Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.
Nyhetssaker
Illustrasjonsfoto, avisredaksjon.
Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.
Forskarar, journalistar, masterstudentar eller andre med gode forskingsprosjekt kan søke om midlar når Medietilsynet skal fordele tilskot til medieforsking for 2027. I år var det totalt om lag 5,5 millionar kroner til fordeling. Det eksakte beløpet for 2027 vil bli vedtatt som en del av statsbudsjettet for neste år.
Forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen.
Søknadsfristen er 14. oktober, og pengane blir fordelte på nyåret.
Ønsker forsking på mediemangfald og kritisk medieforståingMidlane går til forskings- og utviklingsarbeid knytt til media og mediebruk, og prosjekta skal ha både ein teoretisk og praktisk nytteverdi.
– Forsking innanfor mediemangfald og kritisk medieforståing blir prioritert, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet.
Medietilsynet påpeikar at desse områda er viktige for eit velfungerande demokrati, og at det derfor trengs forsking på dei.
Nær ein million kroner til forsking på dataspeling900 000 kroner i ordninga er øyremerkt forsking på dataspel. Desse midla skal gi meir nyttig kunnskap om dataspelfeltet.
– I regjeringas handlingsplan mot speleproblem 2026-2029 blir det blant anna framheva at vi treng å forstå betre kva faktorar som bidrar til problemspeling. Korleis designet til spela påverkar unge spelarar, kva den sosiale konteksten i spela har å seie for bruk av tid og pengar, og dessutan influensarars påverknad, er eksempel på område det er ønske om at blir forska på i den nye handlingsplanperioden, seier Sekkelsten.
Søkarane kan forvente svar innan utgangen av februar 2027.
Les meir om støtta til medieforsking og forsking på dataspeling her på Medietilsynets nettsider.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Fem millionar kroner til forsking på medier og dataspill | 0 | 5 | 28-08-2025 |
| 2 | Deler ut drøyt fem millioner kroner til medieforskning | 0 | 5 | 09-02-2026 |
| 3 | Medietilsynet fordeler 23,5 millionar til innovasjon | 5 | 7 | 22-12-2025 |
| 4 | Medietilsynet støtter at skadelighet vurderes i aldersgrense-lov | 0 | 8.82 | 19-10-2026 |
| 5 | Medietilsynet fordelar 24,5 millionar til innovasjon | 0 | 11.19 | 13-10-2026 |
| 6 | Medietilsynet er glad for økt satsing for å styrke unges nyhetsbruk | 0 | 10.99 | 07-10-2026 |
| 7 | Medietilsynet inviterer pressen til Dataspillkonferansen 2026 | 0 | 10.36 | 20-10-2026 |
| 8 | Utlysningsvilkår for FM-sendernett og endringer i kringkastingsforskriften på høring | 0 | 12.53 | 01-10-2026 |
| 9 | Medietilsynet forlenger innholdskonsesjonene på FM ut 2031 | 0 | 14.78 | 10-09-2026 |