Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Avinor om det skeive flyplasstårnet i Rana: – Dette er ei feil-levering

Дата публикации: 07-08-2026 09:21:34

Avinor ventar at Kongsberggruppen rettar opp det nye flytårnet på det nye flyplassen i Rana.

Основное содержимое страницы с новостью.

– Avinor har avdekt at det er eit loddavvik på tårnet som ligg utanfor akseptabelt nivå. Dette er ei feil-levering frå Kongsberggruppen, og Avinor har rutinemessig reklamert på dette, opplyser Avinor til NRK.

Flytårnet er allereie ferdig montert og skal etter planen styrast frå Bodø.

Det var Rana Blad som omtalte saka først.

Overfor NRK utdjupar Avinor at avviket blei oppdaga under ein kvalitetskontroll.

40 meter over bakken

Tårnet i Rana er eitt av sju fjernstyrte tårn som Avinor bestilte frå Kongsberggruppen i 2024.

Når tårnet blir sett i operativ drift, skal det fjernstyrast frå tårnsentralen i Bodø.

Tårnet står 40 meter over bakken (80 meter inkludert fundamentet) og stod ferdig montert våren 2026.

Prosjektet med å bygge den nye flyplassen på Fagerlia i Rana starta i september 2022. Etter planen skal han vere ferdig neste haust.

Foto: Hedda Hiller/Avinor / Avinor

Kommunikasjonsrådgivar Hedda Hiller i Avinor understrekar at skeivskapen ikkje kan sjåast utan måleutstyr.

Hedda Hiller i Avinor.

Foto: Øystein Løwer / Avinor

– Det er ikkje noko du ser ved berre auga. Vi føreset at når vi har reklamert på noko, så blir det rydda opp i. Det er eit mindre avvik, seier Hiller.

Sjølv om Avinor no avventar korrigerande tiltak frå leverandøren, forventar dei ikkje at saka vil forskyve opningsdatoen av den nye flyplassen, som er 30. september 2027.

– Alt er framleis i rute, opplyser Hiller i Avinor.

– Vi jobbar med saka

Kommunikasjonsdirektør Ivar Simensen i Kongsberggruppen er ordknapp overfor NRK.

– Vi jobbar med Avinor og underleverandørane våre med denne saka, seier han – utan å ville svare på ytterlegare spørsmål.

Første sidan Gardermoen

Flyplassen i Rana vil bli den første storflyplassen som er bygd i Noreg sidan Gardermoen opna i 1998.

Den totale kostnadsramma er om lag 5 milliardar kroner.

Flyplassen er eit spleiselag. Både Rana kommune (520 mill.) og lokalt næringsliv (150 mill.) har bidratt med pengar.

IKKJE LIKE SKEIVT: Det mest kjente skeive tårnet i verda ligg i italienske Pisa, og heller i dag om lag 3,97 gradar. Tårnet i Rana er langt frå like skeivt.

Foto: Susanne Skjåstad Lysvold / NRK

Publisert 07.08.2026, kl. 11.21

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Seks elger svømte rundt gjerdet – stengte rullebanen for tredje gang i år09.1806-08-2026
2Forventer forsinkelser i helikoptertrafikken06.1214-08-2026
3DM: самолет Norwegian Air задел ограждение в аэропорту Лондона0012-08-2019
4Reuters: первый в Норвегии самолет с электромотором совершил аварийную посадку0015-08-2019
5Sendte opp drone meter frå rullebana – minutter før Widerøe-flyet tok av: – Aldri sett noko liknande07.4814-08-2026
6СК начал проверку в связи с экстренной посадкой самолета в аэропорту Хабаровска0017-08-2019
7Аэропорт Владивостока готовит апелляцию по делу о повреждении самолета01005-08-2026
8Летевший в Анадырь самолет вернулся в Москву из-за проблем с кондиционированием0008-06-2025
9Самолет Air India совершил экстренную посадку в аэропорту Лондона0027-06-2019
10Самолет American Airlines совершил аварийную посадку в аэропорту Тель-Авива0002-08-2021

Классификация: Международные. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 8.88. Источник: www.nrk.no.