Tre tsjekkiske menn er framleis sakna etter at ein båt forliste utanfor øya Grip fredag.
Båten blei funnen med kjølen i vêret natt til laurdag, saman med ein av dei sakna. Dei tre siste er så langt ikkje funne.
Lokale fiskarar meiner at turistane som leiger båt i området, ikkje har strenge nok reglar, og at forholda ved Grip er for tøffe for små utleigebåtar.
– Etter mitt skjønn har ikkje han noko der å gjere. Det er så farleg og ureint farvatn rundt Inngripan og sørover og der, og på utsida også, at ukjende folk bør ikkje dra dit, seier Kåre Bjarne Fure.
Han meiner turistar ofte ikkje har føresetnader for å vite kor farleg havet er.
NRK har stilt fleire spørsmål om opplæringa og utstyr til det lokale selskapet som driv utleige. Leiinga har så langt ikkje svart.
Karl Erik Eriksson (til venstre) og Kåre Bjarne Fure er skeptiske til dei små fiskebåtane som drar ut i ukjent farvatn.
Foto: Eirik Haukenes / NRKNo får dei lokale fiskarane støtte frå Redningsselskapet. Dei var involverte i søket etter båten og dei fire turistane i helga ved Grip.
Skipsførar hos Redningsselskapet, Jon-Atle Leier-Toft, seier det er sterke straumar og skiftande ver ved turisttøya Grip i havgapet.
– Det er sterke straumar og kan snu fort. Dersom ein ikkje har noko middel for å lokalisere seg og får eit problem, så er det veldig vanskeleg å finne dei. Dei kan drifte ganske langt, seier skipsførar Jon Atle Leia Toft i Redningsselskapet.
Han meiner det er eit godt forslag å avgrense kor langt turistane kan dra, og sette digital sporing på båtane.
Politiadvokat Emma Johansen seier dei framleis er i ein tidleg fase av etterforskinga, og at det gjenstår fleire etterforskingsskritt før dei forhåpentlegvis kan seie noko om årsaka til ulykka.
Båten i forliset var ein seks meter lang open motorbåt med 60 hestekrefter.
– Vi forsøker å kartlegge det som har skjedd. Etterforskinga blir gjort både taktisk og teknisk, med avhøyr og undersøkingar av båten, seier Johansen.
Statens havarikommisjon er varsla, men har førebels ikkje bestemt seg for om dei skal opprette gransking. Havarikommisjonen har allereie granska fleire liknande ulykker, og at det ser ut for å vere dei same utfordringane i denne saka.
– Vi ventar no og ser kva Sjøfartsdirektoratet og DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har til hensikt å gjere overfor bransjen som driv båtutleige, seier Dag Liseth, som er leiar for sjøfartsavdelinga i havarikommisjonen.
Dei har tidlegare kome med fleire forslag til endringar i regelverket.
Dei vil mellom anna ha strengare krav til båtutleige, og at det bør vere sporingsutstyr i båten, slik at ein kan reagere raskt dersom noko skjer.
Dag Liseth er leiar for sjøfartsavdelinga i havarikommisjonen.
Foto: Cicilie S. Andersen / NRKDet er ikkje første gang utanlandske fisketuristar omkjem. Berre i år har sju personar mist livet, tre av dei i Smøla, ikkje så langt unna Averøy.
Sjøfartsdirektoratet har saman med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fått i oppdrag frå regjeringa å finne ut om det må gjerast innstrammingar i regelverket for utleige av fritidsbåtar.
– Det har dessverre vore ein del ulykke knytt til utleige av fritidsbåtar, sa Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet til NRK i helga.
Aarhus seier at arbeidet så vidt er i gang, men at målet er klart.
– Vi har jo ein nullvisjon, ønsket er at alle som drar på sjøen skal komme trygt heim.
Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.
Foto: Marthe Synnøve JohannessenMario Uebe driv sjølv utleige på Averøya, men hans firma var ikkje involvert i ulykka. Han sa til NRK søndag at alle som bestiller hos han, får nødvendig opplæring og at tryggleik har høgste prioritet.
Fiskar Karl Erik Eriksson meiner fleire utleigarar bør gjere meir for å følgje med og forsikre seg om at båtane er på trygg grunn.
Kollega Kåre Bjarne Fure strekar under at det hastar at styresmaktene innfører strengare reglar for fisketurismen.
– Problemet i dag er at det er frislepp. Dei får leige båtane, og så drar dei, og ingen som bryr seg om å passe på kvar dei er, seier han.
Publisert 21.09.2026, kl. 16.38 Oppdatert 21.09.2026, kl. 16.46
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Leitar med dronar etter tre fisketuristar: – Svært krevande søksområde | 0 | 7.43 | 23-09-2026 |
| 2 | Har avhøyrt tilsett i utleigefirma etter dødsulykke | 0 | 9.18 | 22-09-2026 |
| 3 | Ber Støre stanse gruveavfall i fjorden: – Ulovlig og straffbart | 0 | 5.92 | 06-07-2026 |
| 4 | Knivhögg släkting under filmkväll – döms till vård | -5 | 7 | 06-05-2026 |
| 5 | Korrupsjonssak opp i Høgsterett | 0 | 10 | 23-09-2026 |
| 6 | Hele brann-Norge stilte opp: – Utrolig takknemlig | 0 | 13.45 | 25-07-2026 |
| 7 | Появились подробности гибели девочки под винтами катера на российской реке | 0 | 10 | 19-08-2026 |
| 8 | Så jobbar polisen nu: Avspärrningar utökas | 0 | 10 | 13-06-2026 |
| 9 | Обнародованы новые подробности гибели девочки под винтами катера под Азовом | 0 | 8.1 | 21-08-2026 |