Politiet tok ikkje sjølv affære, då dei blei tipsa om brannstiftarane i Lofoten i fjor, kom det fram i retten i dag.
Politiet fekk tips om dei tyske turistane, men kunne ikkje gjere noko.
Kort tid etter slo 30 bygdefolk til i skogen og stansa mennene som no står tiltalte for ein serie brannar i Lofoten i juli i fjor.
– Vi fekk tips om dei to, men grunnlaget var for tynt til å reagera då, forklarte ein politibetjent frå vitneboksen i Salten og Lofoten tingrett i dag.
Dagen etter brannen i eit vedskjul kloss inntil eit busett hus – der ein av mennene risikerer minimum to års fengsel etter mordbrannparagrafen – tok lokalsamfunnet i Laukvik saka i eigne hender.
To tyske menn i 20-åra møter denne veka i Salten og Lofoten tingrett, tiltalt for å stå bak til saman fem brannar den vesle bygda Laukvik i fjor sommar.
Politimannen, som var til stades ved fleire av brannane, sa i retten at brannane skapte stor uro.
– Folk var veldig bekymra. Då eg var ved kapellet som brann, var det fleire som påpeika at det var veldig mistenkeleg med to brannar på så kort tid i ei så lita bygd, sa han.
Starta brannar under kveldsturarDei to tiltalte forklarte måndag at dei var i Lofoten på fiskeferie saman med besteforeldra. Om kveldane gjekk dei turar i området – og sette fyr på ting.
Alt den første natta tende dei på eit plastkar ved Saga Fisk AS. Elden spreidde seg og førte til skadar for over ein million kroner. Kvelden etter tente ein av dei på vegetasjon, før dei neste kveld brende ned eit bårekapell ved hjelp av tennposar og gassflasker.
11. juli starta ein eller begge av dei tiltalte brannen i vedskjulet, som kunne ha ført til husbrann. Politiet fekk sikra bevis, men var tynt bemanna grunna ferieavvikling.
– Spesielt etter brannen i vedskjulet var mange bekymra, sa politibetjenten i retten.
Dermed bestemde folk i Laukvik seg for å ta saka i eigne eigne hender. I ei Facebook-gruppe skildra dei kor turistane rørte seg til ei kvar tid.
Den eine av dei tiltalte forklarte i dag i retten korleis han merka at folk såg på dei to.
– Då vi gjekk runden vår i Laukvik merka eg at folk kikka på oss, og såg på oss gjennom vindauga, sa han.
12. juli slo bygda til, då turistane vart observert i det same lyngområdet der ein av dei tidlegare brannane hadde starta.
– Innan fire minutt var vi over 30 personar her. Turistane hevda dei var på fisketur, men det er ikkje noko fiskevatn der, og dei hadde heller ikkje med seg fiskeutstyr, sa Are Rystad på vegner av bygdefolket då.
Så ringde dei til politiet.
Brannen ved Saga Fisk i Laukvik i Lofoten var den første av fem brannar på berre ni dagar.
Foto: Nordland PolitidistriktStemninga blant dei lokale var spent då politiet kom fram. Ifølge tiltalen hadde dei to tyske turistane forsøkt å tenne på vegetasjonen, då dei blei omringa av lokalbefolkninga.
Politibetjenten som i dag vitna i retten rykka ut, og møtte dei lokale som bokstaveleg talt hadde tatt saka i eigne hender.
– Det osa jo ein irritasjon, men samtidig var dei veldig rolege og dei andre trakk seg kjapt unna.
Dei to tyskarane vart varetektsfengsla i fire veker, men nekta først å ha noko med brannane å gjere. På mobiltelefonane deira fann derimot politiet videoar av fleire av brannane.
– Min kollega prata meir med dei lokale enn det eg gjorde, men vi fekk begge inntrykk av at dei lokale kjente at endeleg var det over.
7. juli i fjor brann det i bårekapellet ved kyrkjegarden i Laukvik.
Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRKBegge dei to tiltalte risikerer fengsel om dei blir dømde i Salten og Lofoten tingrett. Berre éin av dei er tiltalt etter den såkalla mordbrannparagrafen, som har ei minstestraff på to år og ei strafferamme på opptil 15 år i fengsel.
Men i retten kom det fram at dei trekkjer i kvar sin retning når det gjeld kven som faktisk gjorde kva.
Hovudtiltalte hevda at dei begge tenda på vedskjulet – som i verste fall kunne ha teke liv.
Medtiltalte nektar derimot for å ha tent på, og hevdar han sa ifrå om at det heile var «for teit» før han gjekk frå staden. Han skulda i staden den andre tiltalte for å ha prøvd å leggje skulda over på han.
Publisert 11.08.2026, kl. 13.34 Oppdatert 11.08.2026, kl. 14.25
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Politiet fann brannbilde i skjult mappe på mobiltelefonen til tysk turist | 0 | 7.2 | 10-08-2026 |
| 2 | Krever fengsel for tyske turister etter branner i Lofoten | 0 | 8.52 | 12-08-2026 |
| 3 | Brann i boligblokk i Oslo slukket | 0 | 8.71 | 31-07-2026 |
| 4 | Innfører campingforbud: Varsler flere kjettinger i Lofoten | -2 | 3 | 05-07-2026 |
| 5 | Politiet høyrde fyrst lyden – så viste laseren 161 km/t | 0 | 12.98 | 08-08-2026 |
| 6 | Tror mann startet brann | 0 | 6.89 | 24-07-2026 |
| 7 | Lofoten: Ser slitne stiar, men manglar myndigheit til å seie nei | -2 | 6 | 09-07-2026 |
| 8 | Vil ikke etterforske brann | 0 | 7.44 | 03-08-2026 |
| 9 | Satt i arresten etter bråk på serveringssted | 0 | 5 | 11-07-2026 |
| 10 | Jobber med identifisering etter supporterbråk | 0 | 5.68 | 03-08-2026 |