Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Ut mot media etter kritikk-kampen: – De er vel ute etter klikk

Дата публикации: 20-10-2026 13:22:32

Zlatko Tripic måtte tole mykje kjeft etter Bayern München-kampen. Nå krev Viking-kapteinen at merksemda heller blir flytta til den kommande storkampen mot Aston Villa.

Основное содержимое страницы с новостью.

– De er vel ute etter klikk. Denne gongen håpar eg at vi klarer å skape gode overskrifter om korleis vi er som klubb og lag, seier Zlatko Tripic.

Viking-kapteinen har akkurat fått spørsmål om stormen han har stått i dei siste dagane.

Zlatko Tripic fekk seg ein smell i ribbeina under kampen. Etter kampen har det runne inn med hets.

Foto: Carina Johansen / Carina Johansen / NTB

Etter 3–3-bragda mot Bayern München i Meisterligaen, der Tripic reiv, sleit og hissa opp Bayern-stjerna Michael Olise, har reaksjonane hagla.

I Tyskland blei han omtalt som ein «dritsekk», medan Bodø/Glimt-målvakt Nikita Haikin kalla oppførselen «uakseptabel».

Tysdag kommenterer han sjølv kritikken, og seier han meiner situasjonen har blitt haussa kraftig opp.

– Spelte slik som eg pleier

– Først og fremst tenker eg at kritikken kjem fordi eg er ein god fotballspelar. Eg håpar merksemda ligg der, i botn og grunn. Eg har ein tøff spelestil og gir mykje juling, men får også mykje juling, seier Tripic til NRK.

– For å vere heilt ærleg så synest eg ikkje eg var så utruleg ufin mot Bayern München. Eg trur eg laga eitt frispark i kampen, held han fram.

– Men det var vel gjerne det at du fall litt fort?

– Eg synest det er beklageleg overfor resten av laget at det blei overskrifta, seier Viking-kapteinen til NRK.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Nja, men det var frispark i kvar situasjon. Eg spelte slik som eg pleier. Det er millionar av supporterar som støttar Bayern München, og dei var nok litt misfornøgde med at dei ikkje knuste oss.

Viking-profilen legg ikkje skjul på at han synest mediemerksemda etter kampen har blitt litt vel mykje.

– Eg har opplevd mykje mediestyr gjennom karrieren min. Eg skjønner at det er ein del av oppgåva deira, sjølv om eg synest det gjekk litt over kant denne gongen.

– Eg synest det er beklageleg overfor resten av laget at det blei overskrifta, seier kapteinen kontant.

Viking-trenar Morten Jensen seier dei prøver å skjerme fleire av spelarane for den store merksemda rundt Meisterligaen.

– Eg synest folk burde gå ein runde eller to med seg sjølv før dei bestemmer seg for å lire av seg alle slags meldingar. Zlatko er eit fantastisk menneske, både på og utanfor banen, seier Jensen.

Viking-trenar Morten Jensen seier dei forsøker å verne om fleire av spelarane.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Ventar den tøffaste kampen i karrieren

Onsdag ventar bortekamp mot Aston Villa på Villa Park i Birmingham.

På ein pressekonferanse tysdag blei storklubbens trenar Unai Emery spurd om Tripic' spelestil.

– Slik dei spelte mot Bayern München og Stuttgart var fantastisk, også slik dei er i ligaen. Dei kjempar mot Bodø/Glimt, og dei hadde ein fantastisk sesong i fjor og året før.

– Eg trur dei er på ein god stad. Dei har trua på seg sjølv, spesielt kapteinen og andre spelarar òg. Men eg trur at dei som kollektiv er klare for å konkurrera, seier han.

Aston Villa er storfavorittar mot Viking i Meisterligaen i morgon.

Foto: Reuters

Tripic er ærleg på at det er ei tøff oppgåve som ventar dei i Meisterligaen.

– Blir dette den tøffaste kampen du nokosinne har spelt?

– Då hadde eg nok svart ja. Fordi du speler på bortebane mot ein så tøff Premier League-motstand. Engelsk fotball er den beste divisjonen i verda.

Lagkamerat Henrik Heggheim førebur seg også på ein tøff kamp på Villa Park. Han meiner likevel at kampen mot Bayern München viser at Viking kan hamle opp mot dei aller, aller beste.

– Det blir ein vanskeleg kamp defensivt. Vi må prøve å stå i mot og prøve å skape endå fleire sjansar.

Publisert 20.10.2026, kl. 15.22 Oppdatert 21.10.2026, kl. 07.24

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Viking-treneren om Glimt-kritikk: – Tidlig å begynne med «mind games» nå024.120-10-2026
2Tripic med krass kritikk mot eget lag: – Kaster bort kampen01021-10-2026
3Viking-sjefen stussa over dette: – Ikkje opplevd før012.8422-10-2026
4Hovudbry for Viking i gullstriden: – Eg er ikkje i tvil om kva som er viktigast012.223-10-2026
5Profilert dødballtrenar møter gamleklubben: – Blir veldig spesielt013.6821-10-2026
6TV-bilde etter Viking-kamp forbløffar: – Aldri sett noko liknande016.921-10-2026
7På eitt punkt meiner dei Premier League er akterutsegla: – Heilt absurd018.3319-10-2026
8Noch-Kapitän soll Leverkusen verlassen - Wechselt Andrich jetzt ins Ausland?016.819-08-2026
9Balikwisha set to leave Celtic with three clubs interested - gossip05.3415-08-2026
10Nach WM-Frust droht Pavlovic den Bayern-Platz zu verlieren016.0105-08-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 13.58. Источник: www.nrk.no.