Fleire enn ein av fem fastlegar har skrive under på eit opprop mot dei nye reglane, som staten innførte tidlegare i sommar.
Det blir nemleg meir lønsamt for fastlegane å skriva ut graderte sjukmeldingar enn sjukmeldingar på 100 prosent. Regjeringa meiner dette kan vera med på å få ned sjukefråværet.
Ein av dei som er svært negativ til dei nye reglane er fastlege Hege Førland.
NRK møter henne på legekontoret på Kokstad medisinske senter i Bergen. Ho får no berre fem kroner dersom pasienten blir 100 prosent sjukmeld.
– Det at staten skal betala for avgjerder vekkjer avsky. Når staten betaler for avgjerder i andre land blir det kalla korrupsjon, seier ho.
Hege Førland er ein av fleire legar som samanliknar dei nye reglane med korrupsjon.
Foto: Leif Rune Løland / NRKRegelendringa kan gå ut over tilliten pasientane har til legane, meiner ho.
– Betalinga me får er ikkje lenger basert på faglege vurderingar, men på utfallet. Pasientane skal vera trygge på at det er dei som er i fokus, og ikkje betalinga frå staten, seier Førland.
Demonstrasjonar fleire staderTysdag ettermiddag var det demonstrasjonar mot regelendringane i Oslo, Bergen og Tromsø.
To sjeldne ting på ein gong: Legar som demonstrerer og solskin i Bergen.
Foto: Sissel Rikheim / NRKJakob Christian Norup er fastlege i Eikelandsosen og støttar meininga til fastlege Førland.
– Me ønskjer å vera der for pasientane, og ikkje vera eit politisk instrument for regjeringa. Dette er ikkje rett måte å få ned sjukefråværet på, seier han.
Norup seier fastlegane ikkje let seg påverke av dei nye reglane, men:
– Problemet er prinsippet. Fastlegeordninga er veldig bra, og politisk tankeløyse må ikkje øydeleggja forholdet mellom lege og pasient.
Også i Tromsø hadde fastlegar møtt opp for å demonstrera, og det var tilsvarande demonstrasjon i hovudstaden.
Foto: Per Inge Anthi Åsen / NRKStatssekretær Renate Tårnes (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet har tidlegare forsvart endringane.
– Fastlegeordninga har alltid vore organisert og finansiert gjennom eit takstsystem, så dette prinsippet er ikkje nytt. Det vil framleis vere det medisinfaglege som avgjer ei sjukemelding, har Tårnes sagt.
Statssekretær Renate Tårnes meiner endringane er til det gode.
Foto: Sandra Skillingsås,ArbeiderpartietHo meiner regelendringane påskjønar legane for å faktisk setja av tid til dei grundige samtalane.
– Før var det betre betalt å skrive ut ei sjukemelding raskt. Mens no får fastlegen betre betalt for å setje av tid saman med pasienten, og ta samtalen om kva som skal til for å stå i jobb, seier statssekretæren.
Støtte frå ordførar og pasientEin av dei som hadde møtt opp på demonstrasjonen i Bergen var ordførar Marit Warncke (H). Ho gjev si fulle støtte til fastlegane.
Bergensordførar Marit Warncke (til venstre) i samtale med fastlege og forskar Ina Grung.
Foto: Sissel Rikheim / NRK– Dette nye systemet er ein mistillit til vurderinga til legane. Det er dei som kjenner pasientane best, og best kan vurdera kva sjukmelding som er rett, seier ho.
Tilbake på legekontoret på Kokstad møter NRK Torill Skjold, som har time hjå fastlege Hege Førland.
– Eg tykkjer det er heilt sprøtt. Eg skjønar ikkje tankegangen bak takstendringa. Det er heilt feil, meiner eg.
Torill Skjold er nøgd med legen sin, og skjønar ikkje kvifor reglane blir endra.
Foto: Leif Rune Løland / NRKPublisert 18.08.2026, kl. 19.42
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Korrupsjonssak mot tidlegare tilsett i Innovasjon Norge anka til Høgsterett | 0 | 5 | 09-07-2026 |
| 2 | Ny mekling: Kan ramme flytrafikken på Vestlandet | 0 | 10 | 17-08-2026 |
| 3 | New GOP plan to fight fraud in federal programs runs into Democrats' fight over fired IGs | 0 | 9.26 | 04-08-2026 |
| 4 | Brevik-saken: Avhør ga ingen svar | 0 | 0 | 09-07-2026 |
| 5 | Laksefisket blir avgrensa på Nordmøre | 0 | 5 | 08-07-2026 |
| 6 | Frivillige utslitne av redningsaksjonar i fjellet | 0 | 10 | 19-08-2026 |
| 7 | Песков заявил, что в России последовательно борются с коррупцией | 0 | 0 | 23-07-2021 |
| 8 | LEDARE: Vilka är de där krångliga reglerna? | 0 | 8.62 | 29-07-2026 |
| 9 | INSÄNDARE: Nya konkurrensregler riskerar att försvaga kommunen | 0 | 8.92 | 27-07-2026 |
| 10 | ФАС завела новые дела на рынке топлива и выдала предупреждения операторам АЗС | 0 | 10 | 04-08-2026 |