Vestland fylkeskommune ville stenge den trafikkerte turistvegen over Utvikfjellet opptil fem timar dagleg. Så blei det full stans.
Den slåande utsikta frå nedstiginga av Utvikfjellet får både turistar og lokalbefolkning til å stoppe opp.
August er ein av årets mest trafikkerte månader for fjellovergangen mellom Byrkjelo og Utvik.
Dei neste fire månadane skulle vegen over fjellet vere stengt i opptil fem timar midt på dagen.
No stoppar Vestland fylkeskommune arbeidet på ubestemt tid.
Til og med på ein gråvêrsdag stoppar turistane på veg ned til Utvik for å ta bilete av Nordfjorden.
Foto: Odin Otnes Austring / NRKFylkesvegen treng omfattande vedlikehaldsarbeid, og det skulle etter planen vare fram til november.
Mange av bedriftene i området er små og sesongbaserte, og vegen er mykje brukt av både turistar og næringsliv.
I 2025 køyrte rundt 2500 bilar over vegen på sommaren, mot 816 på vinteren same år.
Tidspunkta og lengda på stenginga fekk næringslivet til å reagere.
– Ei slik stenging ville fått dramatiske konsekvensar for reiselivet midt i turistsesongen, seier Bjørn Lødemel, leiar i Sogn og Fjordane næringsråd.
Mange turistar vel vegen over Utvikfjellet når dei skal til Utvik og vidare mot Stryn.
Foto: Odin Otnes Austring / NRKFleire av reiselivsaktørane på begge sider av fjellet fortel at dei fekk vite om stenginga først førre veke. Dei blei heller ikkje involvert i planlegginga.
– Det er spesielt når dei ikkje får eit varsel på meir enn fem dagar på ein så omfattande stenging. Det er midt i turistsesongen i indre Nordfjord, sjølv om fellesferien er over, seier Lødemel.
Også dagleg leiar i Visit Nordfjord er kritisk til korleis saka er handtert av fylket, og fryktar det vil påverke turismen.
– Ein set trafikken inn på andre omkøyringar, og det kan føre til kanselleringar og ombookingar, seier Lars Gimmestad som er dagleg leiar i Visit Nordfjord.
Turistane på toppen av Utvikfjellet vakna til open veg, og ingen støy frå anleggsmaskinene.
Foto: Odin Otnes Austring / NRKHeller ikkje Stryn eller Gloppen kommune blei involvert i planlegginga, noko begge ordførarane reagerer kraftig på.
Gloppen kommune fekk aldri beskjed om arbeidet, før informasjonen blei offentleggjort.
– Det er kritikkverdig og tar veldig lite omsyn til innbyggjarane, reiselivet og kommersielle behov når det gjeld tidspunktet for vedlikehaldet, seier fungerande ordførar, Jan Ove Rygg.
Fylkeskommunen kontakta Stryn kommune i slutten av juni. Då blei det sendt eit brev til leiinga innan helse og sosial og beredskap. Brevet blir ikkje sendt vidare i kommunen.
Per Kjøllesdal er ordførar i Stryn kommune og fortel at han ikkje fekk vite om planane før 5. august.
Han fortel at brevet ikkje blei sendt vidare i kommunen fordi det ikkje blei noko vidare dialog mellom helseavdelinga og fylket.
I brevet er det ikkje nemnt tidspunkt for stenging, eller dato for arbeidet.
Stikkrennene langs vegen treng vedlikehald, for å sikre at vatn ikkje øydelegg vegen.
Vestland fylkeskommunen legg seg flate, og innrømmer at saka kunne vore handtert betre.
– Vi burde vore grundigare i dialogen på førehand, sånn at dette blei meir føreseieleg før vi starta opp, seier direktør for infrastruktur og veg, Dina Lefdal.
Ho fortel at belastinga på vegen er stor, og arbeidet er naudsynt. Dei ønsker å bli ferdige til vinteren, men jobbar no med ei løysing som ikkje får like store konsekvensar for næringslivet.
– Det er ferietid og ein har vel hatt ønske om å kome i gang så fort etter ferien. Og då har det vel blitt som det har blitt. Så vi må berre beklage det, seier Lefdal.
Dina Lefdal er direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune og innrømmer at dei ikkje har følgt rutinane i denne saka.
Foto: Oskar Rennedal / NRKFylkeskommunen er no i dialog med entreprenøren for å sjå om det er mogleg å flytte stenginga til eit tidspunkt på døgnet trafikken ikkje er like stor.
Så langt har ordføraren i Stryn ikkje høyrt noko frå fylkeskommunen. Han håpar arbeidet kan skje på nattetid, når trafikken ikkje er like stor.
Når arbeidet faktisk startar er uvisst. Prosjektet er rekna å koste om lag 11 millionar kroner. Fylkeskommunen vil ikkje kommentere kva økonomiske kostnadar utsetjinga av arbeidet vil få.
Publisert 12.08.2026, kl. 15.24
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Bil traff autovern – sperrer ett kjørefelt | 0 | 7.68 | 25-07-2026 |
| 2 | EU vil gjøre det helt umulig å kjøre for fort | -2 | 3 | 08-07-2026 |
| 3 | Ведущую из России магистраль закрыли на 12 часов | 0 | 5 | 13-07-2026 |
| 4 | E39 åpnet igjen etter ulykke ved Vikeså – fortsatt lange køer | 0 | 7.44 | 25-07-2026 |
| 5 | Trafikkulykke i Vennesla | 0 | 5.91 | 03-08-2026 |
| 6 | Дорогу на западе Камчатки закрыли из-за шторма | 0 | 0 | 08-11-2021 |
| 7 | На Сахалине открыли участок дороги | 0 | 0 | 15-04-2025 |
| 8 | Крупную автомагистраль остановили на четыре месяца из-за жаб | 0 | 22.5 | 07-08-2026 |
| 9 | Из-за подтопления закрыли еще один участок федеральной трассы "Колыма" | 0 | 0 | 19-08-2025 |
| 10 | Bønder slår tilbake mot «gladtal»: – Altfor tidleg å juble | 0 | 8.1 | 11-08-2026 |