Eldstemann innrømmer delvis å ha dyrka cannabis og stole straum. Veslebroren nektar for å ha bidratt til den ulovlege produksjonen i einebustaden.
Brørne er begge dømte til fengsel i eitt år og seks månader for produksjon og oppbevaring av narkotika, mens den yngste av dei er frifunnen for tjuveri av straum.
Kom på overraskingsbesøkDa politiet tok seg inn i huset i Vestfold i mai 2024, fekk dei straks bekrefta mistanken om at det gjekk føre seg produksjon av narkotika på staden.
I einebustaden blei det funne litt over sju kilo cannabis, materiale frå cannabisplantar og kokain, og dessutan ei stor mengde utstyr for planteproduksjon.
Det blei også oppdaga at nokon hadde fikla med sikringsskapet i bustaden, slik at straumforbruket ikkje blei registrert av målaren. Kor store summar det var snakk om, er ikkje gjort kjent.
Nektar straffskuldDen eldste broren har delvis erkjent alle forhold. Han hevdar å ha hjelpt sin no avdøde far med den ulovlege produksjonen.
I retten fortalde han at faren tidlegare hadde stått for dyrkinga, og at han sjølv seinare hadde ført vidare dette.
Det er også grunnen til at han berre erkjenner delvis straffskuld – fordi fortenesta også kom faren til gode.
Den yngste broren nektar på si side for å ha vore involvert i nokon av lovbrota. Han har forklart at han berre besøkte broren for å sjå film eller skru på bilar.
Bildet er tatt av politiet etter at dei avdekte lovbrota på eigedommen i Vestfold.
Foto: PolitietFleirtalet i retten meinte han snakkar usant, og at funn av DNA-et til mannen på plast rundt cannabis knyter han til lovbrota.
Dette meinte han lét seg forklare ved at gjenbrukt hushaldsplast frå kjøkkenet må ha blitt brukt til å pakke inn cannabisen. Den forklaringa meinte retten verka svært lite truverdig.
Da politiet slo til, låg det nemleg narkotika og produksjonsutstyr ein rekke stader på eigedommen – blant anna i kjellaren og i garasjen. Dette meiner politiet og retten det er umogleg å ikkje ha lagt merke til.
Politiet har også funne meldingar som omhandlar narkotikasal på telefonen til veslebroren, noko dei meinte styrkte mistanken om at han var involvert.
Ankar dommenAdvokat Tore Moen er forsvarar for den yngste av dei to brørne.
Han opplyser til NRK at dommen vil bli anka.
Tore Moen er forsvarar for den yngste av dei to brørne som no er dømte.
Foto: Joel Waag– Han er ueinig i retten sine vurderingar av bevisa, seier Moen.
– Han har forklart at han ikkje har noko med produksjonen og oppbevaringa å gjere. Han har ikkje budd i huset, og meiner seg ikkje skuldig etter tiltalen.
Forsvararen til den eldste broren, Ole Lien, seier dei skal gå gjennom dommen og vil vurdere om han skal ankast.
Politiadvokat Christian Asdahl meiner dommen er rett.
– Dette er ein dom som langt på veg er det vi påstod, seier Asdahl.
Han legg til at det er sett ein ankefrist til 3. november og at dommen derfor ikkje er rettskraftig.
Publisert 22.10.2026, kl. 07.01 Oppdatert 22.10.2026, kl. 08.11
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Sikta for grovt narkotikalovbrot – blir fengsla vidare | 0 | 4.83 | 14-08-2026 |
| 2 | Två män åtalas för narkotikabrott i Nässjö | 0 | 5 | 30-06-2026 |
| 3 | Avestabo odlade cannabis i garaget | 0 | 10 | 30-07-2026 |
| 4 | Man slog gravid kvinna med sopkvast – döms till fängelse | 0 | 8.52 | 13-07-2026 |
| 5 | Hade knarktallrik i attefallshus – döms mot sitt nekande | 0 | 6.87 | 16-10-2026 |
| 6 | Stoppades på elsparkcykel – misstänks för fyra brott | 0 | 7.51 | 24-07-2026 |
| 7 | NHH-student tiltalt i omfattande narkotikasak i Bergen | 0 | 19.59 | 14-10-2026 |
| 8 | Åtalas för att ha hällt kokhett vatten över medfånge | 0 | 7.66 | 06-08-2026 |
| 9 | Mängder med narkotika och en stulen bil – två döms till fängelse | 0 | 7.56 | 18-10-2026 |