Etter ei langvarig krise vart USA, Danmark og Grønland samde om ein avtale om øya. No fortel Frederiksen kva Trump sa då avtalen var i boks.
Etter ei langvarig krise vart USA, Danmark og Grønland samde om ein avtale om øya. No fortel Frederiksen kva Trump sa då avtalen var i boks.
Publisert 26.09.2026 14:05 Sist oppdatert 1 time siden
I ei sak i danske Politiken, fortel Danmarks statsminister Mette Frederiksen kva USAs president Donald Trump sa til ho etter at landa signerte ein avtale om Grønland denne veka.
– Når vi har skrive under, seier Trump: «Du er ei tøff dame», skriv Frederiksen.
Statsministeren svarte Trump med at det er nokre år sidan han sa det for første gong. Trump responderte med at han hugsa det, ifølge Frederiksen.
– Det kan ein tulle med han om i ein slik situasjon, skriv Frederiksen.
Signerte avtaleTrump brukte dei same orda om Frederiksen i 2019. Også den gongen var Grønland eit diskusjonstema mellom Danmark og USA.
USA, Grønland og Danmark skreiv tysdag under ein avtale om Grønland.
Avtalen skal styrke Nato-samarbeidet og tryggleiken i Arktis. I tillegg inneber avtalen at USA kan bygge to nye militærbasar på Grønland.
Landa har også tidlegare hatt ein avtale om tryggleiken på Grønland, frå 1951.
– Slutten på intern verkebyllNupi-forskar Per-Erik Solli sa til TV 2 etter signeringa at det viktigaste med avtalen er at den avspenner forholdet internt i Nato.
– Dette er slutten på ein intern verkebyll for Nato, som eigentleg har meir enn nok andre ting å konsentrere seg om. Ei intern spenning mellom Danmark og USA er no avslutta med tre pennestrøk i New York, sa Solli.
Solli sa at utbygginga av nye basar ikkje først og fremst handlar om ein akutt trussel mot Grønland.
– Det er ikkje nokon russisk eller kinesisk militær styrke i nærleiken av Grønland. På den måten er det ein fiktiv trussel, sa han.
Avtalen blei forhandla fram etter ein langvarig strid om øya. I etterkant av signeringa sa utanriksminister Lars Løkke Rasmussen til TV 2 at forholdet til USA har blitt svekka av krisa.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Trump: ”Evigt avtal” klart om Grönland | 0 | 8.1 | 18-09-2026 |
| 2 | ‚Trojnásobné vítězství.‘ Trump podepsal s Dánskem a Grónskem dohodu o bezpečnosti | 0 | 8.33 | 22-09-2026 |
| 3 | Trump ville ha Grönland – vad fick han? | 0 | 7.66 | 19-09-2026 |
| 4 | Trump announces Greenland deal | 0 | 11.77 | 18-09-2026 |
| 5 | Trump, Greenland, Denmark sign deal in bid to end Arctic standoff | 0 | 4.46 | 22-09-2026 |
| 6 | Trump anuncia un acuerdo con Dinamarca por el que EE.UU. asumirá el “control permanente de la seguridad” de Groenlandia | 0 | 5.74 | 19-09-2026 |
| 7 | Nach Streit mit Trump: Grönland-Abkommen: Was springt für Trump raus? | 0 | 13.25 | 22-09-2026 |
| 8 | Trump: US strikes security deal with Greenland, Denmark | 0 | 4.03 | 18-09-2026 |
| 9 | Trump: US strikes security deal with Greenland, Denmark | 0 | 4.03 | 18-09-2026 |
| 10 | Barth Eide med bønn til FN: – En vanskelig situasjon | 0 | 8.46 | 25-09-2026 |