
| 10 | Российский экстремал установил мировой рекорд по стратосферному прыжку | 0 | 7.99 | 22-08-2026 |