Dei har sanka prisar, intervjua dei største kjendisane i Noreg og kapra hjarta til sjåarane. No er «A-laget» tilbake – med fleire reporterar frå Tønsberg.
Laurdag er det premiere på nye episodar av NRK-serien som har hatt vanvitige sjåartal på dei to første sesongane.
Reporterane i «A-laget» er ein samansett gjeng frå TV BRA, Dissimilis og Smiløkka. Av dei 30 reporterane i prosjektet, er den heile 15 stykk som held til på Smiløkka i Tønsberg.
Til kvardags jobbar gjengen med alt frå treverk og tekstil til kjøkken, der dei blant anna leverer mat til barnehagar og barneskular i området.
Men dei siste åra har kvardagen også bestått av å stille dei mest profilerte personane i Noreg direkte og ærlege spørsmål.
Magnus Skorge Olaff kombinerer kokkejobben med reporterjobb for A-laget.
Foto: Fredrik Hansen / NRKSuksessen har ført til eit skikkeleg prisdryss over programmet.
«A-laget» har blant anna sikra seg Gullruten for beste underhaldningsprogram i 2025, Sor-prisen 2025, og dessutan prisane for Årets underhaldningsprogram og Årets nykommar under Se og Hør Reality Awards 2025.
Reporter Alexander Heimen synest det heile kjennest litt surrealistisk.
– Eg tenker det er veldig sprøtt, eg. Vi er kjendisar, men samtidig er vi normale arbeidsfolk, liksom. Og så har vi vunne så mykje, og det kjennest heilt fjernt, seier Heimen.
Alexander Heimen er både reporter for A-laget og jobbar på kjøkkenet på Smiløkka i Tønsberg.
Foto: Fredrik Hansen / NRKSjølv om han innrømmer litt nervar før han laurdag skal gjeste «God morgen Norge», trur han det kjem til å gå bra.
Møter Solbakken, Stordalen og MärthaI den nye sesongen får sjåarane møte eit nytt stjernelag av kjendisar.
På lista står blant anna;
For reporterane er det ingen tvil om kven som har gjort sterkast inntrykk.
Møtet med landslagssjefen i fotball gjorde stort inntrykk på deltakarane i A-laget.
Foto: Monster / NRK– Ståle Solbakken, Petter Stordalen, Märtha Louise, Simen Velle og Gro Harlem er vel dei som har hatt mest betydning for meg, fortel éin av reporterane.
Avslører stikkord før sesongstartLaurdag klokka 21.05 brakar det laus på TV-skjermen, med Ståle Solbakken som første gjest ut.
Reporter Amalie Frednes er meir enn klar for premieren, og byr på eit lite stikkord om kva sjåarane har i vente i sesongen.
God stemning da prinsesse Märtha Louise gjesta programmet.
Foto: Monster / NRK– Jägermeister, avslører Frednes mystisk.
Men før TV-sjåarane benkar seg på laurdag, tjuvstartar gjengen feiringa i hovudstaden saman med resten av «A-laget».
– Det trur eg kjem til å bli kjempegøy. Eg trur det kjem til å bli stor stas å feire at sesong tre begynner på laurdag, blir det fortalt frå gjengen.
Publisert 22.10.2026, kl. 19.00 Oppdatert 22.10.2026, kl. 20.02
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Norges råeste bakkeløp sleit med frivillige: Får hjelp av Rune Rudberg | 0 | 5 | 02-07-2026 |
| 2 | Stordalen holdt festtale: – Ingen skal være edru | 0 | 18.3 | 01-06-2026 |
| 3 | Årepolisen med i nya realityserien | 0 | 7.66 | 20-10-2026 |
| 4 | Olsen står over verdenscupåpningen | 0 | 6.12 | 23-10-2026 |
| 5 | Tidligere TV 2-fotograf får premiere på «Hollywood-tidspunkt» | 0 | 17.14 | 24-07-2026 |
| 6 | Fröjered levererar nya spelare till distriktslaget | 0 | 20 | 15-10-2026 |
| 7 | «Sjokkvalget» herjet: – Kan ikke huske sist | 0 | 10 | 20-09-2026 |
| 8 | Ville unngå gjenger bak Oasen: Da laget de dette | 0 | 10 | 20-09-2026 |
| 9 | Granelunds satsning – nytt bageri | 0 | 5 | 04-07-2026 |