Ein analyse av innhaldet i søppelposane viser at mange er elendige til å kjeldesortere. Og ei gruppe gjer det spesielt dårleg.
Framfor eit fire–fem meter høgt berg av søppelposar på Notodden står Ove Reidar Moen.
Han er dagleg leiar for renovasjonsselskapet IRMAT, som tar seg av avfallet til innbyggarane i Notodden, Midt-Telemark og Hjartdal.
I vår blei eit utval av restavfallsposane ved IRMAT analysert. Eit stort utval posar blei opna for å sjå kva folk eigentleg kastar.
Resultatet var nedslåande.
– Her var det dessverre ein del feilsortering. Heile 56 prosent av det som låg i posane kunne gått til materialgjenvinning, seier Moen.
Ove Reidar Moen er dagleg leiar ved IRMAT.
Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRKHan trekker fram matavfall som ein stor syndar.
Berre matrestane utgjorde 29 prosent av vekta i posane.
– Det er veldig synd. Dette brenn vi berre éin gong, og så får vi ikkje utnytta ressursane, slår han fast.
Hyttefolket er verstinganeMens hushalda har mykje å gå på, står det endå dårlegare til hos hytteeigarane.
Renovasjonsselskapet hentar søppel hos rundt 5000 hytter i sitt område.
Her viser analysen at heile 75 prosent av restavfallet eigentleg skulle vore sortert.
– Det verkar som vi tar litt ferie når vi er på hytta, sjølv om det er moglegheiter til å sortere alt der òg, fortel Moen.
Selskapet Mepex har gått gjennom eit utval av restavfallet som blei levert inn til renovasjonsselskapet IRMAT våren 2026.
Foto: MepexHan peikar ut både ketsjupflasker og eggkartongar i haugen med søppel framfor seg. Ting som enkelt kunne hamna i plast og papir.
I søppelhaugen ligg det også nokre vinflasker som burde vore sorterte til glas og metall.
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Mange tenker kanskje at renovasjonsavgifta uansett er betalt, og at dei dermed kan kaste som dei vil. Det er ein dårleg idé, meiner Moen.
– Det er nok nokon som tenker sånn, men da kan jo renovasjonsavgifta berre bli dyrare, åtvarar han.
Dårleg sortering kostar nemleg meir for miljøet.
Det kostar også meir for IRMAT. Papir, plast og metall i restavfall gjer at det blir dyrare for renovasjonsselskapet.
Berre toppen av søppelberget. I gjennomsnitt leverte kvar innbyggar i Irmats tre eigarkommunar 119 kg restavfall i 2025.
Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRKProblemet gjeld ikkje berre i Telemark.
I snitt kastar kvar nordmann 111 kilo restavfall i året. Over halvparten av dette kunne vore vunne tilbake.
Dårleg kjeldesortering kan få store konsekvensar.
Foto: Johnny Syversen / LOOPNoreg ligg nå så langt bak EUs mål for materialgjenvinning at overvakingsorganet ESA har oppretta sak mot landet.
Om vi ikkje skjerpar oss, kan Noreg stemnast inn for Efta-domstolen.
Eit tap vil svekke Noregs rykte som føregangsnasjon på miljø- og klimafeltet.
– Fleire nye krav er innførte i nasjonale regelverk. Noreg erkjenner likevel at det står att arbeid for å nå måla, uttaler departementet i ei sak NRK skreiv om temaet tidlegare i haust.
Ny kampanje skal motivereInnan 2035 skal 65 prosent av avfallet vårt vinnast tilbake.
I 2024 låg vi på godt og vel 46 prosent.
I desse dagar blir det rulla ut ein nasjonal kampanje i regi av LOOP, Stiftelsen for kildesortering og gjenvinning.
Målet er å få bukt med unnskyldningane vi bruker når vi tar oss ein «mellombels moralsk pause» framfor søppelkassa.
Stine Helgeland, dagleg leiar i stiftinga, er optimist.
Stine Helgeland, dagleg leiar i LOOP.
Foto: Thomas Brun– Om vi for eksempel kjeldesorterte all papp, papir og drikkekartong som i dag blir kasta i restavfallet, kunne vi spart 560.000 tre kvart år, uttaler ho i ei pressemelding om kampanjen.
Tilbake på Notodden trur Ove Reidar Moen mykje handlar om ei misforståing som må oppklarast.
– Det er nok mange som tenker at alt berre går i éin haug og blir blanda saman. Men sånn er det jo ikkje, avsluttar han.
Publisert 23.10.2026, kl. 11.39 Oppdatert 23.10.2026, kl. 12.50
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Overtid for deltidsansatte: Fortsatt stor avstand | 0 | 9.22 | 21-07-2026 |
| 2 | Frykter kaos ved strender: – Hvor du parkerer kan være avgjørende | 0 | 5 | 10-07-2026 |
| 3 | Spår prishopp i haust: – Mykje å spare på å teikne noregspris no | 0 | 7.26 | 10-08-2026 |
| 4 | Rødt krever full opprydding: – Slavelignende forhold | 0 | 7.74 | 20-07-2026 |
| 5 | Sitter værfast på hytta: – Først gikk strømmen, så forsvant veien | 0 | 8.04 | 25-10-2026 |
| 6 | Brevik-saken: Avhør ga ingen svar | 0 | 0 | 09-07-2026 |
| 7 | Более четверти россиян решили не брать отпуск летом 2021 года | 0 | 0 | 21-04-2021 |
| 8 | Исследование: почти треть россиян в этом году планируют провести отпуск дома | 0 | 0 | 02-07-2020 |
| 9 | Исследование Unisimka: каждый четвертый опрошенный ограничивает геолокацию в отпуске | 0 | 10 | 18-08-2026 |
| 10 | Espen Høiby saksøkt av studenter etter flyskolekonkurs | 0 | 8.77 | 23-10-2026 |