Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Meteorologane trur på fin september i Vestland

Дата публикации: 19-08-2026 16:40:09



Основное содержимое страницы с новостью.

Etter ein kald og våt sommar i store delar av Noreg er det fleire som håper på ein god haust.

Ifølge sesongvarselet frå Meteorologisk institutt ser hausten ut til å bli mildare enn normalt i heile landet.

Varselet gjeld for september, oktober og november.

Variert sommar

Medan folk på Austlandet har kunna kose seg med sol og temperaturar opp mot 30 grader har det ikkje vore slik i heile landet.

I Møre og Romsdal har det vore ein kald og våt sommar. Det same gjeld i Nord-Noreg, Trøndelag og i Vestland, der «verdas mest vêrsjuke mann» har fått nok.

Sommarvêret i aust har vore varmt, medan paraplyane har vore flittig brukt i vest.

Javad Parsa / NTB og Remi Sagen / NRK

Statsmeteorolog Emili Carin Rønning ved Meteorologisk institutt stadfestar at det har vore meir nedbør enn vanleg i sommar på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg.

– Det har ikkje vore tidenes sommar der, men vi må hugse at fjorårets sommar var kjempefin, og den sit friskt i minnet, seier Rønning.

I Ålesund var det onsdag ein etterlengta sommardag, noko som gir håp for hausten.

  • Håper på meir sol

    Laura Rudokaite synest ikkje sommaren har vore den beste, med tanke på vêret.

    – Men, det er Ålesund og Sunnmøre, så det er ikkje noko nytt.

    Kva håper du for vêret framover?

    – Litt meir sol kanskje. Det er alltid betre med sol, då kan ein ha på seg solbriller.

  • Heller regn enn hetebølge

    Stine Lerheim synest sommarvêret på Sunnmøre har vore litt sørgeleg.

    – No er det varmt mange andre plassar, det brenn og er hetebølge. Eg trur om vi må velje mellom ekstremvarme eller litt regn, så vil i alle fall eg ha regn i staden for skogbrannar

    Korleis håper du haustvêret blir?

    – Eg håper på fine dagar framover, som i dag.

  • Blir litt optimistisk på fine dagar

    Øyvind Knibe Fiskaa synest sommarvêret har vore passe bra.

    – Det har vore mykje regn, men når det kjem sol, så gløymer ein alt eigentleg. I dag er det bra.

    Han håpe rpå ein god haust, men trur ikkje så mykje på det.

    – Ein blir litt optimistisk av finvêr som i dag.

  • Må nyte dei solstrålane ein kan

    – Det har vore ganske sørgeleg, rimeleg stussleg, seier Randi Longva om sommarvêret på Sunnmøre.

    Ho pråver å nye mest mogleg av sola.

    – Når sola kjem fram, så må ein berre fyke ut om ein har sjansen og nyte strålane.

    – Eg har ønske om ein kald, klar og fin haust, sånn at eg kan vere ute.

Indian summer i september

For vêrsjuke nordmenn har meteorologen ei gladmelding basert på sesongvarselet.

Heile landet ser ut til å få ein haust varmare enn normalt, ifølge temperaturprognosane.

– Vi kan sjå at september kjem til å bli ganske fin, seier Rønning.

Statsmeteorolog Emili Carin Rønning

Foto: Vilde Jagland / MET

Statsmeteorologen forklarer at det er grunna høgtrykksdominerande vêr som verkar sikrare.

– Vi har sett litt på moglegheita for indian summer, der det kjem ein periode med uvanleg varmt vêr om hausten. Det kan sjå ut til at det er mogleg i siste del av september og oktober.

Rønning legg til at det er vanskeleg å seie sikkert, men at det sannsynlegvis også vil vere ein tørr periode i september for Nord-Noreg, Trøndelag og Vestlandet.

  • Prognosar for temperaturane på Vestlandet og i Trøndelag

    Grafikk: Meteorologisk institutt
  • Prognosar for temperaturane i Nordland, Troms og Finnmark

    Grafikk: Meteorologisk institutt
  • Prognosar for temperaturane på Austlandet og i Agder

    Grafikk: Meteorologisk institutt
Våt haust i aust

Lenger sør ser det derimot annleis ut.

Austlandet og Agder får ein våtare haust enn normalt.

Statsmeteorolog Emili Carin Rønning forklarer at prognosane for nedbør heng saman med lågtrykksbølger som vil kome inn over Europa.

– Det ser ut til at lågtrykka går innover mot Europa, og da vil det vere større sannsynleg at det treff Austlandet, i staden for Vestlandet som det oftast gjer.

  • Prognosar for nedbør på Austlandet og i Agder

    Grafikk: Meteorologisk institutt
  • Prognosar fornedbør på Vestlandet og i Trøndelag

    Grafikk: Meteorologisk institutt
  • Prognosar for temperaturane i Nordland, Troms og Finnmark

    Grafikk: Meteorologisk institutt
Temperatur i Norge siden 1900 sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020

Avvik fra normal Snittemperatur

Gå til NRKs Klimastatus

Publisert 19.08.2026, kl. 18.40 Oppdatert 20.08.2026, kl. 09.47

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Москвичам рассказали о погоде в сентябре01017-08-2026
2В Гидрометцентре рассказали о погоде в сентябре на европейской части России0023-08-2020
3Kan bli opp mot 30 grader i dag0509-07-2026
4Ny mekling: Kan ramme flytrafikken på Vestlandet01017-08-2026
5Гидрометцентр прогнозирует дожди и до 13 градусов тепла в Москве 4 сентября0004-09-2021
6В Петербурге в первую декаду сентября ожидается теплая погода0001-09-2025
7Вильфанд: в сентябре в Москве ожидается бабье лето0022-08-2025
8Endelig sol i Bergen07.5117-08-2026
9Вильфанд сообщил, что москвичи пережили самое холодное начало сентября с начала века0007-09-2021
10Синоптики раскрыли предварительный прогноз на сентябрь для Омской области08.0118-08-2026

Классификация: Информация. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.