Når hovudet ditt fortel deg at noko er farleg og skummelt, kva gjer du?
Erik vil ikkje køyre zipline. Det tør han ikkje.
Korleis i all verda hamna han her?
Når hovudet ditt fortel deg at noko er farleg og skummelt, kva gjer du?
Erik Damsgård Tomter (15) har eigentleg bestemt seg.
– Dette blir eg ikkje med på, seier han.
Han ser bort på lina. Den er strokken over ei veldig brusande elv. Vatnet slår hardt mot steinane under han.
Erik tør ikkje sjå ned på elva.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRKÅ køyre zipline ned der? Det skjer ikkje.
I episode to av Team Pølsas andre sesong blir Erik og teamet utfordra på mot. Mot til å kaste seg ut i det ukjente.
Kaos i hovudetDet er Eriks tur til å køyre zipline, men han har eit skikkeleg kaos i hovudet. Han sit klar til å køyre, men det er ein ting som held han tilbake.
Frykta. Han er redd.
– Eg er redd for alt som kan gå gale, og at eg kan skade meg. Det er sånn eg alltid tenker, seier Erik.
Erik veit at han bør bli flinkare til å ikkje tenke sånn. Han vil klare meir sjølv.
Laget hans heiar på han.
– Du klarer det, Erik, roper Alva.
Det får Erik til å tenke.
Uforgløymeleg augeblinkHan tenker på laget sitt. På Alva, som er svaksynt. Ho kunne berre høyre drønninga frå elva, som høyrdest gigantisk ut idet ho kasta seg ut i det verkeleg ukjente.
Erik bestemmer seg. Alva gjorde det, da skal han gjere det òg.
Sjølv om han er redd.
Han kastar seg ut mot vatnet, og han fell ikkje ned. Han blir hengande. Alt han var redd for, skjedde ikkje. Det var jo berre gøy.
– JA BABY, seier han idet han suser over vatnet.
Den augeblinken kjem han aldri til å gløyme. Han klarte det.
Slik blir du betre på å tore– Vi har alle noko å lære av Team Pølsa, seier mentaltrenar Mariann Deila.
Ho fortel at å trasse frykt kan vere alt frå å køyre zipline til å prøve ein gruppetime, begynne på eit kurs, søke ny jobb eller snakke i forsamlingar.
– Om ein alltid held seg sjølv tilbake fordi ein er redd, så går ein glipp av mange moglegheiter til å utvikle seg, seier ho.
Her er Marianns fire tips for å tore litt meir:
Finn dei gode grunnaneFinn ein kjenslemessig grunn til å prøve.
Kanskje du kjem i betre form, eller kjenner meistring om du prøver? Finn ut kvifor det er viktig for deg.
– Du vil ikkje bli gammal og angre på alt du ikkje gjorde da du hadde moglegheita, seier Deila.
Er det farleg?– Det er heilt normalt å kjenne på frykt, seier Deila.
Frykt er kjensla som vernar oss mot fare, men ofte blir vi redde sjølv om noko ikkje er ein reell trussel. Tenk deg litt om. Er det eigentleg farleg?
Senk forventninganeOm du har veldig høge forventningar til deg sjølv, blir terskelen for å prøve ting mykje høgare.
Hugs at å prøve nye ting er ein prosess. Du må øve for å bli komfortabel, og gjer kanskje feil før du får det til!
Hugs at du veksDet er heilt naturleg å unngå ubehagelege ting, og det er hjernane våre veldig gode på.
Tenk: Nå er eg utanfor komfortsona mi. Eg er i vekst. Det er grunnen til at eg kjenner på frykt.
– Idet du begynner å tenke sånn om nervane dine, blir det mykje lettare å tole dei, seier Deila.
Tør du å gjere som Erik? Har du mot til å trasse frykta?
Jeg jobber med journalistikk for unge om alt som er nyttig å vite! Spesielt om økonomi og helse.
Takk for at du tok deg tid til å lese hele saken. Send meg gjerne tilbakemeldinger eller tips!
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Dette skal du ikkje spørje Team Pølsa om | 0 | 5.29 | 27-02-2026 |
| 2 | Dette er prisen på ditt ulønnede arbeid | 0 | 8.92 | 02-06-2026 |
| 3 | Skal fengselsbetjenter slå? | -5 | 3 | 12-06-2026 |
| 4 | Tidig start för sen match – så laddar gästerna på Capra | 0 | 5 | 30-06-2026 |
| 5 | «Ikke la barna betale.» | 0 | 5 | 02-06-2026 |
| 6 | Vil la vektarar bøtlegge butikktjuvar: – Problemet stoppar jo ikkje | 0 | 5 | 30-06-2026 |
| 7 | KRÖNIKA: Finns det mer att gnälla på? | 0 | 10 | 02-07-2026 |
| 8 | LEDARE: Valkompasser: vägvisare eller villospår? | 0 | 5 | 01-07-2026 |
| 9 | KRÖNIKA: Hissjäveln rörde sig inte en millimeter | 0 | 8.92 | 22-04-2026 |
| 10 | Vigges mystiska svar: ”Det är upp till …” | 0 | 5 | 29-06-2026 |