Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Reagerer på bussen på Hardangervidda: – Sat med hjartet i halsen

Дата публикации: 10-08-2026 15:06:00

Sjokkerte vitne filma bussen som køyrde forbi fleire bilar, midt i ein sving på riksveg 7. Politiet reagerer kraftig.

Основное содержимое страницы с новостью.

Mai Linn Jahren frå Voss og mannen hennar var på veg heimover til Voss over Hardangervidda midt på dagen søndag.

Ho sat og slumra litt i passasjersetet framme. Men eit stykke etter Geilo merka ho at mannen banna og bremsa kraftig.

Grunnen var det ho skildrar som fleire stygge forbikøyringar over ei lang strekning.

– Det var kjempeskummelt. Folk tok råsjansar heile vegen, seier Jahren.

Derfor tok ho opp telefonen for å filma det som skjedde.

Då la ein buss seg over i motgåande køyrefelt rett før ein høgresving, og låg i venstre felt gjennom heile svingen.

– Eg sat med hjartet i halsen, for dette var så skummelt, fortel ho til NRK dagen etter.

Mai Linn Jahren frå Voss og mannen hennar var på veg heimover til Voss då dei opplevde fleire stygge forbikøyringar over ei lang strekning.

Foto: Privat
– Burde sleppa forbi

Det er usikkert om det var passasjerar i bussen.

Det gjekk bra med bussen og dei andre bilane på staden, men Jahren meiner dei farlege situasjonane kunne vore unngåtte.

Ho fortel også om ein bubil som køyrde mykje saktare enn fartsgrensa i mange kilometer, utan å sleppa andre forbi.

«Bubil på «søndagstur» i maks 60 kilometer i timen», skreiv ho i eit innlegg på sosiale medium etter den ubehagelege opplevinga.

– Det er heilt greitt at nokon ikkje vil køyra etter fartsgrensa, men då må dei sleppa andre forbi. Kva er vitsen med å laga kø, når du i tillegg ser at det blir farlege situasjonar? Eg tenkjer også at politiet kunne ha vore litt meir synlege på vegane, seier Jahren til NRK.

Ho blei oppfordra til å kontakta politiet, men dei sa at det var lite dei kunne gjera.

– Beskjeden var at dei ikkje hadde patruljar i området, og at det var vanskeleg når eg ikkje hadde fått registreringsnummeret på bussen, fortel Jahren.

Terje Oksnes er UP-leiar i region Vest.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK
Politiet ville ha tatt førarkortet

Distriktsleiar Terje Oksnes i Utrykkingspolitiet Vest seier til NRK at UP som prinsipp ikkje kommenterer private videoar frå trafikken.

Men i dette tilfellet meiner han det er så tydeleg kva som skjer, at han likevel seier korleis han ser på forbikøyringa.

– Det er veldig aktlaust det bussjåføren gjer her. Bussen må bruka lang tid på å koma forbi, og sjåføren kan ikkje vita kva som kjem i mot. Hadde politiet vore på staden og sett dette, ville det nok blitt førarkortbeslag, seier Oksnes til NRK.

Samtidig peikar han på at alle som køyrer på vegane har eit ansvar, også dei som køyrer litt saktare enn fartsgrensa.

UP har saman med andre instansar ein pågåande kampanje for å informera om dette, spesielt retta mot utanlandske sjåførar.

– Det er ikkje forbode å køyra under fartsgrensa. Men det er krav i vegtrafikklova til den som køyrer fremst om å sleppa forbi køen. Dei skal følgja med på det, og bruka første moglegheit til å svinga til sida og sleppa forbi køen, slår UP-leiaren fast.

Ifølgje Jahren skjedde det mange stygge forbikøyringar på ei lang strekning på veg vestover eit stykke etter Geilo.

Todelt ansvar

Trygg Trafikk meiner også at løysinga for å unngå denne typen farlege situasjonar er todelt.

– Det er for mange som blir liggande i front godt under fartsgrensa og samtidig for mange som gjennomfører forbikøyringar som rett og slett er uforsvarlege, seier regionleiar Knut Olav R. Nestås i Trygg Trafikk Vestland.

Regionleiar Knut Olav R. Nestås i Trygg Trafikk Vestland meiner det blir gjort mange uforsvarlege forbikøyringar.

Foto: Morten Brakestad / Trygg Trafikk

Han viser også til kravet om å sleppa forbi trafikken, dersom ein køyrer sakte. Men det kviler også eit ansvar på dei som ligg bak.

– Om det ligg nokon føre deg som køyrer for seint, eller på ein eller annan måte ikkje gjer det dei skal, så fritek ikkje det for plikter ved forbikøyring.

– Dessverre blir for mange forbikøyringar gjennomført med for små marginar. Då er ein avhengig av at nokon «grip inn» og gjer det rette. Ofte handlar det om at den som kjem imot bremsar ned, eller at han som køyrer forbi og blir forbikøyrt samarbeider, seier Nestås.

Publisert 10.08.2026, kl. 17.06 Oppdatert 10.08.2026, kl. 19.25

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1В Подмосковье рейсовый автобус попал в ДТП0013-06-2025
2Семь человек пострадали в результате столкновения трех автобусов в Ярославле0002-09-2019
3Массовое ДТП с участием автобуса произошло на севере Москвы0001-12-2021
4В Дагомысе произошло ДТП с автобусом010.207-08-2026
5Пять пассажиров автобуса пострадали в ДТП под Ставрополем0030-12-2019
6В Ленобласти автобус с пассажирами попал в ДТП0025-11-2021
7Семь человек пострадали в ДТП с автобусом в Красноярском крае0022-12-2019
8Автобус врезался в столб в Петербурге0011-08-2021
9Грузовик с металлоломом столкнулся с автобусом в Петербурге0020-07-2019

Классификация: Происшествия. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 9.7. Источник: www.nrk.no.