Heile 182 arkitektbidrag konkurrerer om å bli eit nasjonalt senter for livet og forfattarskapen til nobelprisvinnar Jon Fosse.
Arkitektteikningar og skisser ligg spreidde utover. Rundt står ein jury som har fått litt av ein jobb.
Etableringa av eit formidlingssenter for Jon Fosse sin unike forfattarskap tek no eit stort steg framover.
Då fristen gjekk ut i juli låg det heile 182 anonyme konseptskisser på bordet.
Jon Fosse er ein verdskjent forfattar som er omsett til meir enn femti språk. I 2023 fekk han Nobelprisen i litteratur, som fjerde nordmann nokon gong.
Arkitektar og landskapsarkitektar frå både inn- og utland har levert forslag på korleis det nye formidlingsbygget kan utformast.
Det skal ligga i heimbygda til Fosse, Strandebarm i Kvam i Hardanger.
Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023.
Foto: NTBDet nye senteret skal byggjast på Tangarås, som er den gamle skuletomta i Strandebarm. Det er skulen Jon Fosse sjølv gjekk på.
Arkitektane kan sjølve velja om dei vil ta vare på det gamle skulebygget, eller om dei vil byggja noko heilt nytt – eller velja ei mellomløysing.
Målet med konkurransen er å reisa eit formidlingsbygg og eit senter som skal romma mellom anna bibliotek, scene og formidlingsarenaer der publikum kan oppleva scenekunst, musikk og utstillingar.
Her kan du sjå og lesa deg gjennom alle dei 182 bidraga.
Under ser du eit lite utval:
«Klangen av Strandebarm»No skal juryen gå gjennom og ta ei vurdering av dei 182 framlegga.
Juryleiar og styreleiar i Fosse-stiftinga, Valgerd Svarstad Haugland, er svært tilfreds med den store deltakinga.
– Eg er ikkje forundra over at det kom inn så mange forslag, seier Haugland, og viser til den breie anerkjenninga Fosse har.
Ho fortel om stor breidde i forslaga som har kome inn.
– Nokon har store bogar, dei har litt sånn eventyrslott–aktige teikningar, og andre er veldig jordnære.
Det blir ein lang prosess for juryen å gå gjennom alle bidraga.
Foto: Tale Hauso / NRKJuryoppnemnd arkitekt Håkon Matre Aasarød frå Norske arkitekters landsforbund (NAL) kjenner på ansvaret.
– Det er ei kjempestor oppgåve, og eit fantastisk arbeid vi skal analysera. Så det er med stor ærefrykt, men også ei utruleg stor glede.
Jurymedlem og Kvam-ordførar Torgeir Næss er begeistra for forslaga, men ser at å velja tre finalistar blir ei utfordring.
– Det som er viktig for meg er samspelet med både historia til området her og samspelet med bygda, seier Næss.
Han understrekar kvifor senteret bør liggja akkurat i Strandebarm.
– Jon Fosse sjølv har jo sagt at klangen av Strandebarm ligg i botnen av alt han har skrive. Her ser ein kor han vaks opp, og kor han har henta mykje av inspirasjonen sin frå, seier ordføraren.
Næringslivsleiar Trond Mohn gav 25 millionar kroner og donerte tomta på Tangerås til eit nytt Fosse-senter i sommar.
Foto: Tale Hauso / NRKSjølv om Fosse-stiftinga i sommar sikra 85 millionar kroner lokalt og privat, gjenstår det meste av den totale ramma på om lag 365 millionar kroner.
Prosjektet er avhengig av statleg finansiering. Søknaden om statleg støtte ligg no hjå Kultur- og likestillingsdepartementet.
Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, understrekar at dette må bli eit nasjonalt senter.
– Kulturministeren seier at det er tøffe tider, så eg vågar ikkje å seie kor tid det kan stå ferdig. Men det er veldig viktig det arbeidet vi er i gang med no, seier Askeland.
Juryen skal no kåra inntil tre finalistar til plan- og designkonkurransen i haust. Vinnaren blir offentleggjord i desember 2026.
Styreleiar Valgerd Svarstad Haugland har eit tydeleg mål.
– Vi har ein draum om at vi skal opna på Jon sin 70-årsdag. Så om vi startar bygging no, så kan vi kanskje opna hausten om tre år.
Slik ser litt av tomta ut på Tangerås i Strandebarm i dag. Bygget er den gamle nedlagde skulen.
Foto: Tale Hauso / NRKPublisert 18.08.2026, kl. 15.16
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Banebrytande forskarar får 253 millionar kroner | 5 | 7 | 08-05-2026 |
| 2 | Banebrytande forskarar får 232 millionar kroner | 5 | 7 | 17-03-2026 |
| 3 | Banebrytande forskarar får 203 millionar kroner | 5 | 7 | 19-11-2025 |
| 4 | Более 20 архитектурных проектов Москвы поборются за звание "Здание года" портала ArchDaily | 0 | 0 | 20-02-2019 |
| 5 | В Сочи объявят конкурс на должность главного архитектора города | 0 | 0 | 20-12-2019 |
| 6 | В Норильске начался конкурс по определению архитектурной концепции реновации до 2035 года | 0 | 0 | 13-07-2021 |
| 7 | Проект реконструкции набережной Сириуса выберут на международном конкурсе архитекторов | 0 | 0 | 04-06-2021 |
| 8 | Главный архитектор Москвы раскритиковал граффити с Мининым и Пожарским в центре столицы | 0 | 0 | 15-11-2018 |
| 9 | Концепцию нового храма в Котельниках утвердят в начале ноября | 0 | 0 | 07-08-2020 |