Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Zelenskyj med stikk til Trump-utsending etter nye angrep

Дата публикации: 22-10-2026 11:05:57

Dei siste samtalane mellom Russland og USA har ikkje forandra på noko, meiner Ukrainas president.

Основное содержимое страницы с новостью.

Dei siste samtalane mellom Russland og USA har ikkje forandra på noko, meiner Ukrainas president.

ANGREP: Eit kjøpesenter i den ukrainske hovudstaden Kyiv blei treft av eit russisk missil natt til torsdag. Foto: Stringer / Reuters / NTB
ANGREP: Eit kjøpesenter i den ukrainske hovudstaden Kyiv blei treft av eit russisk missil natt til torsdag. Foto: Stringer / Reuters / NTB

Publisert 22.10.2026 13:05 Sist oppdatert 1 dag siden

– Sidan i går kveld har russiske «humanitære» sendt tre bølger med ballistiske missil mot Kyiv, skriv Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i ei melding på X torsdag.

Vidare fortel Zelenskyj at bustadblokker, kjøpesenter og næringslokale er blant det som blei treft.

– Sjølv eit kloster er blant dei skadde stadane. Naudetatane våre jobbar i dei råka områda, skriv Zelenskyj.

Ifølge han blei to personar drepne i angrepa. Minst 34 personar blei skadde, blant desse var fem barn.

Hylla, rosa og takka Putin

At Zelenskyj brukte ordet «humanitære» i seie skildring av angrep i natta er neppe tilfeldig.

USAs spesialutsending Steve Witkoff brukte dei same orda då han møtte Russlands president Vladimir Putin onsdag.

– Du snakkar mykje om at presidenten min, president Trump, er ein humanist. Du er også ein humanist. Eg hyllar det, rosar deg og takkar deg igjen, sa Witkoff til Putin.

MØTTEST I RUSSLAND. Steve Witkoff spara ikkje på rosen då han møtte Putin i St. Petersburg. Foto: Gavriil Grigorov / Sputnik / AP / NTB
MØTTEST I RUSSLAND. Steve Witkoff spara ikkje på rosen då han møtte Putin i St. Petersburg. Foto: Gavriil Grigorov / Sputnik / AP / NTB

Nupi-forskar Iver B. Neumann var blant ekspertane som reagerte på utsegna frå Witkoff.

Han viste til alle ugjerningane mot sivile som har gått føre seg frå russisk side i snart fem år.

– Det får vere måte på kor mykje ein skal klø folk på ryggen, sa Neumann til TV 2 onsdag.

DREPT: Samme dag som Trump roser Putin, må ukrainere bære bort døde barn fra en lekeplass i Kharkiv.

Samme dag som Trump roser Putin, dør Angelina (1) i barnevognen sin – Inga reell endring

Samtalane mellom Witkoff og Putin i St. Petersburg onsdag førte ikkje til noka endring på bakken i Ukraina, meiner Zelenskyj.

– Nesten med ein gong etter ein ny runde med samtalar, sette Russland i verk eit målretta angrep. Dette viser at det ikkje har skjedd noka reell endring i haldninga deira til det som finn stad, skriv Zelenskyj.

I OSLO: Zelenskyj hadde møte med Finlands president Alexander Stubb (t.v.), statsminister Jonas Gahr Støre og dei amerikanske utsendingane Steve Witkoff og Jared Kushner denne veka. Foto: Daniel Sannum Lauten / TV 2
I OSLO: Zelenskyj hadde møte med Finlands president Alexander Stubb (t.v.), statsminister Jonas Gahr Støre og dei amerikanske utsendingane Steve Witkoff og Jared Kushner denne veka. Foto: Daniel Sannum Lauten / TV 2

Presidenten seier at det er viktig å halde fram med å finne løysingar for å få slutt på krigen.

– Men når Russland svarar på forhandlingar med ballistiske missil, krevst det reelt press mot Russland for å tvinge fram andre handlingar – handlingar som kan få ein slutt på drapa, skriv Zelenskyj.

KYIV: Eit bustadområde var blant stadane som blei råka av angrepa natt til torsdag. Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
KYIV: Eit bustadområde var blant stadane som blei råka av angrepa natt til torsdag. Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

Han viser til at Ukraina treng styrkt luftforsvar, rask levering av missil og sanksjonar mot Russland på grunn av krigføringa.

Zelenskyj vil også styrke evna til å øydelegge utskytingsrampar for ballistiske missil.

Artikkelen er oppdatert

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Зеленский не хочет завершения конфликта на Украине, заявил Трамп03.4919-10-2026
2Ukraine's Zelenskiy says he spoke to Trump, calls for 'American resolve' to help end war2604-07-2026
3Трамп планирует обсудить с Зеленским мирное урегулирование06.7327-07-2026
4Трамп заявил о нежелании Зеленского завершать конфликт07.4318-10-2026
5Зеленский заявил о готовности Украины обсуждать мирное соглашение06.2320-10-2026
6Зеленский не хочет завершать украинский конфликт – Трамп07.6619-10-2026
7Zelenskyy urges Trump to pressure Russia and broker peace in Ukraine010.9109-06-2025
8Трамп призвал Зеленского завершить конфликт на Украине05.3429-07-2026
9Трамп заявил, что призвал Зеленского завершить конфликт05.1429-07-2026
10Avslører flere avtaler: – Gjør det meget lumsk07.6622-10-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 14.35. Источник: www.tv2.no.