Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Danmarkskabel fiksa for 160 mill.

Дата публикации: 28-09-2026 21:36:17

Diskusjonen går høgt om to utanlandskablar til Danmark skal fornyast.No har Statnett og danske Energinet brukt 160 millionar på å fikse ein av dei.

Основное содержимое страницы с новостью.

Dei to første utanlandskablane mellom Noreg og Danmark blei lagde på 70-talet.

I sommar oppstod det ein feil på den eine kabelen, Skagerrak 2.

Måndag skriv Statnett i ei nyheitsmelding at kabelen er fiksa.

– Vi kunne nokså tidleg slå fast at det var snakk om ein slitasjeskade og ikkje sabotasje, seier Werner Schuhmacher i Statnett i meldinga.

Det er fire kablar mellom Noreg og Danmark. Dette biletet er frå 2013 då den siste kabelen blei lagt.

Foto: Michael Bo Rasmussen / Michael Bo Rasmussen / Baghuset
Kosta 160 millionar

Statnett og danske Energinet har brukt 160 millionar på fikse kabelen.

Statnett opplyser at dette var noko høgare enn dei hadde rekna med. Det skuldast at dei trengde noko lenger tid til reparasjonsarbeidet.

– Reparasjon av sjøkabel er omfattande og involverer fleire aktivitetar. Det blei stilt krav til fagkompetanse, samarbeid og gjennomføring under varierande verforhold.

Ifølgje Energiwatch, som først omtala at kabelen var i orden, har Statnett og Energinet tapt 96,8 millionar på driftsstansen. Dette skuldast at dei har gått glipp av såkalla flaskehalsinntekter.

Bilete frå Dagsrevyen då kabelen til Danmark blei lagt i 1976.

NRK
Har vakt reaksjonar

Dei to utanlandskablane blei lagde i ei tid då Noreg trengde å betre forsyningstryggleiken. Femti år seinare har fleire parti teke til orde for at ein ikkje skal legge nye kablar når levetida for Skagerrak 1 og 2 er over.

Difor vekker det reaksjonar at Statnett sette i gang vedlikehaldsarbeidet i sommar.

Maren Grøthe (Sp) sende 25. september eit spørsmål til energiminister Terje Åsland (Ap) om saka.

Der spør ho om det er rett «å bruke 130-160 millionar kroner på å reparere ein kabel som når si tekniske levetid i 2027».

Energiministeren har enno ikkje svart på dette spørsmålet.

Maren Grøthe (Sp).

Foto: William Jobling / NRK
Sak til Stortinget

Statnett vurderer no om dei skal søke om konsesjon for å erstatte Skagerrak 1 og 2.

I sommar varsla Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum at han vil ta saka til Stortinget. Han meiner Stortinget må pålegge regjeringa å instruerer Statnett til å avslutte arbeidet med nye kablar.

Den gong svara Terje Åsland slik på kritikken.

– Statnett vurderer også eit alternativ der dei eldste kablane ikkje blir erstatta når dei sluttar å fungere. I så fall blir det ingenting å ta stilling til. Så lenge Statnett ikkje har sendt ein slik søknad, er det heller ikkje noko å seie ja eller nei til.

Ap har programfesta at dei to eldste kablane ikkje skal fornyast.

Publisert 28.09.2026, kl. 23.36 Oppdatert 28.09.2026, kl. 23.43

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Veckans fastighetsffärer: Såldes för miljoner – och för bara 100 000019.0719-09-2026
2Stanser fakturering etter beskjed fra Helsedirektoratet01028-09-2026
3Satsar 40 miljoner 019.0917-09-2026
4Här är nya önskemålen – kostar 1,5 miljarder02021-09-2026
5– Det går an å bygge uten å være millionær07.917-09-2026
6Hitachi Energy investerar fem miljarder01018-09-2026
7Over 50 møtte opp på visning016.5326-09-2026
8Tatt på fersken i fremmed bil – fant flere verdisaker01027-09-2026
9Uefa bekrefter: Fredrik Sjøvold og Sondre Langås må se Danmark-kampen fra tribunen011.224-09-2026
10Fastigheten på Norra Gävlevägen 160 i Hedesunda såld – för 1,6 miljoner037.2723-09-2026

Классификация: Экономика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 15.98. Источник: www.nrk.no.